«Noreg-byen» endra amerikansk historie

2 hours ago 1



For oss nordmenn heiter «Greensboro Four» kanskje Haaland, Ødegaard, Sørloth og Nusa.

Men for 66 år sidan endra fire studentar USA si historie i denne vesle byen i Nord-Carolina, der Noreg har VM-basen sin.

Dei var fire unge afroamerikanske førsteårsstudentar på det som heiter North Carolina A & T State University, og der A-en står for landbruk og T-en for teknologi.

En mann i dress peker mot en disk med barkrakker i en restaurant. Bak disken er det flere maskiner og en gammel kassaapparat. Restauranten ser ut til å være fra en tidligere tidsperiode. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

HISTORISK: John L. Swaine viser hjørnet der fire studentar sette seg ned ved Woolworths lunsjdisk og kravde å bli serverte. Men dei fekk nei, fordi dei var svarte.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Dei gjekk inn i ein F.W. Woolworth-butikk, og etter å ha kjøpt nokon småting i dei godkjente avdelingane til det rasedelte varehuset, bevega dei seg målbevisst mot lunsjdisken, eit område som «alle» visste var strengt reservert for kvite kundar.

King-besøk

Dei sette seg på barkrakkane, bestilte høfleg mat, og blei kontant avvist.

I staden for å reise seg og gå, blei dei sittande heilt til det stengde.

De fire studentene som protesterte på dag to av aksjonen i Greensboro i 1960.

GREENSBORO FOUR: Frå venstre: Joseph McNeil, Franklin McCain, Billy Smith og Clarence Henderson.

Foto: NTB

Med denne enkle, men viktige handlinga utløyste dei ein seks månader lang protestaksjon som skulle lamme butikken, fange merksemda i nasjonen og definere om den amerikanske borgarrettsrørsla.

Dei var inspirerte av den kanskje største leiaren av dei alle, Martin Luther King. Han tok etter kvart turen til Nord-Carolina for å vise si støtte til dei fire svarte og deira etter kvart mange støttespelarar.

 People should "not be judged but he color of their skin but by the content of their character." Yet 50 years after the King's monumental statement, there is considerable disagreement over what this quote means when it comes to affirmative action and other measures aimed at helping the disadvantaged. (AP Photo/File)

TALAR: Martin Luther King jr. var ein leiar innan borgarrettsrørsla. Han er best kjent for arbeidet sitt for at svarte skulle få same rettar som kvite. Han blei skoten og drepen i 1968.

Foto: Ap

– Glødande eksempel

– Dei unge studentane i sørstatane gav, gjennom sitt-ned-aksjonar og andre demonstrasjonar, Amerika eit glødande eksempel på disiplinert, verdig og ikkje-valdeleg handling mot segregeringssystemet, sa Martin Luther King ifølge Stanford-instituttet som er kalla opp etter han.

Dei fire studentane heitte Ezell Blair Jr. (seinare Jibreel Khazan og den einaste attlevande av dei), Franklin McCain, Joseph McNeil og David Richmond.

Tre menn ser mot høyre i et innendørs miljø. Den ene mannen til venstre har på seg en stripete cardigan. I midten sitter en ung mann med leopardmønstret skjorte og armen rundt skulderen til mannen til venstre. Mannen til høyre er eldre og ser mot siden. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

GJEKK FØRE: To av studentane som protesterte frå første dag, Joseph McNeil, til venstre og Ezell Blair Jr. snakkar med den lokale borgarrettsforkjemparen Dr. George C. Simkins (t.h.). Bildet er tatt i april 1960.

Foto: Anonymous / News & Record,NTB

Det finst ikkje bilde frå denne første dagen. Bildet til denne artikkelen er frå dag to då McCain og McNeil hadde med seg to andre kompisar.

Aksjonen i Greensboro var ikkje den aller første sitt-ned-aksjonen i USA. Det hadde vore liknande forsøk tidlegare, blant anna i Durham i 1957. Det som gjorde Greensboro unikt, var den eksplosive måten protesten spreidde seg på.

Svimlande tempo

Det som starta med fire idealistiske 17 og 18 år gamle menn den første dagen, eskalerte i eit svimlande tempo. Allereie dagen etter, den 2. februar, kom dei fire studentane tilbake i sine finaste søndagsklede, følgde av 25 andre menn og kvinner frå lokale universitet.

Innan få dagar hadde protesten vakse til å omfatte over tusen studentar – både svarte og kvite – som blokkerte lunsjdisken i skift og demonstrerte utanfor butikken.

