No vil UP ta saktekøyrarane

9 hours ago 3



Vegane fyller seg opp med sommarturistar frå inn- og utland som skal få med seg bratte fjell og vakre fjordar.

Det kan fort skape kø. Og frustrasjon.

Utrykkingspolitiet er i gang med den årlege sommaraksjonen. I år har dei eit ekstra fokus på dei som køyrer sakte i trafikken.

– Med ein gang du køyrer sakte og lagar mykje kø, så kan det fort oppstå farlege situasjonar, seier politioverbetjent Trond Hatlenes.

Då er det mange bak som mistar tolmodet, og tar ei forbikøyring som i verste fall kan ende med ei alvorleg ulykke.

politi som utfører kontroll ved ein veg

I snitt er det over 50 % fleire drepne og hardt skadde i trafikken om sommaren.

Foto: Ann Beate Eikås Hovland / NRK

Kan bli meldt

Sommaren er høgsesong for bilturisme i Noreg, og snittfarten går ned når det er mykje trafikk.

Assisterande politiinspektør i Vest politidistrikt, Eivind Hellesund, seier dei har eit fokus på å vinke inn dei som lagar køar.

Køyrer du for sakte kan det ende med tilsnakk frå politiet. I verste fall kan du bli meldt.

– Om nokon bevisst over lang tid lar vere å sleppe folk forbi, og vi kan bevise at det er gjort med vitande og vilje, så kan vi melde dei.

Men det skal mykje til, ifølge Hellesund. Politiet har ikkje så mange andre verkemiddel enn å rettleie dei som lagar kø.

en mann i uniform

Dei som køyrer sakte kan bli vinka inn og få ei venleg oppmoding om kva dei bør tenke på.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

– Det er ikkje forbode å køyre under fartsgrensa. Men ein må ta omsyn til andre trafikantar.

Og tilrådinga er klar.

– Bruk speglane, og slepp trafikken forbi.

Og til dei som blir utolmodige og freista til å ta saka i eigne hender har han også ei oppmoding.

– Det er kanskje nokre som uansett meiner trafikken går for seint. Dei må slappe litt av, og akseptere at sånn er det.

Lar du deg irritere over saktekøyrarane?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Ufortent dårleg rykte

Dei siste åra har bubilturismen i Noreg auka. Hellesund meiner bubilane kanskje får ufortent mykje skuld når det blir snakk om sinkene i trafikken.

Fagsjef og dagleg leiar i Norsk Bobil og Caravan Club, Anita Hokholt Engh, har ikkje inntrykk av at denne gruppa køyrer noko saktare enn andre.

– Det er vel oftare dei som tar igjen ein bubil, eller eit større køyretøy for den del, som blir litt utolmodige og vil forbi fordi dei ikkje vil ha nokon framfor seg.

Ho legg ikkje skjul på at mange utanlandske turistar gjerne kan gløyme seg vekk i trafikken når dei lar seg imponere over vakker natur.

Bubilar i Lofoten

Norsk Bobil og Caravan Club meiner deira medlemmar ikkje er spesielle sinker i trafikken, men ser ikkje bort frå at særleg utanlandske bubilturistar kan gløyme seg litt vekk. Her frå ein bubilparkering i Lofoten.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Interesseorganisasjonen gir råd til sine medlem om korleis dei bør ferdast på norske vegar. I tillegg til å sjekke speglane, og sleppe forbi dei som ligg bak, er det ein annan viktig ting å tenke på.

– Eg oppmodar til at ein ikkje køyrer i flokk, men heller reiser med litt avstand.

Publisert 07.06.2025, kl. 08.04

Read Entire Article