NRK-ekspertar stussar over kamptidspunktet: – Det er dumt

1 hour ago 1



Torsdag kveld tar Noreg imot Estland i det som vil bli ein heilt avgjerande kamp med tanke på VM-billett for Ståle Solbakken sitt mannskap.

Dersom Noreg vinn mot Estland, må Italia skåre svært mange mål mot Moldova for å i det heile ha ein sjanse til å ta igjen nordmennene.

Sjølv om det er berre eit skrekkscenario som kan sørge for at Noreg ikkje tar seg til VM, har Italia potensielt ein liten fordel.

For blåtrøyene speler ikkje på same tidspunkt som Noreg. Kampen til det norske laget mot Estland blir blåst i gang klokka 18.00 torsdag kveld, mens italienarane spelar kampen sin mot Moldova klokka 21.00.

Stussar: – Kunne vore utslagsgivande

Det vil NRKs ekspertar at skal endrast til framtidige kvalifiseringar, ettersom det kan gi ein fordel til laget som spelar seinast og veit kva konkurrenten har gjort i kampen sin.

– I verste fall kunne det vore ganske så utslagsgivande. Men på torsdag er premissen veldig enkelt. Viss Noreg rotar det til, så kan Italia ha noko å spela på, seier NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.

– Eg tenker favorittane bør spela likt, slik at ein unngår fordelar og ulemper, seier han vidare.

Carl-Erik Torp

STUSSAR: NRKs Carl-Erik Torp er blant dei som helst skulle sett at kampane til Noreg og Italia blei spelte samtidig.

Foto: BILDBYRÅN NORWAY

Likevel kjenner han seg trygg på at denne gongen vil ikkje ha kamptidspunkta ha noko å seie, fordi Noreg har skaffa seg eit strålande utgangspunkt med ein vesentleg betre målforskjell enn dei italienske konkurrentane sine.

– Men for å unngå dette i framtida, bør ein vurdere at dei to antatt beste laga spelar på same tidspunkt dei to siste rundane i kvalifiseringa. Vi vil jo ha det så rettferdig som mogleg, påpeikar Torp.

NRK har prøvd å få ein kommentar frå Uefa om kamptidspunkta, men har foreløpig ikkje fått svar.

– Det er dumt

Torp får støtte av ekspertkollega Kristoffer Løkberg.

– Kampane burde gått på same tidspunkt, det kan ikkje vere så frykteleg vanskeleg, meiner NRK eksperten.

Han fortset:

– Det er dumt. Det burde berre vore sånn, men det er vel TV som rår her. Dei vil nok fordele spenninga utover kveld.

Kristoffer Lie Løkberg

REAGERER: NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg stussar over kamptidspunkta.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Han understrekar at i dette tilfellet, så er han ikkje bekymra på vegner av Noreg – sjølv om dei berre skulle slå Estland med berre eitt mål.

– Det går heilt fint. Eg nektar å tru at Italia skal klare å skåre ti mål mot Moldova. Om du ser på Moldova sitt resultat dei siste åra, så er det berre Noreg som har banka inn fleire enn fem mål. Det er utenkeleg at Italia skal skåre så mange mål, meiner Løkberg.

Slik ser gruppe I ut før dei to siste VM-kvalifiseringskampane for Noreg:

– Kan vere fordelar og ulemper

Solbakken verka ikkje bekymra over kamptidspunkta då NRK stilte spørsmål om temaet på ein pressekonferanse før skjebnekampen.

– Det har eg faktisk ikkje tenkt på. Det kan vere fordelar og ulemper ved det.

– Kva da?

– Fordelen er at om det går veldig bra for oss, så er det ei ulempe for Italia. Går det ikkje så bra for oss, så er det fordel for Italia.

Solbakken

SVARER: Ståle Solbakken tviler på at kamptidspunkta har for mykje å seie på tampen av VM-kvalifiseringa.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Trur du det er sannsynleg at Italia får eit resultat som Noreg mot Moldova, og at dei køyrer over dei?

– Det bryr eg meg ikkje om. Vi må gjere jobben vår, så det har eg ikkje brukt ein kalori på. Dei kan sjølvsagt ha dagen og gjere det, men Moldova har fått ny giv og ny trenar, så det kan bli vanskelegare enn du trur.

Han tenker likevel ikkje mykje på kva som kan gå gale. Han vil heller fokusere på det positive før den viktige heimekampen.

– Eg tenker vi skal vere aggressive og offensive og spele fotballen vi har gjort i lang tid, i staden for å tenke på kva som kan gå gale. Fotball er fotball og om dette hadde vore klart hadde ikkje alle de (pressa) stått her. Det er eit veldig frammøte, og det er vel fordi at alt kan framleis skje.

Søndag ventar Italia i Milano. Då skal VM-kvalifiseringa fullførast, og det mykje til for at det ikkje blir med Noreg på topp av gruppa.

Publisert 13.11.2025, kl. 14.52

Read Entire Article