Sørloth-scoring i Madrid-derbyet
Alexander Sørloth teikna seg på scoringslista i det som er blant dei største kampane i sesongen for Atlético Madrid.
Heimelaget låg under 1–2 rett før pause mot Real Madrid etter scoringar av Kylian Mbappé og Arda Güler. Men så dukka Sørloth opp.
Inne i feltet heada han inn utlikninga for Atletico. Det er nordmannens andre scoring for klubben denne sesongen.
Etter pause scora Julian Alvarez to gonger for heimelaget, før Antoine Griezmann sørgde for at Atlético Madrid vann derbyet 5–2.
Atletico er no seks poeng bak Real Madrid som toppar tabellen.
Liverpool tapte på overtid
Med berre sekund igjen av kampen rauk den ubesigra rekka til Liverpool.
I første omgang scora Ismaïla Sarr for heimelaget, og Liverpool skal prise seg lykkelege for at dei hadde Alisson Becker i mål, for Palace kunne fint leia med fleire mål.
Etter pause spelte ligaleiaren betre. Like før fulltid viste Federico seg som ein superinnbytar da han sette inn utlikninga.
Etter 96 minutt banka Eddie Nketiah inn sigersmålet. Liverpool hadde vunne alle dei fem første kampane i ligaen, men mot Crystal Palace sa det stopp. Liverpool er framleis på toppen av tabellen.
Haaland mestscorande nordmann i Premier League
Manchester City sleit ein stund med Burnley, men i andre omgang var ting tilbake til normalen. Med både målgivande og mål for Erling Braut Haaland.
Haalands to mål gjer han til tidenes mestscorande nordmann i Premier League med 93 scoringar. Den førre rekorden delte han med Ole Gunnar Solskjær som noterte seg for 91.
Det var etter pause Haaland og Manchester City vakna. Først fekk Haaland målgivande da heimelaget gjekk opp til 2-1.
På overtid hadde han gått lenge nok utan scoring. Først sette han enkelt inn Citys fjerde, før han utnytta ein feil i Burnley-forsvaret og blei tomålsscorar like før slutt.
Haaland er toppscorar i Premier League med åtte scoringar.