Nei til Hydros vindkraftplanar på Bergtjønnheia i Bygland

2 weeks ago 15



Me ynskjer med dette lesarinnlegget å seie klart ifrå om at me ikkje vil ha vindkraft på Bergtjønnheia.

Når ein les i media om til dømes planar for heilt enormt energikrevjande datasentre, og batterifabrikkar, gir dette ein ekstra sur dimensjon for vindkraft-planane som no ligg føre. Er det verkeleg dette tusenvis mål av flott Setesdals-heier skal ofrast for, spør innsendarane. Foto: Privat

Det var ei trist melding å få at Hydro no jobbar med vindkraftplanar på heiane austanfor Grendi i Bygland, inn over Bergtjønnheia og Heddefjell og vidare inn mot Vatnedalen. Det verker no som om heile austheia av den søndre delen av Bygland kommune kan ende med å bli bygd ned for vindkraft.

Vindkraft er svært øydeleggande for naturen, som mange før oss har peika på. Det er ikkje samsvar mellom den energien ein får ut av anlegga opp mot dei skadeverknadene denne energi-utvinninga gir. I tillegg til dei enorme mastene opp mot 250 meter, vil infrastrukturen mellom vindmøllene på ein uoppretteleg måte for evig tid rasere naturen rundt. Dette er det ikkje verdt.

Det verker no som om heile austheia av den søndre delen av Bygland kommune kan ende med å bli bygd ned for vindkraft.

I staden bør både riks- og lokalpolitikarar utfordre seg sjølve på både korleis ny energi skal bli produsert, kva den skal gå til og for i større grad å stø opp om energi-sparande tiltak for industri, bygningar og IT. For når ein les i media om til dømes planar for heilt enormt energikrevjande datasentre, og batterifabrikkar, gir dette ein ekstra sur dimensjon for vindkraft-planane som no ligg føre. Er det verkeleg dette tusenvis mål av flott Setesdals-heier skal ofrast for?

I framtida vil kanskje den framste ressursen eit område har å by på, vere urørt natur. For til tross for stor merksemd om omfanget av tap av naturmangfald, kan det samstundes verke som om presset på å bygge ho ned er sterkare ein nokon gang før. Dette er ikkje ei utfordring Noreg står i aleine, men som råkar land og område verda over. I Noreg aleine har dei villmarksprega naturområda sidan år 1900 verte redusert frå omkring halvparten av landarealet, til ca 11.2 prosent i 2023, i fylgje ein rapport frå miljøstatus.no. Og i fylgje ein sak på nrk.no er Noreg òg det landet i Europa som byggjer ned mest urørt natur.

Diverre syner mange politikarar manglande mot til å tenkje langsiktig, men tenkjer heller på den kortsiktige gevinsten vindkrafta gir. Dette er særleg synd for Agder og Setesdal. Denne regionen har vore særleg hardt råka av vasskraft-utbygging i høgfjellsområda.

Område som kan verte definert som urørt her i regionen, er det ikkje mange av, men det er jo då òg i nett desse områda det er planar om vindkraft, paradoksalt nok. For kvifor er det nett i den urørte naturen vindkrafta skal ligge? Reiser ein på kontinentet, vil ein sjå at vindkrafta stort sett er bygd i samband med allereie eksisterande menneskelege inngrep.

Grunneigarar seier nei

Me er grunneigarar i og rundt det planområdet Hydro planlegg for vindkraft. Dette er me negative til. I staden ynskjer me å bevare heia slik ho er. Både for eige bruk, for allmenta, men like mykje i respekt for naturen.

Kvifor er det nett i den urørte naturen vindkrafta skal ligge?

Mange grunneigarar kjenner òg eit sterkt ansvar for den grunnen dei eig. Den er komme til oss frå slekter føre oss, og mange ser òg føre oss å gje ho vidare til neste slekt, og kanskje med eit håp om at den er i betre stand no enn då me tok over. Denne moglegheita blir nok langt på veg borte no om planane til Hydro blir til verkelegheit.

Det er i staden nokre svært få personar som tenar godt på vindkrafta, medan så mange andre grunneigarar sitt igjen utan noko anna enn industri rundt oss der det før var skogar og vide heier. Det er difor vårt håp at Hydro allereie no i oppstartsfasen legg vekk planane for vindkraft på Bergtjønnheia og Heddefjell. Me er mange som ikkje vil ha det, og me kjem til å jobbe imot planane om Hydro går vidare med dei.

Finn ei anna løysning, Hydro

Hydro har vore eit viktig selskap for utviklinga av Noreg, det har skipa til industri, arbeidsplassar for tusenvis og i enkelte høve også små byar rundt verksemda selskapet har bygd opp. Samstundes er det verdt å minne om dei enorme naturinngrepa som denne industrien er bygd på. For å nemne nokre døme: På Rjukan blei den flotte Rjukanfossen lagt i røyr og heile Møsvatn og vassdraget nedover demt opp for Hydro-fabrikken på Vemork.

Eit nesten enda verre døme er det enorme Røldal-Suldal kraftanlegg, med ein rekke store magasin, overføringstunnelar og oppstemte vatn i fjellheimen i og rundt Røldal og Suldal, som blei oppdemt mellom anna for aluminiumsfabrikken til Hydro på Karmøy. Så Hydro, ikkje gjer den same feilen igjen. I staden vil me oppmode dykk om å utvikle ein anna, meir berekraftig og naturvennleg måte å drive selskapet på.

Her er Statkraft sine planar for vindkraftverk i Setesdal

Nytt vindkraft­verk får turbinar som er over 200 meter høge

Read Entire Article