Limo har lagt bak seg ein kanonsesong med eit rekordras av dei sjeldne. På totalt åtte distansar har han sett «pers».
Den 5. april 2025 leverte han eit kjempeløp i Drammen, da han sprang 28.04 på 10 kilometer gateløp. I samband med dette løpet blei han testa.
I november kom nyheita frå Friidrettens etterforskingseining (AIU) om at han er utestengd for bruk av ulovleg middel – og for «tampering», skreiv AIU i ei fråsegn.
Nå er dommen klar, og AIU har vedtatt at Limo blir utestengd i fem år på grunn av den positive urinprøva som blei avlagd i Drammen.
Prøva inneheldt for høge verdiar av Salbutamol. NRK-ekspert Vebjørn Rodal er ikkje overraska over dommen.
– Det viktigaste er at dei klarer å fange opp doperane og få dei ut. Men det som bekymrar meg meir, er at den litt endelause rekka av kenyanske positive prøver ikkje ser ut til å ta slutt, seier Rodal.
SKEPTISK: NRK-ekspert Vebjørn Rodal er lei av at kenyanarar stadig blir utestengde for dopingbruk.
Foto: Bent Lindsetmo / NRK Trondelag– Eit forsøk på å lure
AIU legg til grunn at Limo får strengare straff på grunn av «tampering».
«Tampering» betyr at du oppgir feilaktige opplysningar eller hindrar antidoping-arbeidet.
– Eit forsøk på å lure dopingmyndigheitene på eit vis, forklarer Rodal.
Det er halvtanna år sidan Limo vann Oslo halvmaraton. I det løpet blei norske Vebjørn Hovdejord nummer tre.
Utestenginga for Limo gjeld frå 5. april 2025, og han beheld derfor både sigeren i Oslo halvmaraton og Drammen halvmaraton frå 2024.
– Det er bra at dei som juksar blir tatt. Det synest eg ikkje noko om. Det er enda verre å bli slått når han har juksa seg til ein siger, seier Hovdejord til NRK.
IKKJE FORNØGD: Vebjørn Hovdejord.
Foto: Marie Belseth Sanden / NRK– Grisetrist
Limo var ein del av satningsprosjektet «Evo talent» i 2024, ei gruppe med fleire barn og unge.
– Det offisielle samarbeidet vårt gjekk ut i fjor. Men vi har hatt sporadisk kontakt. Eg synest berre det er grisetrist. Med tanke på det regimet norske utøvarar ligg under med Antidoping Norge, og kor hardt dei jobbar. Så kjem det folk som ikkje har reint mjøl i posen. Det er pissirriterande, seier André Hjorteseth i RUNDRM til NRK.
Han fortel vidare at dei har brukt store ressursar på å få løparar, som Limo, til å konkurrere i Drammen.
– Nå snakkar eg generelt. Men det begynner å bli grovt, da. Med tanke på Kenya og doping. Og det synest eg er forbanna trist. Eg trur at ei kulturendring må til, seier han og fortset:
– Det er jo ein kjempestor risiko for oss nå. Men vi tar jo ikkje den risikoen nå igjen, for det er jo lotto når det er så mykje folk som blir tatt heile tida, seier Hjorteseth.
NRK har prøvd å kontakt med Limo via Hjorteseth heilt sidan november, men har ikkje lykkast å få svar.
Mange kenyanarar tatt i doping
Limo er den siste i ei lang rekke av kenyanarar som blir utestengde for doping.
– Eg veit det er ein god del frå Kenya som blir tatt nå for tida. Det er bra at dei får lukt ut dei, seier Hovdejord som blei nummer tre i Oslo halvmaraton i 2024.
Rodal er bekymra for utviklinga.
– Eg blir dessverre ikkje lenger overraska over at austafrikanske løparar blir tatt for doping. Det som eg synest er urovekkande er at stadig fleire hoppar over banefriidrett.
Han peikar på at stadig fleire unge austafrikanske løparar prøver seg i gateløp i staden for baneløp.
Det er fleire moglegheiter for utøvarar å vinne pengar, på grunn av at det er fleire løp.
– Eg mistenker jo at det ikkje berre er det kommersielle heller. Når vi ser det kraftige omfanget av positive kenyanske testar, så kan det vere tilbøyeleg til å tru at dei også gjer det for at det blir opplevd som ein arena der det er litt enklare og litt tryggare å dope seg, seier Rodal.
Publisert 27.01.2026, kl. 13.42 Oppdatert 27.01.2026, kl. 13.56









English (US)