Norske MS-forskarar med gjennom­brot: – Gjev håp

1 hour ago 2



Øivind Torkildsen går på talarstolen med det han meiner er godt nytt.

I fem år har han forska på korleis behandlinga av multippel sklerose (MS) kan bli gjort billigare og dermed meir tilgjengeleg.

No har prosjektet «Overlord» konkludert, og Torkildsen meiner han kan bevise at legemiddelet rituksimab er like bra som den mest brukte medisinen i verda.

– Dei to medisinane er like effektive på alle effektparameter, og biverknadsprofilen er så å seie heilt lik, seier Torkildsen.

Like bra, og mykje billigare.

Det kan få stor betydning internasjonalt.

– Lang prosess

Okrelizumab er det mest brukte legemiddelet for å bremse MS. Somme stader kostar rituksimab berre ein femtiendedel av prisen.

en mann som står foran en laptop

Øivind Torkildsen legg fram forskingsresultata på konferansen til forskingssenteret Neuro-SysMed.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

– Internasjonalt kan dette bety mykje. For i mange fattige land så har ein ikkje råd til ei god MS-behandling, seier Thorkildsen som er professor i nevrologi ved Universitetet i Bergen og overlege på Haukeland.

Dei norske forskingsresultata vert presenterte på ein internasjonal konferanse i Bjørnafjorden kommune ved Bergen.

Mange av dei tilreisande MS-ekspertane gratulerer nordmennene med arbeidet.

– Dette gjev håp, seier Patricia Moghames. Ho er lege og programkoordinator ved den europeiske MS-organisasjonen EMSP.

– Vi må finne ein meir rimeleg måte å behandle MS på. Slik det er i dag er behandling og medisin så dyrt at det rett og slett ikkje er tilgjengeleg for alle.

Moghames påpeiker at det framleis er ein lang veg å gå før den norske forskinga får verdsomspennande konsekvensar.

– Det er ein lang prosess å få godkjent legemiddel. Og særleg vanskeleg kan det vere når det for legemiddelprodusentar står store pengar på spel, seier den libanesiske legen.

en person i hvit skjorte

Patricia Moghames frå EMSP seier studien gjev håp om at fleire kan få hjelp.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Allereie i bruk i Noreg

Mange MS-pasientar i Noreg har allereie brukt rituksimab lenge. Forskingsprosjektet har tidlegare vist at det har hatt god effekt.

NRK har tidlegare skrive om at dette har gjort at fleire MS-pasientar kan få hjelp tidlegare:

Det finst ingen kur mot MS, men legemidla kan bremse effektane av den nevrologiske sjukdomen.

– Veldig mange har tenkt at behandlinga vi har forska på er dårlegare enn den vanlege. Det er mykje internasjonal merksemd kring desse resultata, seier Øivind Torkildsen.

– Det er jo ei lette at den behandlinga vi har gitt norske pasientar er så god som det vi har trudd den er, konkluderer professoren.

En person som står foran en bærbar PC i et klasserom

Ekspertar frå heile verda var til stades på konferansen i Bjørnafjorden.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Publisert 20.11.2025, kl. 21.48

Read Entire Article