Nekta å ta løgndetektor etter prestisjetap: – Har blitt sjakkens «bad boy»

2 days ago 12



– Han har jo blitt sjakkens «bad boy».

Det seier NRKs sjakkekspert Kristoffer Gressli om ein av dei mest omdiskuterte spelarane i sjakken, Hans Niemann.

Niemann har tidlegare innrømt sjakkjuks, ramponert eit hotellrom og er i open konflikt med Magnus Carlsen. Denne gongen utfordra han Daniil Dubov til duell, der dei avtalte ein uvanleg straff til taparen.

Taparen måtte nemleg gjennomføre ein løgndetektortest.

Avtalen var at det skulle stillast eitt spørsmål i løgndetektoren, men etter kampen i Moskva den 8. mars blei den ikkje gjennomført.

– Eg har ingen intensjon om å gi ein som Dubov æra av å stille meg spørsmål i ein løgndetektortest, fortalde Niemann i ein video på hans eigen YouTube-kanal i etterkant, og grunngav det med åtferda til russaren.

Bakgrunnen for kampen var at Dubov ikkje møtte opp mot Niemann under lynsjakk-VM i romjula. Grunngivinga var at han skal ha sovna på hotellrommet, som førte til at Niemann omgåande utfordra han til duell.

Dubov svarte med å godta duellen – dersom Niemann aksepterte å ta ein løgndetektortest med spørsmål om juksing. Seinare blei det altså til at dei to møttest til ein kamp, der taparen skulle ta ein løgndetektortest.

– «Klovneshow»

Løgndetektortesten har fått merksemda til offentlegheita ettersom Niemann har innrømt juks på nett tidlegare.

Torsdag kveld bekrefta Niemann på X at løgndetektortesten er planlagd. Når og kvar testen skal gjennomførast skriv han ingenting om.

– Eg vil halde løftet mitt, skreiv han.

Tidlegare har han skrive at det må gjerast i ein naturleg setting.

Etter 18 spelte parti gjekk Dubov sigrande ut av duellen med eitt poengs margin.

– Ein må ikkje gløyme at han gjekk utan å ta meg i handa og kalla kampen for eit «klovneshow» på veg ut, skreiv Niemann på X etter at reaksjonane på den manglande løgndetektortesten begynte å renne inn.

Hans Niemann tweet

Foto: Skjermdump

Niemann skriv vidare at Dubov hadde eigne kriterium for løgndetektoren. At testen måtte bli gjennomført i Dubai, og at det var han sjølv som måtte dekke kostnadene.

Niemann har gjort det klart at han ikkje vil svare på spørsmål om denne saka og har dermed ikkje svart på NRKs spørsmål.

Daniil Dubov har overfor Chess.com fortalt at han ikkje ønsker å svare på Niemanns skuldingar.

Til russiske Cyber Sports, seier han at planen var å spørje Niemann om han har juksa i fysiske parti, kanskje med ei tidsavgrensing om dei siste fem åra.

Daniil Dubov

GODTOK: Daniil Dubov godtok utfordringa om taparpremie. Kampen blei spelt i Moskva 7.–8. mars.

Foto: Lennart Ootes

Trur Niemann var sikker på siger

NRK-ekspert Gressli trur ikkje at Niemann fortel heile sanninga om kvifor han ikkje gjennomførte straffa med ein gong.

Grassli trur Niemann aldri hadde nokon planar om å stille opp i ein løgndetektor.

– Eg trur Niemann oppriktig var hundre prosent sikker på at han skulle vinne. Han såg ikkje på straffa som ei realistisk greie, fortel Gressli.

– Meir treffsikker enn folk kanskje trur

Løgndetektortestar har vore omstridd i mange år, og norsk politi bruker det ikkje i etterforskingane sine. Likevel er løgndetektorekspert Ørjan Hesjedal klar på at ein kan stole på resultatet.

– Ein slik test er mykje meir treffsikker enn det folk kanskje trur, seier han.

Løgndetektor

TOMMELEN: Har du sett ein løgndetektor test på norsk TV før? Då var det truleg polygrafist Ørjan Hesjedal som gav svara tommel opp eller ned.

I løgndetektortestar kan personar bli testa om dei gjorde eller ikkje gjorde noko, eller om dei opplevde eller ikkje opplevde ei hending. Men det er veldig komplekst og det er usemje om kor trygge resultat ein løgndetektortest kan gi.

– Om ein skal stille opp i ein sånn test, så er sjansane for at det blir levert eit feil resultat meir hypotetisk enn at det er noko ein bør gå og frykte, seier Hesjedal.

Løgndetektortestar har blitt gjennomført på idrettsutøvarar tidlegare. Sjå dden pensjonerte proffsyklisten Mads Kaggestad teste seg i 2012.

Tidlegare proffsyklist Mads Kaggestad tok Ukeslutt si oppfordring om å la seg teste i løgndetektor for å utelukke at han har dopa seg.

– Gått over alle støvelskaft

Eksperten Gressli meiner å sjå ei endring i omdømmekulturen til sjakksporten, mykje på grunn av den omdiskuterte amerikanaren.

– Sjakk var jo i hundrevis av år ein gentleman-sport der ein var høflege og høviske med kvarandre, med nokre unntak sjølvsagt, men no har det jo gått over alle støvelskaft med Niemann, meiner Gressli.

Heller ikkje ekspertkollega Torstein Bae er imponert.

Det øvste nivået i sjakkverda er i stor grad basert på invitasjonar frå dei ulike arrangørane. Etter å ha blitt skulda for juks, hevdar Niemann at han blir svartelista frå sjakkverda.

Bae trur dermed at Niemann bevisst ønsker å skape kontroversar for å unngå å bli gløymd.

– Attraktiviteten hans i ein del samanhengar blir større enn om ein berre ser på ratingtalet hans, seier Bae.

– Sjølv om det kanskje er litt paradoksalt å skape endå meir bråk om dette med juksing og sånt, så har Niemann eit behov for å ikkje bli gløymt, meiner Bae.

Langrennski-stunt slo feil - norsk verdensmester mister EM 00:27

Publisert 25.03.2025, kl. 12.21

Read Entire Article