Noregs Bank har valt å halde styringsrenta uendra på 4 prosent etter rentemøtet torsdag.
Då renta blei kutta med 0,25 prosentpoeng i september, varsla banken at det truleg ikkje kom fleire kutt i år.
Prognosen viser at neste rentekutt først er venta ein gong i 2026.
– Vi ser ikkje for oss ein stor nedgang i renta framover. Prognosen vi legg fram i dag, er i samsvar med eitt rentekutt i året dei neste tre åra, sa sentralbanksjef Ida Wolden Bache i samband med førre hovudmøte.















English (US)