Noregsmeisteren gjekk ned ti kilo på åtte dagar: – Eg laug til alle rundt meg

1 month ago 16



– Det sjukaste eg gjorde var å gå ned ti kilo på åtte dagar. Det er det verste eg har gjort, og noko eg aldri skal gjere igjen.

Det fortel Jesper Rogstad til NRK om ein periode i livet der han satsa alt på å bli best i idretten sin.

Rogstad er å sjå i den aktuelle NRK-serien «Norges tøffeste». Da han gjekk på vidaregåande var fokuset på noko heilt anna, nemleg å bli best i taekwondo.

I ein alder der kroppen var i full utvikling gjekk 17-åringen frå -68-kiloklassen til -63-kiloklassen i taekwondo. Det gjorde at han måtte ned enda fleire kilo før konkurransar.

Kroppen min skulle eigentleg bli til ein mann, men i staden blei eg berre liggande og svelte meg i hel på eit mørkt rom.

Laug om eiga vekt

Rogstad begynte med taekwondo fordi han ville knuse murstein og imponere andre. Etter kvart såg trenarane eit stort potensial i ungguten.

– Da eg var elleve år gammal sett trenarane mine meg opp mot dei eldre gutane, det enda med at eg banka dei òg. Det var utruleg kult og gav meg motivasjon til å halde fram med idretten.

14 år gammal vann han det første NM-gullet sitt for utøvarar under 18 år. Nokre år seinare stod han med to NM-gull på seniornivå i -68-kiloklassen.

Jesper Rogstad

GULL: I 2018 tok Rogstad sitt andre NM gull på senior-nivå i – 68-kilosklassen.

Foto: Privat

Men etter fleire år på toppnivå seier til slutt kroppen stopp. Rogstad merkar etter ein lengre periode med eit altfor lågt energinivå at noko må endrast.

– Da eg gjekk ned ein vektklasse måtte eg gå ned nærare tolv kilo før konkurransar for å kunne delta. Det førte til at eg mista overskotet ein ung person skal ha til å kunne vere sosial og gjere noko anna enn å sove og trene.

– Var det ingen som reagerte på dette?

– Problemet var at eg laug til alle rundt meg om kor mykje eg eigentleg vog. Dei rundt meg trudde eg vog rundt 68 kilo, da sanninga var at eg eigentleg vog nærare 75 kilo, seier Rogstad og legg til:

– Det er eit stort usunt vektpress i idretten, og at eg ikkje var ærleg om mi eiga vekt gjorde at folk ikkje forstod kor ille det var, og det angrar eg på den dag i dag.

– Farleg for liv og helse

Kristin Lundanes Jonvik er utdanna klinisk ernæringsfysiolog og forskar ved Noregs idrettshøgskole. Ho fortel at denne slankemetoden blant unge kan ha dramatiske konsekvensar.

– Når du går ned så mykje i vekt på så kort tid kan du bli ekstremt dehydrert, noko som kan vere farleg for liv og helse. Du kan også miste mykje muskelmasse som vil vere ugunstig for presentasjonane i idretten, seier Jonvik.

Kristin Lundanes Jonvik

EKSPERT: Kristin Lundanes Jonvik er utdanna klinisk ernæringsfysiolog ved Universitetet i Oslo, med etterutdanning som idrettsernæringsfysiolog.

Foto: Norges Idrettshøgskole

Konsekvensar på litt lengre sikt er metabolismen og skjelettstyrken til utøvarane.

– Når du tyner kroppen i så stor grad vil det påverke forbrenninga i kroppen din, og det vil gjere det vanskelegare for utøvarane å gå ned i vekt i framtida, seier Jonvik og legg til:

– Kroppen til utøvarar i denne alderen ikkje er ferdig utvikla. Det gjer dei meir sårbare enn vaksne. Det gjeld blant anna skjelettet. Låg tilgang på energi kan svekke skjelettstyrken som gjer deg meir skadeutsett enn andre, og som kan føre til beinskjørheit.

