Oppdatert:13 sekunder siden
Regjeringa har lagt fram eit forslag om å auke gebyra knytt til våpensøknadar, innføre nye gebyr og samstundes opne for å regulere gebyra årleg. For skyttarar og jegerar er det dårleg nytt!
I notatet til høyringa føreslår regjeringa å auke gebyra, samt innføre gebyr på tenester som per 2025 ikkje har hatt gebyr. Til dømes er det føreslått å auke gebyret for å søke om løyve til å erverve og ha skytevåpen frå 1495kr til 2680kr, samt å innføre gebyr for å søke dispensasjon frå alderskravet på 1250kr. Gebyret for å låne skytevåpen kan auke med heile 335 prosent, frå 248kr til 1080kr. Det er forunderleg at regjeringa, som er opptekne av folk sin kvardagsøkonomi jamvel føreslår ei slik drastisk auke i gebyra.
Eg har i fleire år drive med konkurranseskyting i Det Frivillige Skyttarvesen (DFS) og er jeger, dersom desse gebyra hadde gjort seg gjeldande då eg sende mine søknadar ville det ha kosta nesten 16 tusen berre i gebyr. Sidan alle våpena vart kjøpt før eg var 18 måtte ein føresett først sende fire søknadar om erverv, og så fire søknadar om dispensasjon frå alderskravet slik at eg vart ståande som eigar av dei. Med satsane for 2025 ville summen for same prosessen ha hamna på 5980kr. Det er nærare 10 tusen i skilnad!
Slagordet «skyting – ein sport for alle!» vert sett under trugsel av Arbeiderpartiet sine nye gebyr som vil skape skilnadar for kven som har råd til å delta og ikkje! I DFS kan vi risikere at det går ut over rekrutteringa. Det unike med å konkurrere i skyting er at fleire generasjonar kan liggje side om side både på trening og i konkurranse, og at jenter og gutar konkurrerer i same klasse på same vilkår. Nyleg kunne ein lese om Harald Jensen på 84 som endå reiser rundt på stemner Harald (84) skyter bedre enn noen gang - lister24.no, han skyt på same standplassen som dei som skyt sitt første stemne! Det er noko heilt unikt vi må verne om!
I Noreg har vi lange tradisjonar for jakt og skyting. Vi ligg høgt på talet våpen per innbyggjar, jamvel har vi ein enormt god våpenkultur! Samla sett kan vi nok takke både strenge våpenlover, men ikkje minst organisasjonar som driv omfattande og målretta arbeid for å sikre ein trygg og god våpenkultur. Skyttarlaga utgjer ei viktig rolle i beredskapsomsyn, både med å stille anlegg tilgjengeleg for forsvaret, men og gjennom generell opplæring i våpenkunnskap. Å auke gebyra i våpenforvaltinga vil i ytste konsekvens kunne slå negativt ut for tryggleik, beredskap og den gode våpenkulturen vi har.
Noreg er tent med at det bur folk med våpen og våpenkunnskap i heile landet!
Marianne Rossevatn
Politisk nestleiar Senterungdomen, DFS-skyttar og jeger







English (US)