NRK-eksperten hylla Ullevaal-bilda: Så hagla kritikken

2 weeks ago 12



– Eg har lært noko nytt. Er det kødd, tenker eg, seier ein spørjande Kristoffer Løkberg i den ferske episoden av «Bakrommet».

NRKs fotballekspert la før skjebnekampen mellom Noreg og Estland torsdag ut eit bilde på X tatt rett før avspark, der dei norske supporterane viste fram eit stort banner.

«Krutsterk tifo», skreiv Løkberg om bildet med Martin Ødegaard, Erling Braut Haaland, Antonio Nusa og Oscar Bobb i eit vikingskip, seglande mot horisonten.

Responsen kom raskt frå ei rekke X-brukarar:

«Terningkast null»

«Du køddar? Eller seriøst meint?»

«Dette er ein billig plastikk gimmick»

Kristoffer Løkbergs melding på X

Foto: Skjermdump: X/Kristoffer Løkberg

Løkberg tok opp att tråden etter kampslutt.

– Tenk at vi lever i ei tid der det liksom er ein fasit på korleis ein tifo skal sjå ut og kva som er «godkjent» supporterkultur. Gi meg luft! Eg hyllar alle som går på kamp og prøver så godt dei kan for å lage ei fin ramme og god stemning, skreiv han.

– Pisse på alle sjelene som legg ned tallause timar

Etter Løkberg sitt andre innlegg, rann det på med kritikk igjen.

Roar Åkerlund, leiar av Vikings supporterklubb Vikinghordene, omtaler på X det heile som ein bom på ope mål frå Løkberg.

– Det handlar ikkje om fasit eller politi, men om kva tifo og tribunekultur faktisk er. Å kalle dette tifo er å pisse på alle dei sjelene som legg ned tallause timar for å skape ekte tribunekultur, skreiv Åkerlund, som poengterte at han elskar Løkberg, som har spelt fleire år i Viking og nå er speidar i klubben.

Morten Galåsen, programleiar i podkasten Pyro & Pivo var også klar i talen:

– Det hadde tatt seg betre ut om du eigde missen din. Heile poenget med kritikken er at dei som står bak denne ikkje har gjort så godt dei kan. Dei har ikkje prøvd eingong, skreiv han på X.

  • Molde Tifo Rosenborg

    HANDVERK: Store tifoar er noko supporterar legg ned timevis med arbeid og mykje pengar i. Her tifoen til Molde-supporterane frå kampen mot Rosenborg tidlegare i haust.

    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
  • Kanari-Fansen tifo

    CUPSEMI: Lillestrøm-supporterane viste fram denne tifoen før cupsemifinalen mot Kristiansund tidlegare i år. 

    Foto: Jonas Been Henriksen / NTB
  • Store mengder av mennesker i røde og blå regnponchoer står på en stadion. De viser en stor kollektiv plakat med en personportrett og teksten "HENGER'N" i midten. Omgivelsene viser tribunen fylt med fargerike supportere. Arrangementet synes å være en sportsbegivenhet, muligens en fotballkamp.

    HYLLEST: Vålerenga-fansen hylla Terje «Henger’n» Hellerud under 16. mai-runden tidlegare i år. 

    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Bilde viser en fotballtribune med mange tilskuere som heier på laget Brann. Stort banner med teksten "BRANN" og bilder av spillere henger midt i bildet. Mange supports flagg og rødt og hvitt konfet brukes av fansen. Omgivelsene er en stadion med stor kup og himmel i bakgrunnen.

    BRANN: Slik såg det ut på Brann stadion før kampen mellom Brann og Salzburg i kvalifiseringa til Mesterligaen tidlegare i år. 

    Foto: Paul S. Amundsen / NTB

– Hån mot ekte tifoar

Tifo blir brukt som eit omgrep på noko som blir laga og stelt i stand av supporterar, gjerne i form av store banner.

Kritikken som kom frå fleire er at det stod fram som om det var laga av kunstig intelligens, og utan den store jobben som gjerne ligg bak ein stor tifo.

– Det er handverk først og fremst. Det har alltid kravd utruleg mykje av dei som vel å lage ein tifo. Så spolar vi fram til i går. Det er eigentleg eit teikn på kor vi har hamna kulturelt generelt, seier Galåsen til NRK, og viser til KI-bruk i kunst.

Morten Galåsen

KRITISK: Morten Galåsen seier han ikkje vil ha noka definisjonsmakt på kva ein tifo er, men seier tifo før KI-programma dukka opp har vore synonymt med blodslit.

Foto: Tete Lidbom

Han kallar det ein ærleg feil av Løkberg å først melde at det så fint ut, men reagerer desto meir på meldinga fotballeksperten kom med i bakkant, i staden for å da melde at han hadde vore litt raskt ute.

