Noregs nye gullhelt ville byte nasjon: – Det er ikkje tull

2 hours ago 1



Johannes Høsflot Klæbo sankar gullmedaljar som blåbær i Val di Fiemme.

Da han tok sin femte av fem moglege så langt i OL, var det takka vere hjelp frå ein ung trønder som også har imponert stort.

24 år gamle Einar Hedegart står nå med tre medaljar på dei tre første olympiske konkurransane i karrieren: Bronse på 10 km, gull på stafett og gull i lagsprint.

Dermed har han allereie tangert Petter Northug i kommunemeisterskapen i Inderøy om å ha flest OL-gull i premieskapet.

Det kunne vore heilt annleis om den danske ambassaden hadde vore meir behjelpeleg.

– Det er ikkje tull, fastslår Hedegart på direkte spørsmål frå NRK.

Sjekka det grundig

I januar publiserte TV 2 eit intervju der Hedegart avslørte at han hadde prøvd å bli dansk. Bakgrunnen var at far hans opphavleg er dansk, men utan dansk pass.

– Vi ringde til ambassaden og forhøyrde oss litt. Det var vel eigentleg allereie der det stoppa. Pappa kunne fint få tilbake statsborgarskapet sitt, og hadde eg vore under 18 år, hadde det gått ganske greitt for meg òg, sa Hedegart til TV 2.

Etter triumfen onsdag, utdjupar Hedegart – samtidig som han framleis ikkje lukkar døra for å bli dansk.

– Eg sjekka det ut for to år sidan, og ganske grundig i april og mai i fjor. Eg kontakta ambassaden. Det er nokre problem. Det er ganske vanskeleg å få dansk pass, så vi får sjå. Nå er debatten i gang, og kanskje nokre gode danske advokatar tek kontakt, seier han.

Einar Hedegart,

TAKKA OG BUKKA: Einar Hedegart viste respekten sin for OL-kongen Klæbo ved målgang. Det kan bli fleire meisterskapar på same lag, sjølv om Danmark-døra ikkje er lukka.

Foto: AP

Ikkje same støtteapparat

Samtidig erkjenner Hedegart:

– Nå er eg fornøgd med å gå for Noreg. Eg må seie at eg ikkje trur eg hadde vore her med nokon medaljar om eg gjekk for Danmark. Ta skia vi gjekk med i dag, for eksempel, dei var sinnssjukt gode. Danmark har ikkje det same støtteapparatet.

Hedegart sit side ved side med Klæbo på pressekonferansen i Val di Fiemme og svarer på spørsmåla frå NRK.

Når vi spør om kvifor han har ønskt å byte nasjon, viser Klæbo pengeteikn med fingrane og gliser breitt.

Hedegart er likevel tydeleg på at det ikkje er økonomiske motiv.

Einar Hedegart

RAUD OG KVIT: Einar Hedegarts genser har Danmarks fargar, men det er den norske OL-genseren han ber i Val di Fiemme.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

– Fornøgd med Noreg

– Det er vanskeleg å få delta i meisterskap for Noreg, og om eg var dansk, kunne eg ha deltatt i alle konkurransar eg ville. Da ville tanken i så fall ha vore å drive med skiskyting, seier Hedegart.

– Eg er halvt dansk, så eg tenkte at det fanst ei moglegheit. Men som eg sa, er eg fornøgd med gå for Noreg akkurat nå, sjølv om eg hamnar i skuggen av Klæbo.

Fram til denne sesongen, har Hedegart primært satsa på skiskyting. I fjor blei han noregsmeister i den idretten, men vegen inn på eit verdscuplag i favorittidsretten er lang.

Derfor bestemte han seg for å satse på langrenn fram mot OL i Italia. Det har gitt suksess, og før OL innrømte Hedegart overfor NRK at han vurderer å vrake planen om å gå tilbake til skiskyttarsatsing fram mot VM på heimebane i Holmenkollen.

Droppar feiring for å lære klassisk

Stadig fleire teikn peikar i retning av at han held fram med å vere både norsk – og langrennsløpar.

Derfor reiser han ikkje heim frå Italia sjølv om han nå er ferdig med å konkurrere i OL. I staden blir han verande for å begynne å lære klassisk stil.

– Han har lyst til å begynne litt med klassisk. Vi har planlagt ein liten tur her nede før han reiser heim. Vi har vore ute og staka lite grann. Skal han vere med over til langrennsleiren, må han vere med hundre prosent, tenker eg, seier landslagstrenar Arild Monsen til NRK.

Hedegart bekreftar at grunnkurs i klassisk stil blir prioritert framfor feiring av OL-prestasjonen.

– Spørsmålet er kor god eg kan bli i klassisk på eitt år. Det veit eg ikkje, men eg skal teste moglegheitene. Om eg ser at det er mogleg å komme seg på eit verdscupnivå på eitt år, så kjem eg til å prøve det, fastslår han.

Publisert 18.02.2026, kl. 18.14 Oppdatert 18.02.2026, kl. 18.17

Read Entire Article