– Det er ei rolle som eg ikkje alltid har sagt at eg skal ta, men no følast tida riktig og eg føler eg har noko å bidra med.
Det seier Salmar-arving Gustav Magnar Witzøe til NRK.
Ved årsskiftet gjekk han inn som dagleg leiar i familien sitt eigarselskap, Kvarv.
Dette er toppselskapet til Salmar og ei rekke andre selskap i Kverva-konsernet.
– Korleis følast det å gå inn som ny dagleg leiar?
– Det følast bra, men det er også med ærefrykt.
– Håpar eg kan vekse inn i jobben
Witzøe eig nesten hele Kvarv og hadde ergo ei formue på nærmare 30 milliardar kroner i 2024.
Dermed toppa han i fjor formueslista i Noreg for fjerde år på rad.
– Eg håpar eg kan vekse inn i jobben, seier den ferske daglege leiaren til NRK onsdag.
– Eg kan ikkje alt, men eg er veldig heldig som har trygge og veldig erfarne folk rundt meg som eg kan lære mykje av. Det ser eg veldig fram til, seier han.
Den ferske daglege leiaren talte under Sjømatdagane 2026.
Foto: Jøte Toftaker / NRKOnsdag fortalde Witzøe om sine planar for selskapet på Sjømatdagene, og at han er klar for å ta meir plass i næringa.
– Han har svært gode tankar som han serverer frå scenen her i dag. Me snakkar om ein ny generasjon leiarar.
Det seier Robert Eriksson, administrerande direktør for Sjømatbedriftene.
– Gustav Magnar seier han vil vere ein leiar oppteken av verdiskaping, lokalt og nasjonalt eigarskap og ikkje minst å ta vare på dei tilsette.
– Det er ei glede å høyre på dei vyane og visjonane han har som ein ung leiar, og korleis han har tenkt å ta tak i det arbeidet, legg Eriksson til.
Håpar på føreseielege rammer for næringa
Witzøe følger spent med på situasjonen i Iran og kva det kan ha å seie for næringa.
– Med drivstoffprisar trur eg det er veldig lite me kan gjere for å påverke dei, men eg trur det er viktig at dei som ligg rammevilkåra for næringa legg føreseielege rammer.
Witzøe seier han har mykje å lære i den nye jobben.
Foto: Jøte Toftaker / NRKWitzøe meiner føreseielege rammer er viktig for at næringa skal vere godt rigga for framtida.
– Sånn at me er trygge på at dei investeringane har føreseielegheit sånn at vi kan fortsette å vere gode og norske eigarar i framtida.
Noregs rikaste mann sat i fengsel i to veker.
Publisert 11.03.2026, kl. 14.58 Oppdatert 11.03.2026, kl. 15.44













English (US)