Mannen i 50-åra blei ikkje særleg glad for besøket.
Det var på slutten av sommaren 2023 at eigedomen til mannen i 50-åra skulle tvangsseljast.
I den forbindelse reiste ein namsfullmektig, ein takstmann og ein låsesmed til huset hans i ein bydel i Bergen.
Det endte med minst to ribbeinsbrot og knust frontvindauge på takstmannen sin Tesla.
No er mannen dømd til åtte månadar fengsel etter hendinga. Det inkluderer to lovbrot for skremmande og omsynslaus åtferd mot ytterlegare to personar.
Skulle til å forlate eigedomen
I den ferske dommen frå Hordaland tingrett kjem det fram at ein advokat allereie hadde vore på eigedommen to gongar utan å oppnå kontakt med eigaren.
Ein saksbehandlingsfeil hjå namsmannen gjorde at mannen i 50-åra ikkje fekk varsel om at tre personar skulle kome på besøk ein tredje gong for å utføra ein takst.
– Det er likevel ingen tvil om at han var klar over at det var sett i verk ein tvangssalprosess, skriv tingretten.
Mannen i 50-åra var ikkje særleg villig til å la takstmannen gjennomføra ein takst på eigedommen hans denne dagen. Namsfullmektige bestemte difor at dei tre skulle forlata eigedomen.
Slo kvinne med bildør
Det rakk dei ikkje før situasjonen brått eskalerte. Tingretten har funne følgande hendingsgang bevist:
På veg til bilen vart den kvinnelege namsfullmektige sparka, eller slått, så hardt i ryggen at ho fall framover og over nokre søppelspann. Ho reiste seg for å komme seg inn i låsesmeden sin bil.
Då kom mannen i 50-åra etter henne.
Medan ho sto mellom bilen og bildøra, tok mannen tak i bildøra og slo den hardt inn i ryggen hennar. Valden førte til brot i minst eitt ribbein, og dessutan store smerter i nakken.
Låsesmeden prøvde å ta tak i mannen for å fjerne han frå situasjonen. Då fekk han eit slag i magen som var såpass hardt at også han braut eit ribbein.
Skulle teste motorsykkelen – må i fengsel
Kasta store steinar på bil
Etter at både låsesmeden og takstmannen likevel hadde fått stogga valden mot den kvinnelege namsfullmektige, sette dei seg inn i kvar sin bil for å køyre vekk.
Men takstmannen sin bil var innesperra av låsesmeden sin bil. I mellomtida hadde mannen i 50-åra funne ein «relativt» stor stein.
Han stod framfor bilen til takstmannen då han kasta steinen tre gongar i frontvindauga på bilen.
– Han vart svært redd og følte seg fanga i bilen, utan sjanse til å beskytte seg, skriv tingretten om takstmannens forklaring.
Til slutt kom sambuaren til mannen og fekk roa han ned.
Kasta villaksen i busken då politiet var på veg
– Uprovosert
I straffutmålinga legg retten vekt på at valden skjedde uprovosert.
Sjølv har mannen forklart at han var sint over at namsmannen allereie hadde bora hol i låsen på husdøra.
– Tiltalte var aggressiv og upårekneleg. Kvinna var på jobb som namsfullmektig under angrepet, noko som skjerpar alvorsgraden, då ein har rett på tryggleik i arbeidssituasjonen, summerer dommarane.
Mannen i 50-åra må også betale 50.000 kroner i oppreisning til kvinna, 40.000 i oppreisning til låsesmeden og 10.000 kroner i erstatning til taktmannen som fekk frontvindauga knust.