Norge bør seia ja til Macrons atom­paraply

1 day ago 3



GJESTEKOMMENTAR: Åleinegangen til USA og Israel forsterkar drift mot ei todeling av vesten. Det bryggjer opp til strid om norsk tryggings- og utanrikspolitikk.

I ei verd der USA ikkje lenger er ein påliteleg storebror, bør ein leggja seg på minnet kva Canadas statsminister, Mark Carney, sa i talen sin i Davos 20. januar. Foto: Sean Kilpatrick / AP
  • Svein Erik Tuastad

    Svein Erik Tuastad

    Statsvitar og dr. polit., UiS

Publisert: Publisert:

For mindre enn 1 time siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

I den fine, vesle boka Hva skjer med verda er statsvitaren og utanrikseksperten Iver B. Neumann ganske treffsikker i analysane sine, vil eg påstå. Boka kom ut sist sommar. Neumann var i ferd med å sette punktum i det USA og Israel slo til mot Iran første gongen i 12-dagarskrigen i juni. Neumann såg for seg også den typen nye angrep som USA og Israel no er i gang med.

Eit hovudpoeng for han er at det nye USA vi ser, ei dominerande stormakt som bruker hard makt for å fremje snevre eigeninteresser, vil vare ved. Det kjem nye «Trumpar». Tryggingsgarantien frå USA har no vorte uklar. Og får ikkje USA viljen sin, risikerer land å verte straffa. Kritikk vert farleg; statsleiarar audmjukar seg sjølv for å blidgjere Trump. For Neumann er konklusjonen klår: «Europa og Norge må klare seg sjølv».

I denne situasjonen kan ikkje land som Norge halde fram som om ingenting har skjedd. Men vi må likevel for alt i verda unngå eit snarleg brot, ifølgje Neumann. Samstundes bør vi arbeide for ei mest mogleg langstrekt, styrt justering, meiner Neumann.

For dei som er samde med Neumann, sjølv er eg blant dei, kallar situasjonen slik på nyorientering i norsk politikk. Då kan den ganske breie semja vi har hatt om tryggings- og utanrikspolitikk i fleire år, verte avløyst av hardare motsetningar.

Kva bør kome i staden for dagens politikk?

Eit vegkart

Den 20. januar heldt Mark Carney, statsministeren i Canada, ein oppsiktsvekkjande tale i Davos, under Verdas økonomiske forum; avisa Dag og Tid omsette og trykte heile talen. Carney slo fast at sidan den eksisterande regelstyrte verdsordenen bryt saman, vert maktbindinga av stormaktene stadig svakare. I denne situasjonen, sa Carney, må dei mellomstore landa, som Canada og landa i EU, finne saman i nye, tettare alliansar. Vi må unngå å verte kasteballar som lèt som vi har suverenitet når det faktisk betyr å alltid vere ettergjevande. Hans analyse er i realiteten den same som Neumann konkluderte med i si bok.

«Ein verdibasert realisme» er ei omgrepsfesting av det same, eit uttrykk den finske presidenten Alexander Stubb lanserte i ei ny bok og i Foreign Affairs nyleg. I den utanrikspolitiske orienteringa til Stortinget sist tysdag var tankegangen til utanriksminister Espen Barth Eide lik den som Stubb står for.

Eg vil påstå at Barth Eide og Stubb underkommuniserer at med omsyn til folkerett og åleinegang er Trump prinsipielt på linje med Putin og Xi Jinping i Kina. Dette er ein viktig grunn til at vi på sikt treng ei nyorientering i norsk utanrikspolitikk. Vi ser konturane i det som Støre og Barth Eide kallar ein garderingsstrategi for Norge. Garderingsstrategi inneber å samarbeide med USA, men samstundes vere budd på overraskingar. Opp mot Kina handlar det om å verte mindre sårbare, til dømes når det gjeld viktige mineral.

Atomvåpen-paraplyen

At land som ikkje er under ein atomparaply, vert meir sårbare for press, er eit vanskeleg, nærståande tema. Eit aggressivt Russland må oppleve at terrorbalansen er reell, elles kan dei bruke atomvåpentrugsmål som ledd i krigføring. Det gjer at eit snarleg brot med USA og eit sambrot i Nato, vil vere ein tryggingspolitisk katastrofe. Men spørsmålet om ei gradvis omforming av tryggings- og utanrikspolitikken trengjer seg likevel på.

Det er i denne samanhengen vi må forstå initiativet til den franske presidenten Emmanuel Macron om å auke fransk atomvåpenproduksjonen og dele atomvåpengarantiar. Auka produksjon er svært dyrt. Nordiske land inkludert Norge er inviterte til samtalar om planane og kanskje betalingsspørsmål også. Basepolitikken der Norge er ei atomvåpenfri sone, vil same kva halde fram.

Kva bør Norge gjere?

I norsk politikk står vi føre tre alternativ. Først, Frp og Sp, delvis KrF, vil truleg halde fram med å støtte USA fullt ut. Så vil SV og Raudt bryte med USA utan tettare band til EU. For det tredje hallar Ap, Høgre, Venstre og MDG mot regional integrasjon: lausare band til USA og parallelt tettare til EU. Interne usemjer kan oppstå særleg i Høgre og Ap.

Slik eg ser det, vil det å bryte med USA utan å etablere eit nytt samarbeid som inkluderer truverdig kjernefysisk avskrekking, gjere oss for sårbare. Og om vi held fram som no og satsar på at tilhøvet med USA skal betre seg, vert vi tvungne til å vere ettergjevande når nye typar som Trump kjem til makta.

Eg meiner difor at vi på sikt er tente med å studere nøye vegkartet den kanadiske statsministeren Mark Carney presenterte – verdibasert realisme og regional integrasjon som vil kunne inkludere både EU, Canada og fleire. Skal det verte ein truverdig politikk, lyt verdiforankringa kombinerast med felles styrkeoppbygging og atomvåpenparaply. Så vi må lytte til Macron, og det vil sitje langt inne.

Etter ein periode med historisk sterk semje i tryggings- og utanrikspolitikk kan vi no vente det motsette. Debatten kan bli hard, men han er naudsynt.

Publisert:

Publisert: 7. mars 2026 20:04

Read Entire Article