Hausten 2023 avdekte politiet eit stort nettverk av personar som dreiv med ulovleg omsetning og sanking av fugleegg.
Totalt 16 menn blei sikta i Noreg, i åtte politidistrikt, og det blei teke beslag i ca. 56.000 egg. Dei sikta i nettverket er i alderen 32 til 82 år og busette over heile Noreg.
Økokrim har i tillegg til bistand og koordinering av sakene i politidistrikta, etterforska tre saker.
Det er Økokrim som melder at dei no har tiltalt to menn i samband med saka. Dei er tiltalte for grove brot på viltlova.
Ifølge TV 2 er desse to menn i 50- og 80-åra frå Møre og Romsdal. Dette får også NRK bekrefta.
Skal ha oppbevart og omsett fugleegg
Økokrim meiner at dei to mennene ulovleg har oppbevart og omsett fugleegg.
Mannen i 50-åra også tiltalte for innførsel og utførsel av egg frå artar som står på den såkalla CITES-lista utan å ha hatt løyve.
I ei pressemelding skriv Ida Sletsjøe, politiadvokat i Økokrim, at sakene sett under eitt er dei mest omfattande og alvorlege sakene som er avdekte i Noreg når det gjeld oppbevaring, samling, kjøp og sal av egg.
– Sakene er også nokre av dei mest alvorlege tilfella av faunakriminalitet som er avdekte her til lands, seier ho.
Politiet har gjort fleire beslag i samband med saka.
Foto: PolitietSkal vere utryddingstrua artar
Den siste av dei tre sakene som Økokrim etterforskar vil bli ferdigstilt over nyttår.
Ifølge Økokrim er mange av egga, i sakene som er etterforska, frå artar som er utryddingstrua.
Blant anna skal det ha vore kritisk truga artar som viersporv, hauksangar, hortulan, snøugle, åkerrikse, vipe og lomvi.
– Egg-sakene har vore spesielt viktig å følgje opp sidan mange fugleartar er truga av utrydding. Omsetning av fugleegg er alvorleg fordi det fungerer som ein drivar for ulovleg sanking av egg. Egg frå truga artar er ofte vanskelege å få tak i og skaper ei større etterspurnad i marknaden, seier Sletsjøe.
Publisert 09.12.2025, kl. 13.22 Oppdatert 09.12.2025, kl. 13.55
















English (US)