Mykje rognebær i fjor kan gi epletrøbbel i år

6 hours ago 2



Det ser ut til å gå mot ein knallsesong for norske eple.

Tidlege prognosar viser at det ligg an til å bli produsert om lag 12.200 tonn – litt meir enn det Eiffeltårnet veg, til samanlikning.

Men nokre små krabatar kan likevel stå i vegen.

en person som holder eplekart

Det er ikkje teikn til rognebærmøllangrep – enno. Fruktbonden håpar dei har treft med sprayinga av plantevernmiddelet mot det frykta insektet.

Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK

– Heile sesongen er det insekt som kan gjere stor skade, seier fruktbonde Aud Halland Molvik der ho står blant epletrea sine på Leikanger i Sogn.

Får bruke «meget giftig» plantevernmiddel

I år er det venta store angrep av rognebærmøll i alle fruktdistrikta i landet.

Møllen legg egg inne i rognebær, men når det ikkje er nok bær i naturen, er eple det nest beste alternativet.

– Når larven klekker så et han eplet frå innsida. Då blir det øydelagd som konsumfrukt, seier Stine Huseby i Norsk Landbruksrådgiving (NLR).

Mattilsynet har derfor gitt fruktbøndene lov til å bruke det sterke plantevernmiddelet coragen mot rognebærmøllen.

Det må sprayast på trea akkurat når høva ligg til rette for det.

Eple angrepet av rognebærmøll

Slik kan det sjå ut når rognebærmøllarven har hatt etegilde inne i epla. Middelet coragen er berre lov å bruke i perioden 31. mai til 31. juli i år. Arkivfoto.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

– Det er det einaste vi kan bruke for å beskytte oss mot angrepa, seier Halland Molvik.

Sjakk matt mot insekta

Men det er ikkje berre rognebærmøllen som truar dei gode prognosane.

Andre insekt gjer fruktbonden på Leikanger meir bekymra: larvar, teger og diverse plantesugarar.

– Det er ein trist situasjon å vere i. Du veit du har potensial til å levere veldig god frukt, men er sjakk matt fordi du ikkje har noko å hjelpe deg med mot desse insekta, seier ho.

Halland Molvik meiner norske fruktbønder ikkje får konkurrere på like vilkår som andre fruktbønder i EU, som har tilgang på middel som ikkje er tillatne her i landet.

– Vi er absolutt for at midla skal testast og vil ikkje bruke noko som er skadeleg for miljøet, men samtidig er vi avhengige av at dei midla vi har, faktisk skal hjelpe oss.

en person som står i Sogndal sentrum

Stine Huseby i NLR seier middelet mot rognebærmøll fungerer godt, så lenge ein treffer med tidspunktet for sprayinga. Ho ønsker betre plantevernmiddel mot andre skadedyr.

Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK

Huseby i NLR meiner ordninga med å søke dispensasjon om bruk av middel mot rognebærmøll er fin.

Problemet er, ifølge henne, at andre insekt kan dukke opp uventa i løpet av ein sesong.

– Vi manglar til dømes middel mot viktige insekt som tege. Dei gjer stor skade. Der har vi ingen middel tilgjengeleg til vanleg.

Andre krav i Sverige og Danmark

Mattilsynet har ansvar for å godkjenne bruken av plantevernmiddel for fruktdyrking i Noreg. Dei følger EU-regelverket.

Det finst likevel nokre særeigne nasjonale krav for å «sikre trygg bruk av plantevernmiddel i eit norsk klima og miljø», skriv Abdelkarim Abdellaue i Mattilsynets avdeling for godkjenningar.

Mot insektet tege finst det tre ulike middel som ikkje er varig godkjende til bruk i norsk frukt.

  • Decis Mega EW 50
  • Karate 5 CS
  • Raptol – som norske bønder har fått dispensasjon til å bruke berre i naudssituasjonar.

Sistnemnde er derimot lov å bruke i fruktkulturar i Sverige og Danmark.

Det handlar om at det er andre krav til avstand ved bruk av middelet i Danmark.

– Dei tillèt opp til 50 meter avstandskrav til vatn ved sprøyting i fruktkulturar, i motsetnad til 30 meter i Noreg. Dette vil føre til mindre vindavdrift og derav lågare risiko for organismar som lever i vatn, skriv Abdellaue.

– I Sverige er det krav om at det skal brukast utstyr som reduserer vindavdrifta 99 prosent ved sprøyting nærare enn 100 meter frå vatn.

Slikt utstyr finst ikkje i den norske marknaden, ifølge Mattilsynet, og derfor er det strengare regulert her.

en person som står i et felt med eple- og pæretrær

Fruktbonde Aud Halland Molvik håpar uansett at dei klarar å berge avlingane frå dei verste insektangrepa – sjølv om ønsket om betre plantevernmiddel stadig er der.

Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK

– Vi kan forstå at fruktbønder kan oppleve det som urettferdig om middel er godkjende i nabolanda, men ikkje i Noreg.

– Samtidig vil vi nemne at andre land også har nasjonale krav og forhold som gjer at det i nokre tilfelle er motsett, der preparat i Noreg ikkje er godkjende i t.d. Sverige eller Danmark, seier Abdellaue.

Publisert 29.06.2025, kl. 16.15

Read Entire Article