Luft- og jernbanetransport er påverka etter eit droneangrep mot Moskva og ni andre regioner natt til tysdag.
Det seier det russiske forsvarsdepartementet til det statlege russiske mediet Tass.
Dei hevdar at 91 av totalt 337 droner som luftforsvaret skaut ned i natt, var retta mot hovudstaden.
Legg vi informasjonen frå russiske myndigheiter til grunn, er dette det største ukrainske droneangrepet mot Moskva hittil i krigen.
Bildet er delt på Telegram av Moskva-guvernør Andrej Vorobjov.
Foto: NTBDette skjer timar før USA og Ukraina etter planen skal starte forhandlingane om ein fredsplan.
Ukrainske myndigheiter har ikkje kommentert angrepet, men opplyser til Reuters at deira luftforsvar har skote ned eitt ballistisk missil og 79 av over 100 dronar frå Russland i løpet av natta.
– 337 dronar
Moskva-ordførar Sergej Sobjanin kallar angrepet mot Moskva «massivt».
På Telegram skriv han at ein person blei drepen og fleire skadde då ei bustadblokk omtrent 50 kilometer sør for sentrum blei treft av restar frå nedskotne droner.
Russland skuldar Ukraina for angrepet, og kallar det det største ukrainske droneangrepet mot Moskva hittil.
Dei seier at luftforsvaret skal ha skote ned totalt 337 dronar over ti ulike regionar. 91 av desse skal ha vore retta mot hovudstaden og området rundt.
Lokale myndigheiter har delt fleire bilete frå leilegheiter som dei seier skal vere trefte av dronerestar i området rundt Moskva.
Foto: TATYANA MAKEYEVA / AFP / NTBEin skal vere drepen
Ein person er drepen og tre skadde av restane av dronane, som skal ha treft fleire bustadblokker, skriv guvernøren for Moskva-regionen på sin Telegram-kanal.
Dødstalet er ikkje stadfesta av andre.
Moskva og regionen rundt er eit av dei største byområda i Europa, med minst 21 millionar innbyggarar.
Rammar infrastruktur
Luft- og jernbanetransporten i regionen skal vere ramma.
Myndigheitene skal ha innstilt flygingar ved alle fire av Moskvas flyplassar som eit sikkerheitstiltak.
I tillegg er to flyplassar aust for Moskva, i Novgorod-regionen, stengde ned.
Utbrente bilar på ein av plassane der restane av dei nedskotne dronane skal ha landa. Bildet er delt på Telegram av Moskva-guvernør Andrej Vorobjov.
Foto: NTBDet russiske statlege mediet Ria skriv også at delar av jernbanen 35 kilometer frå bykjernen er treft av restar frå dei nedskotne dronane.
Kyiv har tidlegare sagt at angrep mot russisk jord er meint å øydelegge viktig infrastruktur for Russlands krigføring, og at dei er eit svar på den kontinuerlege bombinga av Ukraina, der tusenvis av sivile er drepne i krigen.
Krigen starta då Russland invaderte og deretter annekterte Krim-halvøya i 2014, og utvikla seg med Russlands fullskala invasjon av Ukraina i 2022.
Publisert 11.03.2025, kl. 06.12 Oppdatert 11.03.2025, kl. 07.28