Den generelle oppfordringa til unge utøvarar i vektklasseidrettar er at dei burde gå opp ein vektklasse for å unngå konsekvensane av vektreduksjon sjølv om det kan gi dårlegare resultat på kort sikt.

Det vil legge til rette for ein lang idrettskarriere med god helse og betre resultat på lang sikt.

Jonvik poengterer også kor viktig det er med ein kultur for openheit mellom utøvarar og dei rundt.

– Skal du ha eit avslappa forhold til kropp og vekt er det kjempeviktig med openheit. Ideelt sett skulle ein sett at kropp og vekt ikkje var så viktig, men i vektklasseidrettar kjem ein ikkje utanom det.

Fagsjef for ernæring ved Olympiatoppen, Ina Garthe, fortel at studiar har vist at utøvarar ofte er klare over dei fysiske og psykiske belastningane som vektreduksjon fører med seg.

– Det er likevel ofte éin av fleire årsaker som speler inn når utøvar opplever at press og stress rundt mat og vekt overskygger gleda og leiken i idretten, og gir seg før dei har nådd potensialet sitt som utøvar, skriv ho i ein e-post til NRK.

– Tærte på den psykiske helsa

Grunnen til at Rogstad valde å bli i vektklassen sin i staden for å gå opp igjen, var føresetnadene han hadde samanlikna med motstandarane.

– Dei i -68-kiloklassen var lengre enn meg og hadde betre rekkevidd, som er ein stor fordel i sporten. Da blei eg rett og slett litt for liten mot dei gutane.

NM 2019 i Taekwondo, Jesper Rogstad

HØGT SPARK: NM i 2019 blei Rogstads siste noregsmeisterskap før han la satsinga på hylla, det enda med ein sølvmedalje.

Foto: Privat

I 2019 tok han sølv i NM, og samtidig som sesongen var i gang valde Rogstad å vere open med dei rundt seg om vekta og kva som eigentleg gjekk føre seg.

– Det tærte heilt sjukt på den psykiske og fysiske helsa slik eg heldt på. Eg fortalde derfor dei rundt meg kva eg vog og korleis eg heldt på, og da fekk eg rett og slett ikkje lov lenger til å halde på med dette.

I 2020 la han satsinga på hylla, og bestemte seg for å fokusere meir på styrketrening og eit sunt kosthald. Når han tenker tilbake på karrieren angrar han på ein spesiell ting.

Eg er litt misfornøgd med eiga dømmekraft, og burde vore meir open med dei rundt meg. Eg burde akseptert at eg var så tung og gått opp ein vektklasse, og tatt den utfordringa med å bli best der.

Vil redusere fokuset på vekt

Generalsekretær i Norges Kampsportforbund, Kim Eilertsen skriv i ein e-post til NRK at dei synest det er svært beklageleg at ein utøvar har hatt ei slik oppleving.

– Norges Kampsportforbund er klar over risikoen for overdrive fokus på vekt i idrettane vi organiserer, og jobbar for å redusere denne, skriv Eilertsen.

I 2021 skreiv Norges Kampsportforbund at den norske landslagsleiinga i taekwondo ved David Cook og Mikael Oguz såg at idretten deira på internasjonalt nivå hadde ein usunn kultur rundt slankepress og ekstrem vektkutting.

Dei sende da ei bekymringsmelding til World Taekwondo (WT) som resulterte i at det blei gjort regelendringar i det internasjonale forbundet.

Reglane som blei innførte av WT går ut på at utøvarane ikkje kan vege meir enn 5 prosent av vektklassen sin om ein blir plukka ut til ein kontrollvekt-kontroll på morgonen på kampdag.

– Noreg foreslo at denne grensa skulle vere på 2 prosent, men i eit stort internasjonalt forbund med mange eigeninteresser er vi uansett fornøgd med å ha fått gjennomslag og oppnådd dette kompromisset som forhåpentleg vil bidra til at spekulering i vektkutting minskar betrakteleg.

Hvor mye kan KFUM-spillerne om Bibelen? 00:56

Publisert 01.04.2024, kl. 09.34 Oppdatert 01.04.2024, kl. 09.41

Read Entire Article