Noreg har snakka om VM-sjokka: – Perfekte åtvaringar

6 hours ago 3



Noreg er favorittar i sin første VM-kamp mot Irak natt til onsdag norsk tid. Og sjølv om det meste av fokuset ligg på dei sjølve, så har dei fått med seg litt av det overraskande som har skjedd i VM til no.

– Vi nemnde det så vidt i stad, men vi prøver å ikkje fokusere på alt som skjer rundt oss, men vi ser det er mogleg, seier Alexander Sørloth til NRK og fortset:

– Alle laga som kjem hit, uansett nivå, er toppmotiverte. Dei spring, jobbar, og eg såg siste halvtimen av kampen mellom Spania og Kapp Verde. Dei forsvarer seg veldig bra og er godt organiserte, så vi er nøydde til å vere 100 prosent i alle kampar for å ta med oss tre poeng.

To fotballspillere er på banen. Den ene har på seg gul drakt og hansker, den andre har på seg svart treningsjakke. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

HELT: Kapp Verde sin keeper Josimar Dias (kjend som Vozinha) stod som ein levande vegg mot Spania, då dei spelte 0–0 måndag.

Foto: Erik S.Lesser / FR53108 AP,NTB

For VM-debutant Kapp Verde sjokkerte Spania med 0–0. Qatar sikra 1–1 mot Sveits på overtid. Og miniputt Curaçao utlikna til 1–1 mot Tyskland (før dei blei knuste). Også Saudi-Arabia (nummer 61 på Fifa-rankinga) klarte uavgjort mot Uruguay (nummer 16 på Fifa-rankinga)

– Eg kjenner meg framleis veldig trygg, men vil heller snu på det. Det er perfekte åtvaringar for å halde oppe den konsentrasjonen som eg er ganske trygg på at dei hadde i utgangspunktet, meiner NRK sin ekspert Kristoffer Løkberg.

– Alle kampar lever sitt eige liv

Og den åtvaringa Løkberg siktar til er:

– Du kan ikkje gå inn i ein fotballkamp og bekymre deg. Du skal vere konsentrert, ha respekt for motstandaren og gå ut og fokusere på at du må ha ein topp prestasjon, og ikkje kan ta det på halvspretten. Då kan det gå gale med kven som helst, når som helst.

Spelarane er tydelege på at det er akkurat det dei er: fokuserte og konsentrerte. Etter to veker i USA er dei godt førebudde på Irak.

– Vi har sett analysar av dei. VM viser berre at alle er veldig konkurransedyktige og at alle kampar lever sitt eige liv. Vi må vere på vårt beste nivå om vi skal ta tre poeng, fortel Sander Berge.

menn på trening i sol

STJERNER: Det er mykje fokus på Erling Braut Haaland før Noreg sin VM-start. Her på trening med Sander Berge (t.h.) og Brede Hangeland.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Er skrellar noko de har i bakhovudet?

– Nei, ikkje i det heile. Vi reiser hit med mykje sjølvtillit, men veit også at det er første gong vi er her på veldig lang tid. Vi tar alle kampane som kjem på fullt alvor, og veit at vi må prestere opp mot vårt beste for å ta tre poeng, svarar Kristoffer Ajer.

– Nei, ikkje anna enn at vi behandlar Irak med den største respekten med tanke på korleis vi førebur oss og korleis vi ser for oss at vi må prestere. Det er ikkje noko anna om det er Irak eller nokre andre vi møter, fastslår Patrick Berg.

– Har gjort oss sterkare

Sørloth meiner det er fleire ting som talar imot at Noreg skal gå på ein VM-skrell.

– Det er kvaliteten vi har internt i laget. Det vi har vist dei siste to åra, og at vi har prøvd og feila i mange år. Det har gjort hos sterkare. Eg ser det på gruppa, at vi er klare alle saman, seier Atletico Madrid-spissen.

trener med caps med spillere rundt

KLAR TALE: Ståle Solbakken på trening. Her saman med kaptein Martin Ødegaard.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Landslagssjef Ståle Solbakken verkar lite opptatt av kva andre lag gjer, og gjentar at alt fokus no er på møtet med Irak og i alle fall ikkje andre lag sine overraskingar.

– Vi kan ikkje bruke det til noko eigentleg. Vi må berre vere oss sjølve. Verdsfotballen er jamn og det er små marginar. Dei resultata viser det, seier han på pressekonferansen.

– Kva er viktig for å ha rett tenningsnivå i kampen?

– Det er nok litt forskjell frå spelar til spelar, men å ta den heilt store branntalen i morgon, det trur eg er unødvendig, fortel Solbakken til NRK på stadion i Boston.

  • Noreg møter altså Irak klokka 00.00 natt til onsdag. Kampen blir vist på TV 2 og kan høyrast på NRK Sport.

Publisert 16.06.2026, kl. 05.58 Oppdatert 16.06.2026, kl. 06.00

Read Entire Article