– Vi gjekk saman og hadde samtalar med Fifa før VAR. Det var nok ein del ting dei ikkje tok med seg, som eg framleis trur kunne gjort innføringa av VAR lettare, seier Nesbø i ein ny episode av NRKs podkast «Bakrommet».
I opptakta til fotball-VM i 2018 var det internasjonale fotballforbundet (Fifa) rådville. Videodømming skulle innførast i fotball for første gong, og fotballtoppane bekymra seg for korleis det skulle fungere i praksis.
For å forhindre at det skulle bli for mykje stopp i spelet tok dei kontakt med ein norsk trio som kan både fotball, forsking og historieforteljing.
Fifa bad om hjelp frå Nesbø, tidlegare landslagsspelar Petter Rudi, og bror hans Nils Rudi. Sistnemnde er ein av dei fremste ekspertane i verda på ein sportsanalyse og professor i anvend matematikk på Yale.
– Dei har lyst til halde på den makta
Nesbø er mest kjent som forfattar og musikar, men var ein lovande fotballspelar for Molde, før kneskadar gjorde at han la opp tidleg. Nesbø meiner det var rett å innføre VAR, men synest ikkje det fungerer godt akkurat no.
Han peikar spesielt på éin ting som dei tok opp med fotballsjefane: Hovuddommaren har for mykje makt, og brukar for lang tid.
– Eg meiner at VAR kan fungere akkurat som linjemannen gjer, seier Nesbø, og held fram:
– At hovuddommaren skal bestemme å springe ut og sjå på skjermen og vere den einaste som skal bestemme kva som eigentleg har skjedd der, det tar mykje tid, og det er ingen grunn til det.
Han meiner at det kan vere problematisk at dommarane sjølve styrer korleis videodømminga skal fungere.
– No er det jo dommarkomiteen i Fifa som eigentleg er dei som bestemmer korleis VAR skal fungere. Og det er ikkje sikkert det er så heldig, for dommarar er ikkje annleis enn oss andre. Viss dei først har fått makt, så har dei gjerne lyst til å halde på den makta, seier Nesbø.
VAR-debatten har vore brennheit i norsk fotball denne sesongen. Store delar av supporterane til dei norske klubbane har protestert. Det gjekk til slutt så langt at ein kamp mellom Rosenborg og Lillestrøm blei stoppa etter VAR-protestar som involverte fiskekaker, bluss og tennisballar som blei kasta inn på banen.
I slutten av november la Noregs Fotballforbund fram VAR-rapporten sin, og gjennom vinteren kjem videodømming til å bli stridstema på årsmøtet for mange klubbar.
– Dei sa det rett ut til oss
NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg avslører at han har spurt dei norske dommarane om akkurat det same som Nesbø påpeikar, nemleg at noko av dømminga bør gå føre seg i VAR-bussen.
– Eg lurte på kvifor dei ikkje kan seie at det er vi som dømmer, at dei dømmer saman. Eg berre la fram eit banalt eksempel. Vi kan seie at eg slår ned Åge (Hareide) inni feltet, knyttneve rett i trynet. Likevel må hovuddommaren springe ut og sjå på ein skjerm, og bruke eit minutt for å ta avgjerda. I staden for å berre gi det raude kortet, seier Løkberg.
Nesbø avslører at han tok opp temaet i møte med fotballtoppane før innføringa av VAR.
– Dommarkomiteen i Fifa sa jo rett ut til oss, at dei er veldig opptatte av å verne om autoriteten til hovuddommaren. Viss han blir tatt frå autoritet, så sluttar spelarane å ta dommaren seriøst, fortel Nesbø og fortset:
– Det trur eg ikkje er tilfelle, dei held seg rett og slett til det folk ser. Om dei sit i VAR-rommet, eller om dei spring rundt på bana i kortbukse, det har ingenting å seie, meiner Nesbø.
Publisert 06.12.2024, kl. 09.02