Norsk politi vil patruljere saman med svensk politi

1 month ago 24



– Svenske og norske kriminelle samarbeider over grensa, og aktiviteten frå svenske gjengkriminelle på norsk jord er blitt meir synleg.

Det skriv Politidirektoratet i eit brev til Justisdepartementet.

Dei skildrar situasjonen som alvorleg og ekstraordinær, og meiner det er utstrekt behov for samarbeid mellom politiet i Noreg og Sverige.

I brevet skriv dei også at dei er uroa for koplinga mellom svenske og norske kriminelle nettverk.

I år brukar regjeringa 300 millionar kroner på å overvinne kriminelle nettverk.

Politiet etterforsker ved Oslo S etter at en 16 åring ble knivstukket sent fredag kveld.

Politiet under ei etterforsking i Oslo.

Foto: Adnan Ayanle / PSP

Felles politipatruljar bør bli neste reiskap mot den grenseoverskridande kriminaliteten, meiner politidirektoratet som no legg fram dette forslaget for justisministeren.

– Vi ser konkret svenske kriminelle med valdskapital som blir hyra inn av norske kriminelle for å gjere oppdrag i Noreg.

Det sa politidirektør Benedicte Bjørnland i vår, då det første spadetaket for ein ny norsk-svensk politistasjon på grensa ved Magnormoen i Innlandet vart teke.

Ifølgje henne har politiet også opplysningar om at norske kriminelle ønskjer å kjøpe våpen og eksplosiv frå Sverige.

Politidirektør Benedicte Bjørnland

Politidirektør Benedicte Bjørnland.

Foto: Heiko Junge

Fleire har ropt varsku om den grenseoverskridande kriminalitetsutviklinga.

No har Innlandet og Trøndelag politidistrikt har bedt Politidirektoratet om å få setje i gang «sampatruljering» med svensk politi. Dette kan la seg gjennomføre, svarer direktoratet.

I eit brev til justisdepartementet legg direktoratet til grunn at «den grenseoverskridande kriminaliteten blir rekna som alvorleg og ekstraordinær, og dermed skil seg frå ein ordinær situasjon som nasjonalt politi er venta å handtere på eiga hand».

Utfordringar med våpen

I brevet frå Politidirektoratet står det ikkje noko nærmere om kvar patruljeringa skal foregå.

Felles patruljering vil i hovudsak måtte skje i Sverige etter ønskje frå svensk politi, fordi dagens regelverk ikkje opnar for gjentakande grensekryssingar mellom Noreg og Sverige.

På spørsmål om dette gjer det vanskeleg å gjennomføra politisamarbeidet så tett som dei ønskjer, svarer statssekretær Sigve Bolstad (Sp) i Justisdepartementet at dette er noko dei skal sjå på.

Sigve Bolstad

Sigve Bolstad (Sp) er statssekretær i justisdepartementet.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

– Er det ei utfordring å sleppe svensk, væpna politi inn i Noreg?

– Frå departementet si side kjem vi til å vurdere det som står i brevet frå politidirektoratet, og vi kjem til å gi eit snarleg svar på det.

– Vil dette utvida samarbeidet krevje ekstra mannskap i dei aktuelle politidistrikta?

– Det vil til ei kvar tid vere ei løpande vurdering.

Bolstad vil ikkje svare på om forslaget er avklart med svenske styresmakter, og heller ikkje seie noko om når ei «sampatruljering» kan vere i gang.

Politistasjon på begge sider

I mai vart det første spadetaket for ein svensk-norsk politistasjon tatt på Magnormoen i Innlandet.

Den skal stå ferdig i 2025, og er den første av sitt slag. Bygget strekkjer seg over både den norske og svenske sida av grensa.

– Dette er ein veldig viktig stasjon for at det norske og svenske politiet skal kunne samarbeide endå tettare, sa justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) då.

Fellestenesta til politiet har tidlegare konkludert med at eit felles bygg for norsk og svensk politi er den beste løysinga for å førebygge grensekryssande kriminalitet.

Politistasjon

Slik skal den nye politistasjonen sjå ut. Statsbygg skal bygge stasjonen, som blir på rundt 1350 kvadratmeter.

Foto: Statsbygg / NTB

Nettverk med fotfeste i Noreg

Ifølgje Kripos er det registrert kriminelle nettverk i samlege politidistrikt.

– Vi har eksempel der Foxtrotnettverket tilbyr sine tenester til norske kriminelle nettverk. Det er også andre svenske organiserte kriminelle som gjer tenester for norske kriminelle i Noreg, har Kripos-sjef Kristin Kvigne tidlegare sagt til NRK.

Ho har også uttrykt uro for om norsk politi har nok ressursar til å handtere dei svenske gjengane.

Kristin Kvigne, Kripos

Kripos-sjef Kristin Kvigne.

Foto: Eirin Tjolot / NRK

– Vi må vere merksame på at terskelen for å etablere seg i Noreg blir lågare, seier Kvigne.

Ho understreka at det ikkje er svenske tilstandar i Noreg, men at ein skal vere varsam med å tenkje at nettverka i Noreg ikkje er like farlege.

Den siste tida har det vore fleire døme på kriminalitet i Noreg der svenske kriminelle har vore involvert.

Sommaren 2021 starta blant anna politiet å etterforske smugling av narkotika frå Sverige til Noreg. Kripos meiner eit kriminelt nettverk smugla kokain, heroin og andre narkotiske stoff til ein verdi av fleire hundre millionar kroner.

Store delar av stoffet skal ha blitt smugla inn gjennom små skogsvegar ved Eidskog i Innlandet over grensa frå Sverige.

Bilder tatt fra nettverkets telefoner

Medlemmar av nettverket delte bilde som dette med kvarandre.

Foto: politiet / politiet

– Eit ønskje om å forsterke

I haust møttest dei nordiske polititoppane for å styrke samarbeidet mot organisert kriminalitet. Dei nordiske landa har eit felles regelverk, der dei kan låne politi seg i mellom.

Norsk og svensk politi forsterker samarbeidet mot organisert kriminalitet

Anders Thornberg i det svenske politiet og politiinspektør Benedicte Bjørndalen.

Foto: Martin Solhaug Standal / NTB

– Når det gjeld store folkemengder og vald, har vi hatt medarbeidarar frå norsk og dansk politi som har samarbeida med svensk politi tidlegare. Vi kan gjere slike forsterkingar, men vi er ikkje der enno, seier Thornberg.

Det sa Anders Thornberg, rikssjef i det svenske politiet, då.

Politidirektoratet har bedt Justisdepartementet om svar denne veka. På spørsmål om dette kan bli ei langvarig løysing, svarer statssekretæren følgjande:

– Det som er viktig er at vi har eit godt og tett samarbeid med svensk politi. Det har vi i dag, og det er eit ønskje om å forsterke det.

Publisert 13.08.2024, kl. 06.37

Read Entire Article