Nok er nok!

2 hours ago 1



Nå må statsforvaltaren trekke til seg klørne!

Statsforvaltar Gina Lund meiner politikarane kan ha vore for slepphendte i tidligare saker, særleg i hundremetersbeltet. Nei, gje deg nå! Gjort er gjort, og spist er spist, meiner innsandaren. Foto: Arkiv

Dei får jo ikkje unna sakene dei skal behandle. Folk må vente i opptil 9 månader på svar i byggsaker.

Men nå har ho, Gina Lund, bestemt seg for å gå gjennom gamle saker, altså frå 2025. Ho meiner politikarane kan ha vore for slepphendte i tidligare saker, særleg i hundremetersbeltet. Nei, gje deg nå! Gjort er gjort, og spist er spist! (sitat frå Hakkebakkeskogen).

Politikarane har lov å bruke skjøn. Slik må det vere i lokale saker.

Denne intensiteten frå statsforvaltaren si side kom då ei mykje omtala sak i Farsund fekk flomlys over seg. Saka var klar, vedtak var gjort med positivt innhald, men så dukka det opp, at det var kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun som skulle ha den nye hytta. Og så var sirkuset i gang!

Etter det har statsforvaltaren i Agder fått vann på mølla.

Her er det sikkert mykje «gammal moro» å finne i ferdigbehandla saker frå kommunane!

Går det an å tenkje seg kva som kjem ut av det?

Dersom ho finn noko «gale», og det gjer ho sikkert, skal då tiltak som allereide er utført, få pålegg om å tilbakeføre det som er gjort?

Det er ganske tett i hundremetersbeltet fleire stader, til dømes i Lillesand og Søgne, som er populære hyttekommunar.

Det gjeld allemannsretten for folk, slik at dei kan komme i land frå båt, eller gå langs stranda utan å møte hindringar. Er det strengt tatt naudsynt? Der er nok av friareal til den bruken. Er det så gjevt å bruke ei privat brygge til strandhogg?

Nei, nå er det nok!

Hvis det skal vere slik, blir vi aldri fortrulege med statens lange arm!

Han grafsar oppi Setesdalsheiane også.

Skulle tru at statsforvaltaren er til for å gjere det utriveleg for folk, særleg for dei som har hytte, eller kanskje kunne få det?

Read Entire Article