Nato diskuterer 100 milliardar dollar i militærstøtte til Ukraina: – Det vi gjer er ikkje nok

1 month ago 31



– Årsaka til at vi diskuterer dette er at vi ser situasjonen på slagmarka. Vi ser kor krevjande og vanskeleg situasjonen er i Ukraina.

Det seier generalsekretær Jens Stoltenberg på ein pressekonferanse onsdag formiddag.

Han opna utanriksministermøtet i Brussel, der dei skal diskutere ny, langvarig pengestøtte til det ukrainske militæret.

-

Stoltenberg opna utanriksministermøtet i Brussels onsdag føremiddag.

Foto: KENZO TRIBOUILLARD / AFP

Målet er å ferdigstille ein avtale om støtte på Nato-toppmøtet i juli.

– Europa står no overfor krig som vi trudde heldt til i historia. Dei siste dagane har Kreml utført nye store angrep som har treft ukrainske sivile og infrastruktur. Russland held fram med å presse langs frontlinjene, sa Stoltenberg.

– Vi ønsker velkomen alt som dei Nato-allierte har gjort. Samtidig ser vi at vi må gjere meir. Det vi gjer er ikkje nok.

Vil ikkje kommentere beløpet

Stoltenberg vil ikkje stadfeste eller avkrefte Nato-forslaget som er meldt av Financial Times, altså over tusen milliardar kroner.

Også Al Jazeera melder at pengane utifrå forslaget skal fordelast over fem år.

-

I dag bidreg Nato-landa med 99 prosent av den militære støtta til Ukraina. Stoltenberg meiner bidragsmodellen ein bruker i dag er for lite føreseieleg.

Foto: ROMAN PILIPEY / AFP

– Vi må endre på dynamikken i støtta vår, seier Stoltenberg, og legger til dette om leiinga av forsvarsalliansen:

– Vi meiner sterkt at støtta til Ukraina skal vere mindre avhengig av kortvarige, frivillige tilbod, og meir på langvarige Nato-løfter.

Meiner USA har bremsa militærstøtta

Eit hinder i forhandlingsprosessen den siste tida har vore Nato sin største bidragsytar av militærstøtte til Ukraina, altså USA, seier Stoltenberg.

– Det faktum at det ikkje har vore noko einigheit i den amerikanske kongressen om å halde fram med denne støtta har konsekvensar.

France Blinken

Den amerikanske utanriksministeren Antony Blinken (lengst til venstre) var tysdag på besøk hos den franske ammunisjonsprodusenten NEXTER. I dag deltek han på Nato-møtet i Brussel.

Foto: Thomas Padilla / AP

– Det er ein av grunnane til at ukrainarane må rasjonere artilleri-ammunisjon, og har problem med å møte den russiske militærmakta, som har meir ammunisjon og meir artilleri.

Utan nok ammunisjon kjem Ukraina til å tape krigen, sa det ukrainske parlamentsmedlemmen Oleksandra Ustinova då ho besøkte våpenprodusenten Nammo på Raufoss før påske.

Politisk sikring

Det er venta at den amerikanske utanriksministeren Antony Blinken kjem til å løfte fram det transatlantiske samarbeidet, som har blitt styrka sidan Joe Biden blei president.

No som Donald Trump kan ta sjefsrolla tilbake i november, er fleire i alliansen uroa for at samarbeidet på nytt vil bli nedprioritert, skriv blant anna Financial Times og Politico.

Former President Trump Speaks To The Media After Court Appearance In Hush Money Case

Då Trump var president, hadde han mykje fokus på å setje USA først og vende bort frå internasjonale samarbeid.

Foto: MICHAEL M. SANTIAGO / AFP

Dei kallar det nye forslaget for «Trump-sikring», men ordlaget i sjølve dokumentet er annleis.

Det kallar beløpet i forslaget for eit vern mot «vindane av politisk endring».

Møtet i Brussels varar fram til i morgon.

Publisert 03.04.2024, kl. 12.53

Read Entire Article