Nordmenn i Libanon: – Vi er veldig bekymra

1 month ago 25



– Vi understrekar no rådet om å forlate Libanon. Det er den tydelegaste oppmodinga UD kan gje, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Faren for krig er stor etter at Fuad Shukr, den militære leiaren av Hizbollah, vart drepen i eit israelsk åtak førre veke.

– Vårt svar kjem, med Guds vilje, enten åleine eller med aksen.

Hassan Nasrallah, Hizbollah-leiaren har lova hemn.

Om lag 100 nordmenn oppheld seg i Libanon, ifølgje UD.

Opplevde israelsk åtak på nært hald

Louai Mansour og familien, sit fast i landet.

Dei oppheldt seg eigentleg i Sør-Libanon, men har no flytta seg til nord.

Det same har fleire tusen israelarar i Nord-Israel og libanesarar i Sør-Libanon.

– Hadde det berre vore meg og kona kunne det gått fint, men vi har fem born med oss. Vi er veldig bekymra.

Fire born som står i enin balkong. I bakgrunnen ser ein veg, to bilar, palmar og stranda.

Fire av borna i Mansoor-familien.

Foto: PRIVAT

Familien var i Beirut under åtaket der Shukr vert drepen førre veke. Dei høyrde eksplosjonen og såg røyken stige opp på veg til nord.

– Vi hadde forklart borna at det kunne bli krig, så dei vart redde.

Både han og kona er palestinarar, men fødd i Libanon.

Libanon ligg i Midtausten og grensar til Israel i Sør. Hizbollah som held til i landet har sendt

Eigentleg skulle dei kome heim tidleg i august, men flya har vorte flytta fleire gonger.

– Borna leikar, men vi vaksne prøver å fikse billettar for å kome oss ut.

No har dei billettar til 25. august, og dei vonar å få lov til å gå om bord på flyet då.

Vil ikkje reise frå mannen

Inger Løkke er ein av nordmennene som er i landet. Ho har budd i Nord-Libanon sidan ho gifta seg med ektemannen Fadi Jabbour i 2022.

– Det er roleg her vi bur.

Eit brudepar kledd i svart dress og kvit brudekjole

Inger gifta seg med mannen i 2022. Dei har fått fleire avslag om gjenforeining i Noreg.

Foto: Privat

Løkke er svært prega når NRK pratar med ho, dei er bekymra for kva som kjem fortel ho.

Dei tenker spesielt på svogeren og svigerinna som bur i Beirut. Dei har sagt at de må kome seg til nord om dei har moglegheit.

Menneske kledd i svart, dei held bileta av Fuad Shukr og andre Hizbollah-medlemer som har døydd i israelske åtak.

Støttespelarar lyttar til talen til Hizbollah-leiaren Hassan Nasrallah under ei minnemarkering for Hizbollahs toppkommandør Fuad Shukr, i Beirut, Libanon. Nasrallah lova hemn for drapet på Shukr.

Foto: Alkis Konstantinidis / Reuters

Mannen hennar får ikkje kome til Noreg. Ho vil ikkje forlate han åleine i Libanon.

Dei driv ein butikk som har fått namnet «vasspipe», der dei sel vasspipe, iskrem og tobakk.

– Viss det hadde vorte krig her no, så hadde alt det vorte øydelagt.

Situasjonen i landet er ustabil

Mohamed Hamadi bur i Sør-Libanon saman med kona si.

Hamadi er fødd i Libanon, men han har budd fleire år i Noreg.

Han synest utviklinga i landet dei siste åra er leit.

– Libanon gjekk frå å vere veldig trygt til å ikkje vere så trygt lenger.

Ein mann som sit. Han har på ein raud genser.

Hamadi bur i Nabatieh i Sør-Libanon saman med kona si.

Foto: Privat

Dei siste vekene er situasjonen i landet er ustabil, fortel han.

Han har planar om å reise heim, men fortel at det er kaos på flyplassen.

No ventar han for å sjå om det vert lettare å kome seg ut.

– Nord-Israel flyttar mange innbyggjarar til andre byar. Og det same gjer Sør-Libanon.

Bilete av ein by med fjell i bakgrunnen. Røyk stig opp midt på bilete etter eit droneåtak.

Røyk stig opp frå plassen for eit israelsk åtak på den sørlege libanesiske landsbyen Kfar Kila den 6. august 2024. Ifølgje ei libanesisk tryggingskjelde vart seks Hizbollah-soldatar drepne i israelske åtak 6. august.

Foto: RABIH DAHER / AFP

Dette bekymrar Hamadi, sjølv om han ikkje trur at nokon av partane er interesserte i ein storkrig.

I Noreg har han to born som ringer stadig for å høyre korleis det går.

Publisert 07.08.2024, kl. 22.07

Read Entire Article