Når distrikta syng, må byfolket lytte

5 hours ago 3



Marius Sørgjerd / Universal / Handout / NTB

Synne Vo og Tobias Sten har nyleg sleppt låten «Ingen her e deg» saman. At ein låt på stordamål og gudbrandsdøl ligg på topplistene, betyr meir enn ein trur.

    Søndag 24. august kl. 08:15
     Dordi Boksasp LerumAv: Dordi Boksasp Lerum

    Sentralstyremedlem i Senterungdommen

    Musikk på dialekt herjer på topplistene.

    Samstundes lever vi i ei tid der bygda stadig må forsvare sin plass.

    Når verda blir meir polarisert og uforutsigbar, søkjer fleire heim. Nettopp difor treff denne musikken no.

    Musikk på dialekt gir oss ei kjensle av fellesskap og kjærleik til heimstaden.

    Eg er sjeldan så stolt over landet mitt som når eg ser ut vindauget heime på Kanestraum på Nordmøre, der dei majestetiske Tustnastabban stikk opp av havskodda og Halsafjorden snirklar seg inn mellom fjell og dalar i det midtnorske landskapet.

    Musikk på dialekt minner meg om bygda mi på dagar der eg sit på studenthybelen og lengtar heim.

    At ein song på dialekt kan konkurrere med dei største internasjonale poplåtene, seier noko om korleis musikk-Noreg er i ferd med å endre seg.

    I mange år har austlandsk har vore det vanlegaste i norsk pop, sannsynlegvis fordi det er der dei største byane, studioa og plateselskapa ligg.

    Men det er både viktig og på høg tid at dialektane og bygdene får ta meir plass i musikklandskapet.

    Når fleire artistar syng på si eiga dialekt, gir det eit meir mangfaldig og ekte lydbilde av landet vårt.

    Det er kult at musikk-Noreg får meir dialektmangfald: som då Astrid S song på rennebudialekt på årets «Hver gang vi møtes» eller når Sondre Justad rører heile landet med nordnorsk musikk.

    Ella Marie Hætta Isaksen har teke det samiske inn i byane, og gjer at joik og samisk kultur blir ein naturleg del av den norske musikkscena.

    Er ikkje det flott?

    Popkultur gir eit frampeik på kvar verda er på veg, no er vi på veg dit at folk i større grad enn før søkjer til det som er heimekjært.

    Undersøkingar som UngData og Ung i Norge viser også at ungdom har vorte meir heimekjære dei siste tiåra.

    Det er rett og slett moderne å vere glad i heimplassen sin.

    Er du stolt av dialekta di?aJa, absolutt!bTja, er jo litt stolt av nokre ord.cNei, eg likar den ikkje så godt.

    For meg er heimstaden tryggleiken sjølv.

    Ein stad ein alltid kan kome heim til, der alle kjenner alle og vil kvarandre vel.

    Uansett om ein kjem frå bygda eller er oppvaksen i ein by, trur eg mange kan vere samde om at ein er glad i lokalsamfunnet sitt.

    I ei utrygg verd er det trygt å vere heime.

     Geir Olsen / VGSKOLENEDLEGGELSER: Synne Vo deltok i demonstrasjon mot skolenedleggelser i Innlandet i fjor haust. Foto: Geir Olsen / VG

    Musikken til Synne Vo og fleire blir ei påminning om kvar vi kjem frå, og om den kjærleiken mange av oss føler til heimstaden vår.

    Men at vi kan synge på dialekt frå Lesja eller Nordmøre og bli spelt på radio, kjem ikkje av seg sjølv. Det krev levande bygder.

    Og levande bygder kjem av politiske val.

    Når skular blir lagde ned, når politiet blir flytta vekk, når butikkar og møteplassar forsvinn – då mistar vi ikkje berre tenester, men òg kulturen som dialekta og musikken spring ut frå.

    Vi treng moglegheiter til å bu, jobbe og leve godt i heile Noreg.

    Moglegheiter til å bygge liv og identitet utan å måtte flytte for å få tilgang til heilt grunnleggjande tenester.

    Synne Vo si stemme frå Lesja er ikkje berre vakker musikk – ho er òg ei påminning om kor mykje som står på spel for heimstadene våre.

    For det handlar ikkje berre om tal og budsjett, men om noko så enkelt som at vi kan halde fram med å leve og bu på dei plassane vi kallar heime.

    Når det ukjende er uroleg, er det heimlege og faste det tryggaste.

    Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til debatt@vg.no. Unge meninger-prosjektet er finansiert med støtte av Stiftelsen Tinius. Les mer.
    Read Entire Article