– Det er ikkje berre-berre å finne den, seier naturfotograf Morten Andre Mella.
Han har vore på jakt etter mandarinanda tidlegare, men det skulle ta tid før han endeleg lykkast.
Mandarinanda er ein framand art, men han vert sett stadig oftare i Noreg no enn før.
Ifølge Mella er det to sidan fargeklatten var på visitt i Bodø.
– Då klarte eg ikkje å finne han fordi han flyttar seg. Så las eg i avisa at han hadde dukka opp på nytt, så tok eg sjansen på at eg klarte å finne han.
Fann han til slutt
Etter ein målretta jakt, klaffa det endeleg.
– Så var han der. Då var det berre å knipse i veg.
Det er første gongen han har fått sjå mandarinanda.
Martin Eggen, naturnvernrådgivar i Birdlife Norge stadfester at ein må vere på rett plass til rett tid for å få eit glimt av den spektakulære arten.
– Det varmar hjartet til ein ornitolog når det er så mykje fugleglede, seier Eggen.
Martin Eggen, naturvernrådgivar i Birdlife Norge.
Foto: Trude FurulyMella var ikkje den einaste som kjente på fuglegleda.
Han møtte nemleg fleire som var på jakt etter mandarinanda dei hadde lese om i avisa.
– Det er stor ståhei, det er jo folkehav som står med mobiltelefonar. Det blir jo eit midtpunkt, seier Mella.
– Veldig vakre
– Alle endene vi har i norsk natur er veldig vakre, spesielt hannene er spektakulære på kvar sin måte. Så det er jo ein evig skjønnheitskonkurranse, men mandarinanda har kanskje det vesle ekstra som gjer at folk sperrar opp auga.
– Så er dei ofte ganske tamme så folk får sett dei godt og tatt fine bilde.
Mandarinanda kan jaktas på i perioden 21. august til 23. desember.
Foto: Morten Andre MellaHan fortel at dei ikkje er heilt uvanlege å sjå i april og utover mai, for no føregår det eit enormt trekk av fuglar og ender frå sør til nord.
Mandarinendene kastar seg med.
Mandarinanda er eigentleg ein stamfugl i Kina som er ganske trua, og har blitt frakta til Europa via parkar og private samlingar.
Sjøl om den ikke høyrer til i norsk natur, ugjør han ikkje stor risiko for naturen.
Han trengjer i liten grad ut andre artar med utbreiing i Noreg, og parar seg sjelden med andre ender.
Ein sjeldan fugl
Sjølv om det hender med jamne mellomrom, er det ein sjeldan fugl å sjå her. Og det var Mella fullt klar over.
– Ein kan seie kva ein vil, men det er ikkje kvardagskost for å seie det forsiktig.
Anda blei innført til England på 1700-talet på grunn av sin fargerike fjørdrakt.
Foto: Morten Andre Mella– Det er supert å stå der klart med kamera og gjere det ein kom for å gjere. Det er ikkje ofte ein er så heldig i naturfotografering. Ofte dukkar det jo ingenting opp. Det er spesielt fordi det er så urbant og bynært som det er. At folk kan vere der og oppleve det alle saman er jo heilt utruleg.
Publisert 10.04.2026, kl. 12.11 Oppdatert 10.04.2026, kl. 12.39










English (US)