Norske barn teiknar bæsj og tiss, men det gjer ikkje dei danske

1 day ago 9



– Tiss, bæsj og rumpe. Det synest norske barn er utruleg morosamt. Akkurat kva som er så morosamt med det, det veit vi ikkje, seier Kirsten Flaten.

Ho er forskar ved Høgskulen på Vestlandet og har arbeidd mykje med spesialpedagogikk, angst og psykisk helse. Den siste tida har ho dykka ned i fireåringar sine teikningar, for å sjå kva som gjer dei glade.

Ein person som ser på ei teikning.

Kristin Flaten ved Høgskulen på Vestlandet deltek i ei forskingsgruppe som samanliknar barneteikningar frå ulike land.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Familie er eit naturleg val for dei fleste. Både i Noreg og Danmark. Men overraskande nok, så er det også store skilnadar. Den typiske underbuksehumoren fann dei berre i ei dansk teikning.

  • Danske barneteikningar

    Danske teikningar skil seg frå dei norske mellom anna i bruken av meir fargar.

    Foto: privat / NRK
  • Danske barneteikningar Foto: privat / NRK
  • Danske barneteikningar

    Regnobogar og fargerike motiv frå leikeplassar var det mange døme på blant dei danske teikningane.

    Foto: privat / NRK

Miljøet påverkar

I Nærleiken barnehage i Førde, så dukkar det opp hus, kattar, ei søster og ein bror når dei skal teikne noko som gjer dei glade. Den dagen vi er på besøk, er det lite bæsj på papiret.

– Bæsj og promp er det mykje snakk om i barnehagen, men ikkje på teikningar. Familien er det kjæraste dei har, så det ser vi mykje, seier pedagogisk leiar Daniel Bydal Ness.

  • en gutt som holder et nettbrett

    Ulrik har teikna søstera si.

    Foto: Eva Marie Felde / NRK
  • en gutt som holder et stykke papir

    Nolan med si fargerike teikning i Nærleiken barnehage.

    Foto: Eva Marie Felde / NRK
  • en jente som holder et stykke papir

    Johanne si fargerike teikning.

    Foto: Eva Marie Felde / NRK
  • en jente som holder en tegning

    Olivia er veldig glad i kattar. Då var det eit sjølvsagt motiv når ho skulle teikne noko ho blir glad av.

    Foto: Eva Marie Felde / NRK

Funna frå forskarane er likevel tydelege. I 20 prosent av dei norske teikningane dukka desse motiva opp. Skilja i motiv går tydeleg på nasjonalitet og ikkje kjønn.

– Det var veldig uventa at det er så store skilnadar, seier Flaten.

På dei danske teikningane var det ting som regnbogar, karusellar og rakettar som kom fram på papira, og skildra som natur. Dei norske ungane tolka snøstormar og havet som natur.

Stor internasjonal interesse

På det vesle kontoret i Sogndal, sit forskaren no med ein ny perm stappfull av teikningar, frå Litauen. Ark på ark med fargerike krusedullar og tydelege motiv.

Kvar teikning har ein lapp der ungane har forklart kva dei har teikna, slik at det er tydeleg for forskarane.

Dei nye teikningane viser same tendens. Familie, om enn i litt mindre omfang, og ingen ungar som morar seg med tiss og bæsj.

Fargesterke teikningar frå Danmark og Litauen, medan dei norske er litt mindre avanserte og blassare.

– Det vi ser er at miljø påverkar dei små borna. Norske born er meir ute i skogen, og har mindre tid til å perfeksjonere teikneferdigheitene, seier Flaten.

Snart kjem det teikningar frå Skotland, USA, Sverige, Spania, Mexico og Tyskland.

  • diagram

    Mens 4-åringar i land som Danmark og Litauen gjerne brukar sterke fargar og teiknar andre ting, er norske jamaldringar gjerne tiss, bæsj, og promp. Her han ein norsk 4-åring teikna bæsj.

    Foto: Høgskulen på Vestlandet / Høgskulen på Vestlande
  • Bakgrunnsmønster

    Ein gut på 4 år har teikna det som skal vere gult gutte-tiss og rosa jente-tiss.

    Foto: Høgskulen på Vestlandet / Høgskulen på Vestlande
  • diagram

    Ein gut på 4 og 7 månader har teikna promp.

    Foto: Høgskulen på Vestlandet / Høgskulen på Vestlande
  • diagram

    Ei jente på 4 år og 4 månader har teikna bæsj, rumpe og promp.

    Foto: Høgskulen på Vestlandet / Høgskulen på Vestlande

– Det er lov å vere blid

Born og unge si psykiske helse er eit av Flaten sine spesialfelt. Og noko av grunnen til at ho har sett nærare på dei yngste sin humor og kva som gjer dei i godt humør.

– Vi må tørre å vende fokus mot det som er kjekt. Alt er ikkje morosamt i livet, og vi skal hjelpe dei som slit. Men det er lov å vere blid og tenkje på det som har vore bra den dagen, seier Flaten.

Ho understrekar at dei som får presentert ei eller 15 barneteikningar ikkje må skryte barnet opp i skyene, men anerkjenne innsatsen og ta seg tid til å smile og le saman med barnet.

– Å kunne dele gleda og få den menneskelege kontakten, og kanskje eit lite smil. Det gir fireåringen ein god dag.

Publisert 11.06.2025, kl. 13.15

Read Entire Article