Netflix-dokumentar avslører Haaland-grep: – Som å passe på eit kjæledyr

1 month ago 85



Teip framfor munnen når han søv, reinse vatn ved destillasjon, meditasjon og eit kosthald med reine råvarer som hjarte og lever.

Erling Braut Haaland har tatt mange grep for å optimalisere livet som fotballspelar, og nå har det komme fram enda eitt i den nye Netflix-dokumentaren om Manchester Citys historiske sesong som enda med trippelen.

– Bonsaitreet er nøyaktig der vi får energien vår frå, seier Haaland i dokumentaren som blei sleppt tysdag.

– Vi drar energien ut av det og overfører det til kroppen. Det er eit tre som bringar god lykke, seier Haaland.

Det er City-lagkamerat John Stones som fortel at Haaland var initiativtakar til å få sett opp eit bonsaitre inn på fysiorommet.

Nordmannen forklarer det med at «bonsai elskar luftfukt», og at han måtte få det på plass for å betre luftfukta i rommet.

Erling Braut Haaland gjer alt for å bli best. Nå søv han også med teip over munnen.

Mange timar kvar dag

Bonsaiekspert Marius Foss er litt usikker på kor mykje treet hjelper på luftfukt.

– Men det hjelper absolutt på luftkvaliteten ved at planten drar til seg karbondioksid og produserer oksygen, seier Foss til NRK.

Og at den norske superspissen vil ha god kvalitet på lufta inne på fysiorommet kan ein forstå.

I dokumentaren fortel nemleg den norske superspissen at han er over fire timar hos fysioterapeut Mario Pafundi kvar einaste dag.

– Sånn er livet mitt. Eg blir stempla i så å seie kvar kamp, seier Haaland og fortset:

– Eg bryr meg ikkje. Eg liker litt smerte og eg skrik kvar dag på benken til Mario. Han gir meg mykje smerte.

– Du må skåre mange mål med denne tåa. Ikkje gløym det, seier Pafundi mens han jobbar med ei tå på venstrefoten til Haaland.

Football, Nations League, Norway - Serbia

TETT SAMARBEID: Erling Braut Haaland (til venstre) har Mario Pafundi (til høgre) som fysioterapeut både i Manchester City og på det norske landslaget.

Foto: BILDBYRÅN

Tok på seg ansvaret

I tillegg til at jærbuen fekk bonsaitreet inn på Manchester Citys treningsanlegg, er det han som går føre for å ta vare på den japanske tretypen.

– Eg har på ein måte ansvaret for bonsaitreet. Gi det vatnet det treng, mate det og gi det rett lys, seier Haaland.

– Det er jo artig at Haaland er så interessert i treet. Det blir litt som å passe på eit kjæledyr. Det krev vatn og stell nesten dagleg for at det skal trivast, så tommel opp for engasjementet, seier Foss.

Stones fortel samtidig at resten av garderoben blei med på bonsai-ansvaret.

Haaland og Stones

BONSAI-TILHENGARAR: City-lagkameratane Haaland og Stones.

Foto: CARL RECINE / Reuters

Den engelske midtstopparen seier at det blei ei greie blant spelarane at ein måtte vatne bonsaitreet, og at ein blei irritert på seg sjølv om ein ikkje gjorde det ved framkomst til fysiorommet.

– Gir ro i kroppen

Foss fortel også at fordelane med bonsai kan vere mange, blant anna at det er ein fin måte å kople av på ved å sitte og jobbe med treet.

– Det gir litt ro i kroppen, seier han.

Bonsaitreet kan også knytast til meditasjon, noko Haaland tidlegare har gitt noko av æra for prestasjonane hans på banen.

Premier League - Manchester City v Manchester United

MEDITASJON: Erling Braut Haaland med den klassiske feiringa si, her etter å ha fullført hat tricket mot Manchester United i oktober 2022.

Foto: PHIL NOBLE / Reuters

I eit intervju med Alan Shearer, den mestskårande spelaren i historia i Premier League, hos The Athletic frå sommaren 2022, snakka Haaland varmt om bruken av meditasjon.

– Dette er noko som har hjelpt meg mykje. Meditasjonen utanfor banen gjer at ein blir kvitt negative tankar, sa Haaland da og la til:

– Du må vere ekstremt fokusert. Du må vere sterk i hovudet, for det er ikkje lett å vere ein fotballspelar.

Manchester Citys trippel-suksess som ein får følge i Netflix-dokumentaren, kan framleis gjentakast denne sesongen.

I Premier League er City tre poeng bak serieleiar Liverpool, mens dei er klare for høvesvis kvart- og semifinale i Mesterligaen og FA-cupen.

Får støtte etter enorm tabbe 00:45

Publisert 03.04.2024, kl. 15.42

Read Entire Article