– Det gjekk ekstremt raskt, seier John L. Swaine. NRK møter han i dei same lokala, som står som den gongen og som har blitt eit museum der han er direktør.

– Eigentleg var det unge kvinner ved Bennett College som hadde ideen. Dei hadde brukt månader på å planlegge det. Men rektor anbefalte dei å vente litt. Dei unge mennene kom dei derfor i forkjøpet, fortel Swaine.

To unge menn med bart står ved siden av hverandre. Mannen til venstre har på seg en mørk dressjakke og lys skjorte. Mannen til høyre har på seg en lys cardigan over en lys skjorte. Bakgrunnen er en nøytral vegg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

PIONERAR: Franklin McCain (til venstre) og David Richmond var to av dei fire som protesterte den første dagen. Her er det fotografert i Greensboro vel tre månader seinare, i april 1960.

Foto: AP,NTB

Fasaden som før

Utanfor er fasaden på F.W. Woolworth-varehuset lik som den gongen, sjølv om det no er eit senter for borgarrettar og altså museum.

Aksjonane spreidde seg raskt på tvers av sørstatane. Blant anna takka vere det nye mediet: TV. I løpet av ei veke hadde studentar i 54 byar i ei rekke statar aksjonert på same måte. Unge menneske nekta å akseptere at svarte blei betrakta som andrerangs borgarar.

Kvite motdemonstrantar kunne ikkje hindre at fleire og fleire deltok i protestane til fordel for afroamerikanarane.

Franklin McCain beskreiv seinare augeblinken han sette seg på krakken som ei kjensle av total frigjering og vunnen tilbake manndom. Han kjente seg nærast uovervinneleg, trass i den overhengande faren for vald.

Då dei sette seg, konfronterte dei ikkje nødvendigvis ei formell lov, men eit djupt forankra kulturelt system som dikterte forholdet mellom rasar.

Svarte kundar var velkomne til å legge igjen pengane sine i butikken og kjøpe varer, og dei kunne bestille mat ved ein ståande disk – men dei fekk ikkje sette seg ned, sånn som dei kvite gjorde. I staden måtte dei ta han med.

En mann i dress står foran en diner-disk med stoler. Bak disken er det kaffemaskiner og en kassaapparat. Gulvet har et rutete mønster. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

MUSEUMSDIREKTØR: John L. Swaine framfor kaféstolane, som står der som dei gjorde i 1960.

Foto: Ole Kristian Strøm / NRK

Museumsdirektør John L. Swaine igjen:

– Studentane viste til det 14. grunnlovstillegget, frå 1868, om likskap for lova. Dei gjekk hit og kravde rettane sine. Dei betalte det same som dei kvite. Men forskjellen var at farga personar – enten dei var indianarar, jødar, latinamerikanarar, irar, italienarar, svarte, kva som helst – måtte kjøpe maten sin i baren reserverte for dei, fortel Swaine.

– Dei ville kjenne seg som ein del av samfunnet. Derfor aksjonerte dei.

Måtte ete på gata

Etter eit halvt år med massivt økonomisk tap, søkkande omsetning og svært skadeleg publisitet, måtte Woolworth-leiinga til slutt gi etter. Den 25. juli 1960 blei lunsjdisken i Greensboro offisielt opna for alle.

Symbolsk nok var dei første som blei servert fire svarte tilsette som jobba i sjølve butikken, invitert inn av dagleg leiar Clarence Harris.

Fire kvinner går på fortauet foran en bygning med et skilt som sier "F.W. WOO." De er på en gate med biler parkert og kjørende. Det er en solrik dag med skyer på himmelen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

VAREHUS: Woolworths varehus står der som det gjorde i 1960, men har no blitt eit borgarrettssenter.

Foto: Ole Kristian Strøm / NRK

Kor viktig var eigentleg denne aksjonen?

– Etter at 14-åringen Emmet Till hadde blitt lynsja og drepen og Rosa Parks nekta å reise seg på bussen, var det mange som blei inspirerte til å gjere noko på den tida, for vel 60 år sidan. Dei hadde fått nok. Protestane her i Greensboro viste at det var mogleg å lykkast på fredeleg vis. Det skulle bli eit eksempel for mange andre, seier museumsdirektør Swaine.

Pokal i gull med en ball på toppen.

Hvem har størst sjanse til å vinne vm?

Akkurat nå er Argentina favoritten

PlasseringLandSjanse
1Argentina 8,6 %
2Frankrike 8,3 %
3Spania 8,1 %

Basert på NRKs VM-prognose.

Publisert 27.06.2026, kl. 17.13

Read Entire Article