Dokumentarfilmen «Vi som solgte landet» følger menneske som opplever at naturen blir rasert av prosjekt i det grøne skiftet.
Filmen hadde premiere i helga og vart meldt av Ulrik Eriksen i Morgenbladet.
Eriksen skildrar opningsscena som panorerer eit vakkert norsk fjellandskap. Kamera bevegar seg sakte frå urørt natur til eit nettverk av vegar, vindmøller og deponi i fjellheimen.
Det er slåande og verknadsfullt, skriv Eriksen, etterfølgt av:
«Det er berre eitt problem. Scena er KI-generert. Den er fake.»
Regissør Kieran Kolle kallar påstanden for rein løgn, og slår fast at bilda i scena er ekte.
Morgenbladet har beklaga feilen og retta opp i artikkelen.
– Flautt, rett og slett
Kolle synest det er hårreisande å antyde at ein dokumentarfilm brukar bilde generert av kunstig intelligens.
– Eg ville blitt overraska om nokon brukte slike verkemiddel i ein dokumentarfilm. Det heng rett og slett ikkje på greip.
Kolle meiner det ville vore uhøyrt å KI-generere innhald i ein dokumentar, men vil gjerne ha ein diskusjon om kvar grensene bør gå.
Foto: Oskar Rennedal / NRKHan meiner at Eriksen sin påstand viser ein total ignoranse for dokumentarfilmkunsten.
– Han sår tvil om sanninga, i eit samfunn der sanninga står i fare. Og det er trist at Morgenbladet skal bidra til dette, seier han om avisa sin faktaglipp.
Skjermbilde med utheva tekst av den opprinnelege meldinga av dokumentarfilmen «Vi som solgte landet».
Foto: MorgenbladetMest av alt er regissøren sjokkert over at ein erfaren filmmeldar antek, utan å faktasjekke.
– Det er jo på ein måte ei ærekrenking. Og for ein såpass merittert filmmeldar som Eriksen, så synest eg at det er litt flaut, rett og slett.
«Hvor lenge kan vi tro våre egne øyne?»
I same utgåve av Morgenbladet vart artikkelen «Hvor lenge kan vi tro våre egne øyne?» publisert.
Den peikar på utfordringa ein kallar «løgnaren sitt utbytte», og det blir mellom anna skrive følgande:
«.. store mengde løgn og desinformasjon leiar til eit inntrykk av at «alt» kan vere falskt, slik at sannferdig innhald blir mistrudd og stempla som usant».
Slik fekk Morgenbladet, truleg uvitande, sett ord på problemet dei sjølv bidrog til.
Fleire har spurt produksjonsteamet om bilda i opningsscena er KI-genererte.
Foto: Oskar Rennedal / NRKFungerande kulturredaktør Nikolai Kleivan legg seg flat på vegner av avisa.
– Vi synest jo det er flautt. Der har vi gjort ein openberr feil. Det var feil å hevde at opningsscena var KI -generert, og at redaksjonen og redaktørleddet ikkje sjekka påstanden.
Har auken av KI-generert innhald påvirka kor mykje du stolar på informasjon?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
På nett vart filmmeldinga publisert laurdag klokka 04.01, og vart retta same dag klokka 11.52.
Falskt innhald skaper mistru til ekte innhald
Dei siste åra har det vore eit problem at folk blir lurte til å tru at KI-generert innhald er ekte. Men at ein mistrur innhald som faktisk er ekte, er ei litt nyare utfordring.
– Jo betre teknologien blir til å etterlikne noko ekte, jo vanskelegare blir det å bevise at noko er ekte, seier medieforskar Erik Knudsen ved Universitetet i Bergen.
Filmmeldar Ulrik Eriksen har ikkje svart NRK på kva som fekk han til å tru at opningsscena var KI-generert.
Men kva meiner medieforskaren?
Det var denne scena Ulrik Eriken meinte var KI-generert.
Medieforskar Erik Knudsen ved UiB.
Foto: Universitetet i Bergen– Eg kan forstå at det ser manipulert ut på eit vis. Overgangen frå rein natur til vindmøller og deponi er brutal. Men eg ville ikkje tenkt at det var KI-generert.
Knudsen legg til at det allereie er vanskeleg, og berre blir vanskelegare, å vite om noko er laga av KI.
– Men det å fastslå det utan bevis, det er problematisk.
– Lesarane har grunn til å forvente meir av oss
Kulturredaktør Kleivan seier seg einig i at den raske teknologiske utviklinga er ei stor utfordring.
Fungerande kulturredaktør Nikolai Kleivan.
Foto: Morgenbladet– I ein nyheitskvardag som allereie er sterkt prega av informasjonskrig og robotar, så er det sjølvsagt ei bekymring at falske bilde blir stadig likare dei ekte bilda. Og at også dei ekte bilda blir vanskelegare å verifisere.
Kleivan meiner ikkje at feilen vitnar om dårlege rutinar i Morgenbladet, men heller om ein enkeltståande feil.
– Alle kan gjere feil, det gjeld Ulrik Eriksen, det gjeld også oss i Morgenbladet.
Han nyttar høvet til å unnskylde enda ein gong.
– Vi vil beklage igjen til Kieran Kolle og alle andre som har blitt råka av denne feilen, og også til lesarane våre som har grunn til å forvente betre av oss.
Publisert 24.02.2026, kl. 13.03 Oppdatert 24.02.2026, kl. 13.06

















English (US)