– Nordmenn i København må bruka stemmeretten. Stem på Pernille, stem på Socialdemokraterne, for det er bra for København.
Det seier finansminister Jens Stoltenberg (Ap).
Sjølv om nordmenn er vane med å sjå han dukka opp i valkampvideoar, er det nok ikkje heilt dagleg kost for danskar.
Stoltenberg har stilt opp i minst to videoar der han snakkar om det danske lokalvalet. I den eine oppfordrar han til å stemma på Pernille Rosenkrantz-Theil, i den andre på Jonas Manthey Olsen.
Båe er på lista til Socialdemokraterne i København i tysdagens lokalval. Klokka 20 stengte vallokala.
Fordi det er lokalval, er det fleire enn berre danske statsborgarar som har stemmerett.
– Me var heilt ærleg starstruck då me skulle møta Jens Stoltenberg, skriv den danske politikaren Jonas Manthey Olsen. Her med Stoltenberg og Pernille Rosenkrantz-Theil, som òg stiller til val for Socialdemokraterne i København.
Faksimile: @socialdemokratietkbh på InstagramStoltenbergs videobidrag fekk Raudt-politikar Mímir Kristjánsson til å rykka ut med ein eigen spøkefull video – retta mot islendingar i København.
– Eg vonar at de stemmer på Enhedslisten. Ikkje høyr på Jens Stoltenberg, alt han seier er berre søppel, seier Kristjánsson på islandsk.
Det er knytt store forventingar til det danske lokalvalet, fordi resultatet kan vera ein peikepinn på korleis det vil gå i folketingsvalet neste år.
Spesielt i København er mange spente på resultatet, fordi det ser ut til at Socialdemokraterne kan tapa valet etter 122 år ved makta.
Og veljarane går ikkje til høgre – dei går lenger til venstre.
Tvilar på effekten
Kva synest eigentleg danskane sjølve om det dei norske politikarane gjer?
– Det kjem ganske overraskande på, seier Jens Ringberg, politisk analytikar i DR.
Han tvilar likevel på at oppfordringane frå dei norske politikarane vil ha stort å seia for valresultatet.
– Heilt ærleg, og med djup respekt for Stoltenberg og det norske folk: Eg trur ikkje det vil gjera nokon forskjell, seier Ringberg.
Likt dei fleste nordmenn har Stoltenberg vore i Danmark fleire gonger. Men det er nok ikkje like mange som har fått ein klem av statsminister Mette Frederiksen.
Foto: Mads Claus Rasmussen/Ritzau Scanpix / Ritzau Scanpix / NTBHan skildrar Jens Stoltenberg som svært populær i Danmark.
– Eg trur ikkje det vil øydelegga hans gode namn og rykte her, men eg trur heller ikkje det vil få nokon særleg effekt på valet. Så «nice try», som det heiter, seier Ringberg og ler litt.
– Fører til støy
– Det er svært usedvanleg, seier Bent Winther, politisk kommentator i den danske avisa Berlingske.
Han kan ikkje huska å ha sett liknande oppmodingar frå andre lands toppolitikarar.
– Synest du det kryssar ei grense når internasjonale politikarar blandar seg i val i andre land på denne måten?
– Ja, det synest eg det gjer. Eg syns ein skal la vera å gjera det, fordi det fører til støy, svarar Winther.
Det danske lokalvalet har skapt mykje spenning. Her frå eit vallokale i København tysdag.
Foto: MARTIN SYLVEST / AFP / NTBHan peikar på at politikarar som allereie sit med makta, kan få ein fordel av at dei kjenner toppolitikarar i andre land og få dei til å stilla opp med slike oppfordringar.
– Det er òg noko som kan utvikla seg til å verta ein kjempetrend, der alle moglege blandar seg, seier Winther.
NRK har gitt Stoltenberg moglegheit til å kommentera kritikken, men har ikkje fått svar.
Ville skapa merksemd om valet
Mímir Kristjánsson (R) seier videoen hans var meint mest som eit spøkefullt svar på videobidraga frå Stoltenberg.
– Eg skjønar at Stoltenberg har betre tak på nordmenn enn eg, så eg måtte finna ei anna gruppe i København. Då tenkte eg at det var islendingane, seier Kristjánsson og ler litt.
Islendingen Mímir Kristjánsson (R) i islendar. Den hadde han òg på seg i videoen der han prøvde å nå fram til islendingar i København.
Foto: Simon Elias Bogen / NRKHan tvilar på at videoane vil ha så mykje å seia for valresultatet.
– Eg vonar jo at det er nokre islendingar der som kjem seg til vallokala og stemmer på Enhedslisten. Men videoen er meir for å skapa merksemd i Noreg om det som er eit ganske interessant val, seier han.
– Ein dansk kommentator meiner det kryssar ei grense og at det kan skapa støy i ein allereie ganske tøff valkamp. Kva seier du til det?
– Eg trur det er litt avgrensa både kor mykje nytte videoane gjer, og mykje skade dei gjer. Og det er kanskje ikkje vits i å ta alt så dødsens seriøst, svarar Kristjánsson.
Publisert 18.11.2025, kl. 20.34



















English (US)