– Det betyr at norsk ulvepolitikk ikkje er i tråd med Bernkonvensjonen. Det er særs alvorleg å bryte ein internasjonal miljøavtale som vi har signert. Noreg fører ein aggressiv politikk mot kritisk trua ulv og eg vil seie at vi fører ein utryddingspolitikk, seier Siri Martinsen i Noah.
Ifølgje ho og Noah opnar Bernkonvensjonen sak mot Noreg og norsk ulvepolitikk. Dette er ikkje opplysningar som NRK førebels har fått stadfesta.
Nedgraderte ulvens vernetaus
Vernestatusen for ulv som dyreart vart tidlegare i veka endra frå «strengt beskytta» til «beskytta». Det skjedde på eit møte i Strasbourg denne veka der dei behandla Bernkonvensjonen. Noreg stemte for.
Leiar i Noah, Siri Martinsen, reagerte kraftig på at Noreg stemte for å gje ulven lågare vern. Denne veka reiste ho ned til Bernkonvensjonen for å presentere klagen ho og Noah har på norsk ulvepolitikk.
– Norsk ulvepolitikk har allereie vorte kritisert i to omgangar av byrået til Bernkonvensjonen, seier Martinsen.
– Kritisk trua
Nå forventar ho at regjeringa tek dette på alvor.
– Vi har ei naturkrise og Noregs brytar ei naturavtale for å beskytte trua arter. Ulven i Noreg får berre leve i 5 prosent i landet. Det fører til at ulvens populasjon er så lågt at det korresponderer med kritisk trua på norsk raudliste, seier Martinsen.
Ho meiner at Noreg må forandre sin ulvepolitikk frå å halde den kritisk trua til ein politikk med bedre beavringsstatus og sameksistens.
– Det fyrste regjeringen må gjere er å gjere om rovviltnemndenes vedtak, slik at det ikkje blir skyting av familiegrupper i ulvesona, sier Martinsen.
NRK har prøvd å komme i kontakt med Klima- og miljødepartementet utan å lukkast.
Nedgraderinga av vernestatusen vart kjent tidlegare denne veka, og det er litt kva dette betyr i praksis for Noreg. Regjeringen meiner at det blir lettare å skyte ulv, men Martinsen og Noah meiner det motsatte.
Publisert 06.12.2024, kl. 13.30 Oppdatert 06.12.2024, kl. 13.51