– Eg meiner det hadde tatt seg mykje betre ut for Løkberg sin del, enn at han nærast gjekk til angrep på dei openbert mange som meinte noko av det same som meg, at dette absolutt ikkje er ein fin tifo – om det i det heile er ein tifo. Han er eigentleg ein hån mot folk som eigentleg driv med det.

– Når du seier hån, tenker du da på sjølve tifoen eller Løkberg sin kommentar?

– Haldninga hans til den tifoen meiner eg er ein hån mot ekte tifoar, laga av ekte menneske med ekte målarkostar og ekte idear, pengar og arbeidstimar – og alt som høyrer med, seier Galåsen.

For han er svaret klart på poenget blant anna Løkberg har komme med, med tanke på at alternativet i dette tilfellet hadde vore ingenting.

– Eg meiner heilt klart at ingenting er eit betre alternativ til noko som ikkje er ekte og dermed heller ikkje har nokon sjel, seier Galåsen.

Kristoffer Løkberg

SVARER: NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg.

Foto: Marius Simensen / Bildbyrån

– Det var ikkje meininga å håne nokon som helst. Meininga var å hylle noko som bidra til ei betre ramme på Ullevaal. Men nå har eg lært meir om tifo-kulturen som eg tar med meg vidare. Eg lærer noko nytt kvar dag, svarer Løkberg.

I den ferske «Bakrommet»-episoden tar Løkberg eit oppgjer med det han meiner har blitt ein «latterleg greie i Supporter-Noreg», mens ekspertkollega Carl-Erik Torp seier det ikkje bør overraske Løkberg at supporterane blir sinte. Høyr episoden her:

Selskap bekreftar: – I stor grad laga med hjelp av KI-verktøy

Det er Oljeberget som er supporterklubben for det norske landslaget og som viste fram det store banneret.

Forsongar Halvor Viste Berg og supporterleiar Sebastian Hasselgård Husvik i Oljeberget seier til NRK at dei hyllar norske supporterklubbar som lagar store tifoar.

I arbeidet med banneret som blei vist på Ullevaal, seier Berg at dei blei kontakta av Fotballforbundet ti dagar i førevegen, med spørsmål om ein saman skulle fått til noko.

– Vi fekk litt dårleg tid og da var spørsmålet om du klarer å få til noko på ti dagar, seier Berg, og fortset:

– Vi ønskte å prøve å få til noko entusiastisk, og da tenkte vi at det var betre enn å ikkje gjere noko, seier Berg.

Han forklarer at dei tok kontakt med eit norsk tifo-selskap, som laga eit trykk. Han fortel også at dei var i kontakt med designaren, som bekrefta at han var med på å lage det, men utan at han kjente til om det var brukt kunstig intelligens eller ikkje.

Partnar i selskapet som laga bildet, Kjetil Dahlgren i Profilsport AS, forklarer prosessen slik i ei melding til NRK:

– Grunnbildet er i stor grad laga ved hjelp av KI-verktøy, men designar har også gjort ei rekke manuelle justeringar og tilpassingar undervegs – spesielt på draktene og detaljane som trong finpuss, skriv Dahlgren, og fortset:

– Med tanke på den korte tidsfristen var det mest effektivt å kombinere KI-generering med manuell tilarbeiding. Bildet er ikkje basert på noko eksisterande måleri, men bygd opp steg for steg gjennom mange små KI-promptar og vidare justert for hand der det var nødvendig.

Oljeberget

OLJEBERGET: Halvor Viste Berg (med svart lue) er forsongar i Oljeberget. Her frå kampen torsdag. Han og supporterleiar Husvik fortel at utfordringa til Oljeberget er at dei har medlemmer som er spreidde rundt store delar av landet og få kampar, men at dei ønsker å bygge opp ei stadig større supportergruppe.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Løkberg lovar å stille på dugnad

NRK møtte Oljeberget-duoen i samband med at dei gjesta NRK fredag morgon, der også Løkberg var i studio like etter.

Duoen er tydelege på at dei gjerne ønsker å la seg inspirere og lære av andre norske supporterar.

– Vi er meir enn mottakelege for det. Det er jo draumen vår også på sikt, at vi skal komme dit. Draumen hadde vore ein tifo på heile kortsida. Malt av det norske folket, seier dei.

Da nytta Løkberg moglegheita til å hoppe inn i intervjuet:

– Da lovar eg at eg har lært så mykje under tifo-gate at eg stiller på den dugnaden, seier NRK-eksperten.

– Det tar vi deg på. Det er jo det som er målet og håpet vårt, seier Husvik.

Publisert 14.11.2025, kl. 13.36

Read Entire Article