Hudpleieproduktet retinol har trenda på TikTok, og NRK har tidlegare skrive at barn heilt nede i åtteårs alderen bruker det for anti-aldring.
No har EU kome med nye reguleringar for retinol i kosmetikk. Retinol er eit A-vitamin, og dei vil unngå at folk får i seg for mykje. Det er fordi dei fleste får i seg nok gjennom mat og kosttilskot.
Derfor blir det ulovleg å selje hudpleieprodukt med over 0,3 prosent retinol, men ein kan fortsatt kjøpe produkt med lågare prosent.
Her er eitt av produkta som blir fjerna frå hyllene.
Foto: Fride Kvamsøe Rekdal / NRKMen, dei mest populære produkta på marknaden inneheld over 0,3 prosent retinol.
– For høg eksponering av A-vitamin kan ha ulike konsekvensar, som kvalme, diaré, hårtap eller tørr hud, seier hudlege Daniel Habashi.
Hudlegen er positiv til dei nye reguleringane, og meiner at det kan hindre folk i å bli sjuke.
Daniel Habashi på Dermia i Førde synest det er bra at retinol skal fjernast frå hyllene.
Foto: Fride Kvamsøe Rekdal / NRKMattilsynet er dei som har ansvar for å følgje opp reguleringane i Noreg.
– Sjølv om mengda A-vitamin frå kosmetikk ikkje er høg, må det totale inntaket vurderast, seier Charlotte Holkov, seniorrådgjevar ved Mattilsynet.
Dei seier at dei vil følgje opp at butikkane følgjer lova gjennom tilsyn.
Synest det er dumt at retinol blir fjerna
Frå 1. november får ikkje butikkane lov til å ta inn produktet lenger, men dei har lov til å selje ut det dei har inne fram til mai 2027.
Zeynab Shabani er av dei som bruker retinol aktivt, og synest det er dumt at det skal fjernast frå hyllene.
– Eg synest jo det er veldig kjedeleg, for det er jo mange som bruker det til «skin care», seier Shabani.
Zeynab Shabani bruker retinol kvar veke, og synest det er dumt at det skal fjernast frå hyllene.
Foto: Fride Kvamsøe Rekdal / NRKKan føre til brannskadar
Det er avanserte rutinar knytt opp mot retinol, og feil bruk kan ha store konsekvensar.
– Ein kan få irritasjon i huda, eksem og brannskadar, fortel hudlege Habashi vidare.
Fleire butikkjeder har retningslinjer mot å selje retinol til barn og yngre. Både Vita og Fredrik og Louisa seier at dei heller rettleiar yngre kundar til å kjøpe mildare produkt.
– Det hender at vi har barn på butikken som vil kjøpe retinol, men då rettleier vi dei til andre ting, for det er ikkje noko vi anbefaler til barn, seier Åshild, butikkleiar ved Fredrik og Louisa i Førde.
Åshild (30) er butikkleiar på Fredrik og Louisa i Førde.
Foto: Fride Kvamsøe Rekdal / NRKSverige innførte aldersgrense
I mars 2024 var det fleire svenske apotekkjedar som innførte 15-års aldersgrense på retinol. Eitt år seinare har dei sett effekten av tiltaket.
– Vi har sett at denne samtalen har vore verdifull, ikkje berre internt, men og i dialog med våre kundar, seier Monika Magnusson, administrerande direktør i Apotek Hjärtat.
Likevel er det ingen av dei norske apoteka som har følgt i svenskanes fotspor.
– Det er styresmaktene som set standarden. Denne typen produkt kan kjøpast mange stadar, og det kan ikkje vere opp til kvar enkelt aktør å ta stilling til regulering av ulike produkt til ulik tid, seier Hanne Kjærnes, pressekontakt i Farmasiet.
Hanne Kjærnes, pressekontakt i Farmasiet.
Foto: Martin Gundersen / NRK
Kva synest du om dei nye EU-reguleringane rundt retinol?
Publisert 09.03.2025, kl. 20.34