Mishandlingsdømd far vil trekke anken

1 month ago 19



Kom til lagmannsretten med eit grått laken over heile seg. Så bad han om ordet.

 Gustav Kvaal / Rettstegner
KAOTISK: I tingrettsbehandlinga hadde mannen dekka seg til med skjerf og seinare øyreklokker. I lagmannsretten var han dekka til med eit grått laken. Foto: Gustav Kvaal / Rettstegner

Publisert 11.11.2024 09:49 Sist oppdatert nå

TV 2 oppdaterer saka!

Lagdommarane hadde knapt fått setje seg i stolane før den 33 år gamle mannen løfta armen i vêret for å be om ordet.

– Eg vil ikkje vera her. Då kjem eg til å begynne å skrike, sa mannen før tolkane omsette til retten.

Men han er her fordi han har anka dommen han fekk i Hordaland tingrett i vår. 

Der fekk han ni års fengsel i ei sak som skapte politisk jordskjelv i Bergen og opprørte heile Norge

«Tortur»

Den då sju år gamle sonen hans vart funnen hardt skadd og fastbunden til ei seng i leilegheita hans i Bergen sommaren 2022. 

I tre veker vart sjuåringen mishandla, stadig grovare, inne i sentrumsleilegheita.

«Karakteristikken tortur er treffande», skreiv dommarane i Hordaland tingrett i dommen i vår.

Gråtkvalt politi: – Det skjærer i pappahjertet

Mannen erkjente å stå bak mishandlinga, som var grundig dokumentert på hans eigen mobiltelefon. 

Han meinte derimot at han ikkje var tilrekneleg og at han skulle dømmast til tvungent psysisk helsevern.

– Vil trekkje anken

Pressen blei bedne om å ta omsyn og følge saka frå eit eige presserom. Dette for å sikre at tiltalte faktisk vil gi ei forklaring til retten i saka. 

Det ville han nemleg ikkje under tingrettsbehandlinga.

Han kom til Gulating lagmannsrett i ein rullestol og hadde dekka til heile seg med eit grått laken. I fanget hadde han ein pute han klamra seg fast i.

Før retten klarte å gjennomføre standardprosedyre med formalia av dommarar og så vidare, byrja mannen å skrike høgt inne i rettssalen. 

Så høgt blei det at lagdommaren såg seg nøydd til å avbryte saka og be om ein pause allereie om fem minutt.

Den tiltalte blei flytta til eit eige rom. 

Derifrå skal han då ha gitt beskjed om at han vil trekkje anken. Lagdommarane fekk beskjed frå lagmannsrettens sikkerheitssjef.

– Dette kom like overraskande på meg som dykk. Eg må høyre med han om han faktisk vil trekke anken, sa forsvarar Ida Kumrije Rusiti til lagmannsretten.

Lagmannsretten har klokka 09.45 tatt 15 minuttar pause.

Skodespel?

Mannen sin tilstand, og oppførsel, var eit stort tema under tingrettsbehandlinga i vår. 

Også der utagerte han så mykje at han etter nokre dagar blei flytta til eit eige rom.

«Tilgjort anfall» og «simulering», meinte dei rettspsykiatriske sakkunnige.

– Vi er styrka i vår vurdering om at det ikkje er mistanke om psykoseliding hjå han, samanfatta psykologspesialist Ida Øverdal Stafsnes for retten i vår.

Måtte gå av

Mishandlingssaka i Bergen skapte reaksjonar over heile landet. 

I Bergen gjekk byrådet av etter fleire kritiske rapportar frå Statsforvaltaren. Også barnevernsdirektøren gjekk av.

Den fornærma guten kom aleine til Noreg på familiegjenforeining og hadde aldri før budd med faren sin. Han blir i dag ivareteken av barnevernet.

Fleire sentrale politikarar har bedt om at UDI får innført eit varslingssystem.

Read Entire Article