Vel vekk ultraprosessert mat med app

2 hours ago 3



Medan dei handlar i matbutikken, skannar sambuarane Ida Nordengen og Vegar Moen varene dei vurderer å kjøpe.

Men det er ikkje prisen dei er ute etter.

– Vi prøvar å unngå ultraprosessert mat så langt det går, seier Ida, i det ho sett attende eit glas med syltetøy.

Sambuarane har sjølv utvikla ein app, kalla «Frifor», som seier kor mykje behandling maten i hylla har fått.

Ultraprossesert mat

SKANNAR: Kvar vare i butikken blir nøye sjekka før dei kjøpar.

Foto: Frode Meskau / NRK

300.000 lasta ned

Dei lagde appen saman først og fremst fordi Ida fekk cøliaki.

Appen skulle hjelpe ho og andre med same sjukdom med å velje bort mat med gluten.

Men etter at dei la inn funksjonen for å sjå kva slags mat som er ultraprosessert, tok appen av.

Ultraprossesert mat

HEIMEKONTOR: Appen til Ida Nordengen og Vegar Moen blir behandla frå kjøkkenbordet, inntil vidare.

Foto: Frode Meskau / NRK

Til no har over 300.000 nordmenn lasta ned appen, og 17.500 personar er betalande abonnentar.

Den var blant topp ti lasta ned appar i fleire månadar.

– Det er gøy. Vi er audmjuke til det, fordi vi har fått eit stort ansvar, seier Vegar.

Dei ønsker å gje folk god informasjon om maten dei et.

– Mat er viktig og det råkar alle. Vi ønsker å bidra til at folk kan velje rein mat, seier Vegar.

– Og det treng ikkje vere vanskeleg eller dyrt, legg Ida til.

Ultraprossesert mat

IKKJE BESTÅTT: Heller ikkje vaffelmiksen finn vegen til handlekurven til sambuarane.

Foto: Frode Meskau / NRK

Bryr du deg om ultraprosessert mat?

Kan vere skadeleg

Men det er usemje om kor farleg ultraprosessert mat er.

Klinisk ernæringsfysiolog Inge Lindseth er ikkje i tvil om at høgt behandla mat er skadeleg.

Ultraprossesert mat

FORSKING: Inge Lindseth er overtydd om skadane som høgt tilarbeida mat kan gje.

Foto: Frode Meskau / NRK

– Nyare forsking tydar på at dette kan gje plagar vi har mykje av i samfunnet, seier ernæringsfysiologen.

Han ramsar opp blant anna tarmbetennelsar, og auka risiko for kreft og overvekt, og kritiserer arbeidet med dei nye kostråda.

Ultraprossesert mat

IKKJE SAMD: Linda Granberg i Helsedirektoratet seier dei tek omsyn til fakta.

Foto: Frode Meskau / NRK

Men Helsedirektoratet seier at dei ikkje har godt nok grunnlag for å seie at ultraprosessert mat er skadeleg for helsa.

– Det er ikkje god nok dokumentasjon på at prosesseringsgrada seier noko om korleis helsa blir råka. Det viktigaste er å sjå på kva produkta inneheld, seier Linda Granlund.

Ho er divisjonsdirektør folkehelse og førebygging i Helsedirektoratet.

Vil gjere det enklare

Attende i butikken står sambuarane framfor kornblandingane.

Der ser dei både havregryn og frukostblandingar.

Begge har myndigheitene sitt nøkkelhol-merke, men frukostblandingane er ultraprosessert.

Nøkkelhull-merke

FORVIRRAR: Sambuarane bak Frifor-appen trur nøkkelhol-merket gjer sunne val vanskelegare.

Foto: Frode Meskau / NRK

– Det betyr ikkje at det er sunt, når du knytt det til ultraprosessert mat, seier Ida om nøkkelhol-merket.

Vegar Moen trur merket ikkje gjer det enklare å ete sunn mat.

– Då hadde nok ikkje 300.000 personar lasta ned appen, viss det hadde vore nok, seier han.

Publisert 22.09.2024, kl. 12.13

Read Entire Article