No vil Røkke bygge kjernekraft til Europa

3 days ago 21



Aker Solutions er ein stor leverandør innan olje- og gass, men ynskjer fleire bein å stå på i framtida.

No har selskapet inngått intensjonsavtale med Rolls-Royce SMR om å bygge modular til kjernekraftverk i Noreg.

– Partnarskapen er ei viktig moglegheit for å gå inn i ein potensiell ny marknad, seier konsernsjef Kjetel Digre i Aker Solutions.

Kjetel Digre

Konsernsjef i Aker Solutions Kjetel Digre

Foto: Lars-Petter Kalkenberg

Aker Solutions skal ikkje ha noko å gjere med sjølve reaktoren, men dei kan mellom anna levere kontrollsystem og røyrsystem som overfører damp under trykk frå reaktoren til turbinen.

Selskapet meiner erfaringane frå å sette saman store og komplekse olje og gassinstallasjonar gjer dei rigga for tilsvarande oppgåver innan kjernekraft.

På Stord skal dei no i gang med eit eige program for å teste ut teknologien.

Avtalen er eksklusiv – ingen av partane skal jobbe med andre leverandørar så lenge samarbeidet varer. Avtalen betyr ifylgje Digre at dei ska bruke eitt år på å modne teknologien, før dei deretter skal bestemme seg for om dei er klare for kontrakt.

Illustrasjon av SMR-kjernekraftverk - fra Rolls-Royce SMR

Illustrasjon av eit planlagt SMR-kjernekraftverk til Rolls-Royce. Reaktoren er kapselen i midten.

Illustrasjon: Rolls-Royce SMR

Kjernekraft som klimaløysing

Stadig fleire land ser til kjernekraft for å nå klimamåla, sidan energiforma er utsleppsfri.

Utfordringa er høge kostnadar, atomavfall og risiko for ulykker og sabotasje.

Ved å serieprodusere modular på fabrikk i staden for å bygge alt på staden, er håpet at prisen kan pressast ned.

Her kjem Aker Solutions inn i biletet. Ifylgje Rolls-Royce består 80 prosent av eit slikt kraftverk av delar som ikkje direkte er reaktoren dei sjølve produserer.

Aker Solutions kan levere både ingeniørtenester, teknologi frå olje og gass, samt erfaring med å bygge komplekse anlegg i ulike delar som blir sett saman, dette er også vanleg innan olje- og gass installasjonar.

– Partnarskapen med Rolls-Royce demonstrerer korleis fleire tiår med erfaringar frå olje og gass kan opne nye moglegheiter i veksande energimarknadar, og gir Aker Solutions ei rolle i energiskiftet, seier Digre.

Norsk Kjernekraft vil utrede mulighetene for å etablere et SMRanlegg for produksjon av kjernekraft i Norge. Illustrasjonen viser anlegget som Rolls Royce skal bygge i England.

Rolls-Royce SMR sine illustrasjonar av eit kjernekraftverk.

Foto: Illustrasjon: Rolls Royce

Ikkje kjernekraft i Noreg – men planar i Europa

Nyleg presenterte det norske Kjernekraftutvalet sin rapport om kjernekraft i Noreg.

Konklusjonen er at det ikkje er realistisk med kjernekraft i Noreg før tidlegast i midten av 2040-talet.

Rolls-Royce har alt kontraktar for å levere SMR-reaktorar til Storbritannia og Tsjekkia, og er med i finalerunden på å levere til eit nytt svensk kjernekraftverk.

– Avtalen med Aker Solutions kan forandre korleis vi leverer kjernekraft, seier konsernsjef i Rolls-Royce SMR, Chris Cholerton.

Dei har og intensjonsavtale med Norsk Kjernekraft AS om å levere reaktorar til Noreg, dersom selskapet får konsesjon.

NRK har tidlegare fortalt korleis fleire norske kommunar har inngått lukrative avtalar om kjernekraft

Samarbeidet med Aker Solutions skjer uavhengig av kva som skjer med kjernekraft i Noreg.

– Vi er med fordi vi har tru på teknologien. Vi jobbar i mange land i verda og er klare til å ta jobben også i Noreg om vi kjem dit, seier Digre.

Publisert 29.04.2026, kl. 08.00 Oppdatert 29.04.2026, kl. 08.46

Read Entire Article