Moteekspertane ueinige om denne sveisen: – Gjer deg sjølv til målskive

4 hours ago 1



Da Noreg tok seg til VM med 4-1-siger over Italia så det til tider ut som det var to ballar på banen.

Noregs høgreback, Julian Ryerson, stilte nyfrisert til kamp.

Det kritkvite håret var pynta med leopardmønster.

LAGBILDE: Elleve Noreg-spelarar klare til kamp. Julian Ryerson (framfor til venstre) er lett å kjenne igjen med den ikoniske sveisen.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Eg synest sveisen er både kul og unik. Det er alltid gøy når nokon tør å skilje seg ut på ein kreativ måte. Dette er ein frisyre som verkeleg gjer eit «statement», seier Isabella Schack til NRK.

Isabella Schack

EKSPERT: Isabella Schack er frisør, og har god peiling på hår.

Foto: Isabella Schack

Sveisen skapte straks reaksjonar, særleg i sosiale medium.

– Yay eller ney?

– Den er yay, svarer Tete Lidbom og grunngir:

– Ein sånn sveis legg lista høgt. Veldig høgt. Du gjer deg sjølv til målskive, spesielt her i Noreg. Det liker eg. Det vitnar om sjølvtillit og ambisjonar, samtidig som han ikkje tar seg sjølv for sjølvhøgtideleg. Det har vi nordmenn godt av, seier Tete Lidbom til NRK.

  • Bilde av en person med en særegen frisyre med dyreprint. Håret er kortklippet og designet i leopardmønster. Personen er sett bakfra, noe som viser detaljer i frisyren. Bakgrunnen er uklar, noe som gir fokus på håret.

    SVEIS: Julian Ryersons bakhode fotografert underveis i søndagens kamp.

    Foto: Luca Bruno / AP / NTB
  • Ryerson og Haaland

    FEIRING: Julian Ryerson sammen med Erling Braut Haaland.

    Foto: Alessandro Garofalo / Reuters / NTB
  • Ryerson header ballen

    HODESTØT: Hårfine Julian Ryerson header ballen.

    Foto: Luca Bruno / AP / NTB
  • Ryerson i duell med Dimarco

    DUELL: Julian Ryerson i en av mange dueller med Federico Dimarco.

    Foto: STEFANO RELLANDINI / AFP / NTB
  • en mann i blå skjorte

    FØR: Sist Norge møtte Italia, i juni, hadde Julian Ryerson rosa hår.

    Foto: Lise Åserud / NTB

Hva synes du om sveisen?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

– Det krev definitivt mot å gå for noko så iaugefallande. Ein treng sjølvtillit for å rocke ein så markert stil, og det er kult å sjå at folk tør, seier Schack.

Sonia Uppal er moteredaktør i Costume, og kjem neppe til å gå for leopardsveis neste gong ho skal til frisøren. Men redaktøren rosar Ryerson.

– Kor tøff er du når du stiller opp på fotballkamp med denne sveisen?

– Eg tenker at dette er rett og kanskje den einaste rette arenaen for ein sånn sveis, seier Uppal til NRK.

Sveisen er blant anna omtalt av nettstaden Goal.com og Yahoo. Den britiske tabloidavisa The Sun meiner sveisen er omstridd, og viser til at éin gjerne vil ha Noreg kasta ut av VM på grunn av sveisen.

Fleire store stjerner

Ryerson har ikkje stilt til intervju om eigen sveis, men NRKs fyldige bildearkiv viser at han er ei ny stjerne i rekka.

På 90-talet herja NBA-stjerna Dennis Rodman på parketten med mange ulike frisyrar. Éin av dei var leopard-sveisen.

Seinare følgde snøbrett-stjerna Daniel Franck i 1998 og Shanice van de Sanden i 2019.

En utøver i en rød jakke peker mot publikum mens han viser frem en sølvmedalje. Bakgrunnen er uskarp, men antyder en festlig atmosfære. Medaljen henger fra et bånd rundt halsen. Utøveren er iført en jakke med flere lommer og detaljer som viser til olympisk deltakelse.

1998: Daniel Franck med OL-sølv rundt halsen og leopardsveis på toppen.

Foto: PAUL SAKUMA / AP / NTB

En fotballspiller med kort, mønstrete hår er iført en oransje drakt. Han står på banen, delvis vendt bort fra kameraet. Bakgrunnen viser en uskarp publikumssylv, typisk for sportsarrangementer. Bildet fanger en intens øyeblikk av en kamp.

LEOPARD: Nederlandske Shanice van de Sanden spelte EM i 2019 med leopardsveis.

Foto: LOIC VENANCE / AFP / NTB

Fleire unge vil ha leopardsveis

– Leopardmønsteret treffer dessutan tidsånda, nå som trenden har gjort eit solid comeback i motebildet. Utanfor stadion ville det vore ein dristig kvardagsfrisyre, men i fotballverda skil spelaren seg frå mengda.

Frisør Isabell Shack har sjølv aldri gitt nokon leopard-sveis, men ser heilt klart ein aukande trend.

– Eg ser at slike mønster og barber–design har blitt meir og meir populære, spesielt blant yngre kundar, seier Schack.

Bilda av Noreg som blir VM-klare vil for alltid stå i norsk idrettshistorie. Der vil Ryersons ikoniske leopardsveis vere med.

– Når ein profilert spelar viser seg fram med ein så spesiell frisyre, blir det ofte ein trend. Eg trur mange barn og unge som ser opp til han, kjem til å ønske seg noko liknande framover, seier Schack.

– Kan det bli den nye folkesveisen?

– Kanskje han blir å sjå under VM neste år – men i så fall truleg på tribunar i USA, ikkje på Kontraskjæret. Her heime er det få som vågar å skilje seg så tydeleg ut i folkemengda, svarer moteredaktør Sonia Uppal.

Sonia Uppal, moteredaktør i Costume

EKSPERT: Sonia Uppal, moteredaktør i Costume.

Foto: PRIVAT

Publisert 17.11.2025, kl. 15.41

Read Entire Article