Mirakelet i Tromsø domkyrkje: No er «folkets favoritt» biskop

12 hours ago 4



– Du spurte meg om eg er redd for noko.

Det er tidleg søndag morgon. Stig Lægdene er på veg inn i Tromsø domkyrkje. Om nokre timar, er han ny biskop i Nord-Hålogaland bispedømme.

Han har sove «brukbart», han har hatt generalprøve, han veit kva som skal skje.

– Eg har vore litt redd for at eg skal gløyme å ha med meg preika mi. Så eg har skrive ut to.

En prest i lilla skjorte holder en sangbok i hånden. Han står i en kirke med trekrusifiks og glassmalerier i bakgrunnen. Omgivelsene gir en høytidelig atmosfære. Bildet illustrerer en religiøs seremoniel. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Endeleg kan Stig Lægdene ta på seg den lilla skjorta som berre biskopar får ha på seg.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB

«Folkets favoritt»

Stig Lægdene er biskopen som ikkje skulle bli biskop. Da nominasjonslista kom i april, sto var han ikkje blant dei fem. Da blei det nærmast ei folkekrav, fortel May Line Angell. Ho er sokneprest i Tromsø.

En person i tradisjonell drakt står foran en bygning med flere mennesker i bakgrunnen. Det ser ut til å være en offentlig samling eller arrangement. Omgivelsene inkluderer en lysverksbygning som er synlig bak personene. Det er kveld, og belysningen fra bygningen gir en varm atmosfære. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

May Line Angell er sokneprest i Tromsø. Ho gjekk saman med fleire andre for å få Stig Lægdene etternominert.

Foto: Gunnar Grindstein / NRK

– Oi, wow, kva har skjedd her?

Det tenkte Angell i april. Ho og kollegaene syntest det var overraskande at Stig, som var vikarierande biskop, ikkje var nominert som biskop. Dei samla seg i ei gruppe for å mobilisere.

Å etternominere har eigne reglar og eigne føringar.

– Hadde vi stått ein halvtime i Storgata i Tromsø, ville vi fått dei hundre underskriftene på ein halvtime, seier ho med eit smil.

Angell opplevde det som eit folkekrav å få han nominert.

– Mange seier «vi er ikkje så glade i kyrkja, men vi liker Stig».

En lang kø med mennesker venter utenfor en butikk i snødekte omgivelser. Flere personer er iført vinterklær, og det er julelys i butikkvinduene. Politibiler og barrieren markerer området. Omgivelsene gir inntrykk av en vinterkveld. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Eit folkehav ventar på å kome inn i Tromsø domkirke.

Foto: Rodmire Larsen / Den norske kirke

Mirakelet

– Han er veldig raus, open og villig til å vere i ein offentleg debatt.

Slik oppsummerer Maja Sojtaric den nye biskopen. Ho er politisk redaktør i regionavisa Nordlys, og kalla valet av Lægdene for eit «mirakel».

Lægdene får ei stor oppgåve i fanget. Han skal vere biskop for eit stort område geografisk.

Her er det 8 prosti, 39 kirkelege fellesråd og 62 sokn. Teologisk sett er det spenn frå dei veldig liberale, til frikyrkjer og læstadianske meinigheiter.

At Lægdene var utelaten frå nominasjonslista, var overraskande for mange. Maja Sojtaric er imponert av det som så skjedde.

– Med dette valet blei også demokratiet i kyrkja synleggjort. Grasrota klarte å mobilisere.

Andre søndag i advent er det dermed berre å opne kyrkjedøra og be inviterte gjestar, biskopar og sjølvaste kong Harald om å ta plass i Tromsø domkyrkje.

– Her kan eg høyre til med mitt liv

Stig Lægdene har vore prest sidan 80-talet. Han har vore innom Bymisjonen, vore prest i Tromsø domkyrkje, kor han mellom anna har invitert til regnbogemesse under pride-festivalen i byen.

Han veit at synspunkta hans blir sett på som liberale. For den nye biskopen er det viktigaste at kirka er open for alle som treng ho.

En religiøs seremoni finner sted, der en prest legger hånden på en persons hode. Flere prester i tradisjonelle klær er til stede, inkludert en med en hvit bispehatt. Omgivelsene har en religiøs atmosfære, med trevegger og lys som stråler. Seremonien virker høytidelig og respektfull. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Handspålegginga er ein viktig del av seremonien.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB

Dei andre biskopane legg handa si på Stig. Han blir klappa inn som ny biskop, til undring blant dei som enda trur at det ikkje er heilt lov med applaus i kirka.

I preika seier han til ei proppfull domkyrkje:

– Eg håpar at eg som biskop vil vere med på å skape rom slik at fleire
menneske kan seie at dette er mi kirke, her kan eg høyre til med mitt liv.

Gudstenesta går mot sin slutt. Utanfor kyrkja står det folk rundt alle politisperringane. Mobiltelefonane er klare til å ta bilde.

Døra går opp, og ut kjem kong Harald saman med Stig Lægdene, og preses Olav Fykse Tveit.

– Heia kongen, ropar nokon.

Men dei fleste klappar.

Dei klappar for Stig.

Tre personer står på trappen utenfor en bygning, kledd i høytidelige drakter. To av dem har på seg prestekapper med religiøse symboler, mens den tredje bærer en dress. De holder hender i en form for seremoni. Bygningen har blå dører og en plakett på veggen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Preses Olav Fykse Tveit, kong Harald og Stig Lægdene smiler til dei frammøtte framfor kirka.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB

Publisert 07.12.2025, kl. 14.07

Read Entire Article