No skal Kripos vurdere det mistenkelege dødsfallet

2 hours ago 3



Mann skoten to gangar i hovudet

Bergenspolitiet meiner mannen tok livet sitt. No skal Cold Case-gruppa til Kripos gjennomgå etterforskinga.

 Bergen brannvesen
KRAFTIG BRANN: I det brennande huset fann røykdykkarar ein 89 år gamal mann omkomen. Så viste det seg at han var skoten. Foto: Bergen brannvesen

Publisert 10.02.2026 10:09

I januar 2025 vart ein 89 år gamal mann henta ut frå ein brennande einebustad i Hausdalen i Bergen.

Obduksjonen viste at mannen var skoten to gonger i hovudet og at han ikkje hadde sot i luftvegane.

Som TV 2 har omtalt ligg saka likevel an til å bli lagt vekk som sjølvdrap av politiet

 Elias Engevik / TV 2

Mann (89) var skoten i panna – rifla hadde lyddempar

Cold Case kopla på

Etter at TV 2 omtalte den spesielle saka, vart etterforskinga utvida i januar

Då varsla også bergenspolitiet at dei ville be Kripos om ein gjennomgang av heile etterforskinga. 

I ein sokalla «second opinion»-gjennomgang, der nokon med nye auge ser på om noko meir bør gjerast i etterforskinga.

No bekreftar politiadvokat Are Nygård Bergh at Kripos har sagt ja til å gjera gjennomgangen.

– Cold Case-gruppa deira skal hjelpe oss. Dei skal gå gjennom saka og vurdere om det er hensikt i å gjera fleire etterforskingsskritt for å få avklara om det har skjedd noko straffbart, skriv Bergh i ei oppdatering til TV 2.

Bergens Tidende melde om utviklinga først.

Skoten i panna med lyddempar

Bergh legg til at politiet ikkje kjem til å sende ei innstilling om saka til statsadvokaten før Kripos har gitt si tilbakemelding.

Politiet har likevel vore klare på at dei framleis meiner mannen mest sannsynleg har teke sitt eige liv

I slutten av januar kunne TV 2 avsløre fleire detaljar om det spesielle bevisbiletet i saka.

 TV 2 er kjent med at:

Mannen sat livlaus i senga då han vart funnen.

 Begge skota er plassert midt i panna på mannen.

Det var påmontert ein lyddempar på rifla. 

 TV 2
POLITIADVOKAT: Are Nygård Bergh i Vest politidistrikt i Bergen. Foto: TV 2

Våpenet som låg på golvet i same rom var hans eige; ei salongrifle med 22 kaliber. 

Men på grunn av den kraftige brannen er det ikkje mogleg å hente fingeravtrykk eller DNA frå den.

Ein rapport frå Kripos viser at 89-åringen ikkje kan ha nådd avtrekkaren på rifla med hendene sine, verken i ståande eller sitjande posisjon. 

Dører var låste

At politiet likevel tenkjer at dette kan vera eit sjølvdrap, skal mellom anna handle om at:

Hovuddøra og kjellardøra til huset var begge låst. Soveromsdøra måtte brytast opp.

Mannen hadde ein tryggleiksalarm på seg. Ein slik alarm gjer det mogleg for eldre og funksjonshemma å tilkalle rask hjelp døgnet rundt. Men den vart aldri trykka på.

Det er funne eit handskrive notat som kan tolkast som at 89-åringen hadde det vanskeleg. Men notatet er datert nokre månadar tilbake i tid.

Samstundes har rettsmedisinarar sagt at ei salongrifle av denne typen ikkje nødvendigvis er kraftig nok til at eit skot i hovudet er dødeleg umiddelbart.

Read Entire Article