– Eg sat der og var sjukt redd.
Friidrettsløpar Amalie Sæten var søndag på plass i Castellón i Spania for å sette personleg rekord på ti kilometer gateløp.
Opplevinga blei noko heilt anna enn ho hadde sett for seg.
DRAMATISK: Amalie Sæten kjente alle som kom imot skulle springe henne ned.
Foto: Skjermdump fra Instagram / @alondratexidorGjekk i svart
Allereie ved startstreken merka Sæten at det var svært trongt.
Ifølge 28-åringen sleppte arrangøren dei nest beste løparane fram til dei beste, før alle eliteløparane var på plass. I tillegg blei enkelte løparar presenterte framfor startstreken slik at trykket blei stort både framme og bak ho .
– Eg klarte nesten ikkje å bevege armen. Eg stod med beina tett inntil kvarandre.
Så gjekk startskotet.
– Før eg veit ordet av det så er det fullstendig kaos. Eg ligg på bakken og ser mange folk henge over meg og falle på meg, fortel Sæten.
Kristiansandaren har fleire hol i hukommelsen frå hendinga.
Fleire ville hjelpe ho opp, men til slutt var det ei lagvenninne i Sportsklubben Vidar som kom til unnsetning.
– Men eg kan ikkje hugse at eg snakka med ho ein gong. Så eg trur eg blei heilt sett ut av den situasjonen, seier Sæten.
– Eg trur eg var litt i sjokk.
Les svaret frå arrangøren i botnen av saka.
RUTINERT: Amalie Sæten (28) har representert Noreg internasjonalt fleire gonger. Her etter målgang på 5000 meter under EM i friidrett i 2024.
Foto: Heiko Junge / NTB– Svarte ikkje på spørsmål
Det var klubbvenninna Ine Bakken som hjelpte Sæten. Ho beskriv same situasjon som Sæten, med fleire som kom på og pressa bakfrå.
– Eg hugsar ikkje så mykje sjølv før eg reiste meg opp sjølv. Det var kaos! Eg hadde falle sjølv og låg under, og da det losna, kom eg meg halvvegs opp og såg Amalie sitte på bakken, seier ho, og fortset:
– Min første tanke var at eg skulle hjelpe ho opp. Så eg drog ho opp på veg opp frå mitt eige fall. Vi gjekk nokre meter bortover saman før ho begynte å springe. Amalie var ikkje heilt til stades og svarte ikkje på spørsmål, og såg litt fjern ut.
Dei to møttest etterpå ved målgang.
– Da hugsa ho ikkje noko av dette, seier Bakken, og kallar det ei skummel oppleving.
Forvirra av fyrverkeri
Dramatikken ved startstreken vart filma av Alondra Negrón Texidor frå Puerto Rico.
På nært hald blei ho vitne til scener ho beskriv som skrekkelege. Videoen hennar på Instagram er sett av 272 tusen i skrivande stund.
– Å sjå løparane først falle, før så å prøve og komme seg opp igjen var sjokkerande. Det viser kor raskt ein kaotisk start kan blir farleg, skriv Texidor til NRK.
Ho påpeikar også noko anna som gjorde starten kaotisk.
I GOD FORM: Amalie Sæten er Noregs fjerde raskaste kvinne på 5000 meter gjennom tidene. Her frå ei tidlegare sak.
Foto: Siri Kvehaugen Saugstad / NRKIdet startskotet gjekk blei det nemleg sendt opp fyrverkeri. Fleire av løparane oppfatta det som eit nytt skot frå startaren, noko som i friidrett betyr omstart.
Sætens sambuar og trenar, Ådne Andersen, var også med på kaosstarten. Han fall ikkje sjølv, men då han høyrde fyrverkeri snudde han for å starte på nytt.
– Men så ser eg at feltet kjem seg opp. Eg ser ikkje Amalie, men eg ser det kjem løparar på løparar, og det er fullstendig kaos, fortel Andersen som sekund tidlegare høyrde Sæten hyle idet ho fall.
Verken sambuarparet eller Texidor har høyrt om at nokon blei alvorleg skadde i hendinga.
Likevel prega starten stemninga i målområdet.
– Fleire av dei som låg rundt meg, var mine eigne klubbvenner. Så eg følte at gruppa vår blei veldig hardt ramma, fortel Sæten som var der med rundt ti lagkameratar frå Vidar.
Prega løpet
Ho kom frå det heile med skrubbsår på kne, hofter og olboge.
– Det kunne gått så sjukt mykje verre, samanfattar ho.
Sæten hadde som mål å springe under 32 minutt, men enda halvtanna minutt bak det.
– Eg gav på ein måte opp fordi eg kjente meg heilt rar i kroppen etter det. Og så var det vanskeleg å omstille når det hadde skjedd.
– Det er utruleg kjedeleg når eg har brukt ei veke på å lade opp til det løpet, og eg kjente meg ordentleg klar. Ein veit aldri om ein får desse forholda, og løypa var sinnssjukt rask.
SKRUBBSÅR: Amalie Sæten kom seg frå sjokket, og fekk etter kvart god driv på sin ti kilometer. Ho blei nummer 28 på tida 33.35.
Foto: amalieaeten / InstagramNRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal forstår at det er bittert når ein har lagt så mykje i førebuingane.
– Det skjer relativt ofte fall i starten på slike massemønstringar, men sjeldan massefall som dette, heldigvis, seier Rodal.
Han påpeikar kor viktig det er at arrangøren har kontroll på dei ulike gruppene i starten.
Til NRK skriv arrangøren at dei nest beste utøvarane ikkje respekterte gruppeinndelinga som hadde blitt gjord, og kryssa markeringsteipen utan at arrangøren fekk det med seg.
Dei meiner massefallet skjedde etter at ein utøvar sitt fall skapte ein dominoeffekt.
Til neste gong vil dei forhindre eit slikt fall ved at eliteløparane startar som ei eiga gruppe på eit tidlegare tidspunkt.
Ifølge arrangøren har dei brukt fyrverkeri i 16 år utan at det har skapt uønskte hendingar. I framtida vil dei utsette eller droppe fyrverkeriet for å unngå forvirring.
USA tok OL-gullet med seg hjem
Publisert 24.02.2026, kl. 12.39 Oppdatert 24.02.2026, kl. 12.58
















English (US)