– Det verkar som ei felle. Dei ber deg komme inn, og du trur det skal gå bra, men det er det stikk motsette som skjer, seier ektemannen til kvinna i 20-åra.
Måndag blei ho arrestert i den amerikanske byen San Diego.
Det skal ha skjedd då ho møtte opp hos amerikanske utlendingsmyndigheiter for å formalisere opphaldsløyvet sitt.
I staden for eit godkjent visum blei ho pågripen av Immigration and Customs Enforcement (ICE) inne på kontoret, hevdar ektemannen hennar.
Han forklarer at dei var på kontoret i omtrent halvannan time. Etter at ho hadde tatt ein eid og skulle signere papira, blei ho beden om å snakke med betjentar og seinare fengsla.
NRK har vore i kontakt med Utanriksdepartementet (UD), men dei har førebels ikkje svart på førespurnaden.
Kvinna i 20-åra sit no fengsla ved Otay Mesa Detention Center, viser dokumentasjon NRK har sett.
– Eg er bekymra for helsa hennar, seier ektemannen.
– Slit med å sove
Kvinna har diabetes type 1 og er avhengig av insulin.
Ifølge ektemannen har kvinna ikkje tilgang på rett medisin. Han er også bekymra for kosten ho får i fengselet.
– Ho slit med å sove og frys. Ho har lite klede og berre to teppe.
Kvinna frå Nordland sit no fengsla ved Otay Mesa Detention Center.
Foto: Gregory Bull / AP / NTBNRK har vore i kontakt med den amerikanske ambassaden i Noreg, men dei viser til ICE. NRK har vore i kontakt med ICE, som seier dei kjem tilbake med ein kommentar.
Til ABC 10 News San Diego seier dei som driv fengselet, Core Civic at dei ikkje kan kommentere enkelttilfelle, men at dei er forplikta til å gi helsehjelp alle innsette. Det gjeld også dei med diabetes.
NRK kjenner identiteten til kvinna, og har vore i kontakt hennar næraste pårørande i Noreg. Dei er kjend med at NRK omtalar saka.
Var i landet utan visum
Bakgrunnen for pågripinga skal ifølge amerikanske medium vere at ho oppheldt seg i USA med utgått visum.
Nordlandskvinna kom til landet i juli 2022 på studentvisum. Ifølge ektemannen fekk ho seinare arbeidsvisum, som gjekk ut i juli 2024, og paret gifta seg i oktober same år.
Ifølge ABC 10 News San Diego blei ho arrestert fordi ho i intervjuet med amerikanske innvandringsmyndigheiter erkjente at ho hadde blitt verande i landet sjølv om visumet hadde gått ut.
ICE er det føderale amerikanske utlendingspolitiet som handhevar mellom anna immigrasjon. Dei driv også internerings- og deportasjonssenter.
Foto: Yuki Iwamura / AP / NTBAdvokaten til paret seier likevel at ekteskapet er ekte, og at nordlandskvinna ikkje har noko kriminelt rulleblad, ifølge ektemannen.
– Advokaten seier det kjem eit direktiv ovanfrå om å arrestere alle som har blitt verande etter visumet har gått ut, seier han.
Vil lauslate henne
Advokatar og organisasjonar i San Diego har den siste veka varsla om ein ny praksis der Ice-agentar opererer inne i USCIS-bygningar, skriv ABC 10 News San Diego og Border report.
Dette har NRK spurt amerikanske styresmakter om, men har førebels ikkje fått svar på dette.
Mannen til nordlandskvinna beskriv situasjonen som sjokkerande.
– Éin augeblink planlegg du frukost, det neste planlegg du kontakt med ein advokat, seier han.
ICE uttalte generelt til ABC og Border report tidlegare i veka at dei prioriterer nasjonal sikkerheit og at personar som oppheld seg ulovleg i USA kan bli pågripen også ved føderale kontor.
Ifølge ektemannen prøver advokaten å få kona ut mot kausjon. Det skal vere ei høyring om dette på måndag.
Publisert 21.11.2025, kl. 13.43
















English (US)