Leidd av Petter Thoresen kan Noreg ta sin aller første VM-medalje når mektige Canada ventar i bronsefinale i dag klokka 15.30.
Men at nettopp Thoresen skulle leie det norske laget var ikkje sjølvsagt:
– Eg blei litt pressa av svigerdotter mi og kona mi, at «nå må du stille opp», seier Petter Thoresen til NRK.
For da tilbodet om å steppe inn som Noreg-trenar kom, var det langt frå gitt at svaret kom til å vere «ja».
– Eg vil at du skal gjere dette, fortel kona Heidi at ho sa til mannen da han ikkje var overtydd.
Ho fortel at ho prøvde å få mannen til å forstå at det var ein grunn til at dei hadde spurt nettopp han.
– Eg veit ikkje korleis han opplevde korleis eg sa det til han, men eg sa: «Dette synest eg du skal gjere. Dette trur eg er bra for deg, og eg trur du kjem til å gjere ein bra jobb», seier ho til NRK.
Var sjuk
Sjur Robert Nilsen blei i september 2025 tilsett som landslagstrenar, men på nyåret fekk 58-åringen ein kreftdiagnose og blei sjukmeld.
Da måtte ein mellombels trenar hentast inn til VM, og for ein Petter Thoresen som allereie var trenar i Storhamar var det fleire faktorar å ta stilling til:
– Eg var ganske sjuk den perioden dette kom opp. Det var første årsak. Ein sjukdom blir ein forhåpentleg betre av, og det såg ikkje eg akkurat da. Eg var ikkje veldig positiv til det, for eg sleit ordentleg.
Trenaren fortel at han på enkelte tidspunkt måtte stå over treningar på grunn av sjukdommen. Da var det godt med støtte på heimebane.
– Dei pusha bra på. I utgangspunktet synest eg det var ein veldig spennande situasjon å bli spurd om det, seier han.
Han trekker fram at det på landslaget var ein yngre gjeng som han «synest det hadde vore artig å få jobbe med».
– Så det var ikkje vanskeleg å seie ja etter kvart, seier han og fortset:
– Men det var sjukdommen og litt push heimanfrå som gjorde at eg ville dette.
«Kven andre»
Landslagssjefen kallar det presset. Familien kallar det «oppmuntring».
– Det var ikkje kniven på strupen, liksom. Men vi oppmuntra han, seier svigerdottera Monica.
– Vi var sånn «kven andre skal dei ta?» og «du kan det jo».
Thoresen var klar på at ansvaret med Storhamar kunne vore nok.
– Eg skjønner jo at når du er trenar for eit lag, og skal prestere med det, så er det ikkje det du vil tenke på. Men vi var der nede ein ettermiddag, og da sa vi «Petter, inst inne har du litt lyst», fortel svigerdottera.
Svaret han da gav skal ikkje ha vore av det negative slaget.
– De sette ballen i gang?
– Ja. Eg trur ikkje han er så lei seg for det nå
– Glad han fekk jobben
Patrick Thoresen anerkjenner at kroppen til faren ikkje spelte heilt på lag, og at landslagsjobben sat langt inne.
– Eg måtte trø til og hjelpe litt, eg prøvde å få «muttar’n» og kona til å pushe litt ekstra. Han er veldig inspirerande.
Thoresen drar fram at faren brenn for hockey, og at han er «på slutten av trenarkarrieren».
– Men han blir trigga av å jobbe med gode, unge norske spelarar. Og så fekk eg litt draghjelp av familien heime, seier Patrick Thoresen.
Fleire av spelarane NRK har prata med kjenner seg sikre på at Thoresen ikkje angrar på valet, etter å ha nådd semifinalen.
– Patrick og Sjur har sett saman ein identitet, så har Petter komme inn og gjort ein veldig, veldig, veldig god jobb og sett sitt preg på det. Det har fungert veldig, veldig bra. Ein er veldig glad for at han fekk jobben, seier Noah Steen.
I finalen kl. 20.00 møtest Sveits og Finland. Bronsefinalen mellom Noreg og Canada kan du høyre og følge her:
Publisert 31.05.2026, kl. 13.05 Oppdatert 31.05.2026, kl. 13.15














English (US)