Mogleg ferje­streik laurdag kan råke 33 samband

4 weeks ago 28



Meklinga mellom sjømannsorganisasjonane (Norsk Sjøoffisersforbund, Norsk Sjømannsforbund og Det norske maskinistforbund) og NHO Sjøfart starta torsdag morgon.

Om dei ikkje blir einige innan meklingsfristen ved midnatt fredag, vil mannskap ved 33 ferjer over heile landet vere tatt ut i streik frå laurdag morgon.

I tillegg vil fleire snøggbåtar, og sambandet Aker Brygge-Nesodden, bli råka.

Sjå oversikt over uttaket lenger nede i saka.

Varsla 33 samband i førsteuttaket

Etter to dagar med forhandlingar braut dei tre sjømannsorganisasjonane forhandlingane med NHO Sjøfart 26. april.

No har sjømannsorganisasjonane varsla riksmeklaren om kva samband som vil bli råka av streik dersom dei ikkje blir einige innan fristen natt til laurdag.

Til saman vil 33 ferjesamband i ti fylke bli råka av ein eventuell streik.

I tabellen under ligg ei samla oversikt over kva samband som blir råka dersom dei tre organisasjonane går til streik.

Merk at det er sambanda som blir råka av streiken, så dersom andre fartøy erstattar dei som står i tabellen vil det vere erstatningsfartøya som er omfatta av streiken.

Ein eventuell streik vil gjelde frå klokka 06.00 laurdag morgon.

MS Prinsen

MS "Prinsen" blir tatt ut i streik om ikkje partane kjem til semje i meklinga før laurdag morgon.

Foto: Anders Fehn / NRK

Råkar store samband

Administrerande direktør og forhandlingsleiar for Norsk Sjøoffisersforbund, Hans Sande, seier dei har forsøkt å spreie uttaket slik at ikkje nokon samband blir uretteleg råka.

– Me legg mykje arbeid i å balansere uttaka slik at me ikkje isolerer nokon samfunn, men ein må førebu seg på at det blir litt kø.

Mellom anna vil det bli mange innstilte avgangar på dei store E39-sambanda på Vestlandet.

Både Molde-Vestnes, Anda-Lote, Lavik-Oppedal, Halhjem-Sandvikvåg og Mortavika-Arsvågen vert råka i større og mindre grad.

På Halhjem-Sandvikvåg vil om lag ein tredjedel av avgangane på dagtid gå ut.

Det store sambandet Moss-Horten vil også få mange innstilte avganger.

Streiken vil også råka passasjertrafikken mellom Aker Brygge og Nesodden, og hurtigbåtruta mellom Tromsø og Harstad.

– Det er ikkje noko ønska situasjon, men me er klare for streik, om det er det som må til, seier han.

Det er ikkje tatt ut fartøy som har beredskapsfunksjonar.

Ferja Halhjem-sandvikvåg. Her i Sandvikvåg.

På sambandet Halhjem-Sandvikvåg mellom Bergen og Stavanger vil to av fem ferjer bli tatt ut av drift viss streik.

Foto: Olav Røli / NRK

Lønnsløft og fritid

Det viktigaste kravet for Norsk Sjøoffisersforbund er auka kjøpekraft, seier Sande.

Men i hovudoppgjeret er ikkje berre løn, men heile tariffavtala open for reforhandling.

– Me meiner desse avtalane ikkje speglar dei utfordringane me har på ferjene, med mangel på sjøfolk, godt nok. Det er eit auka press på bemanninga, og det må kompenserast.

Kor sannsynleg er det at de er i streik laurdag?

– Det er vanskeleg å spå. Me har til hensikt å prøve å kome i mål, og har lukkast med mekling før. Me håpar og trur at me finn ei løysing som begge partar kan leve med.

Tillitsvalt for omlag 300 tilsette i Fjord1, Karl Andreas Grinde Pedersen, seier streikeviljen er stor.

– Me ynskjer det same som andre yrkesgrupper, nemleg aukt kjøpekraft. Me er hos Riksmeklaren av ein grunn, seier Grinde Pedersen.

NHO Sjøfart seier i ein kort kommentar torsdag morgon at dei håpar å komma i mål.

– Utover det ynskjer me ikkje å kommentera saka. Me har akkurat starta meklinga, seier Evelyn Blom-Dahl, fagsjef næringspolitikk og kompetanse, til NRK.

Publisert 06.06.2024, kl. 12.22

Read Entire Article