Minst 93 drepne i Nord-Gaza

1 month ago 32



Ein blokk i byen Beit Lahiya i Nord-Gaza er heilt utbomba etter eit israelsk åtak.

Blokka er på fire etasjer, melder nyheitsbyrået Reuters.

– Det er titals døde og titals fordrivne personar budde i dette huset. Huset blei bomba utan forvarsel,sa Ismail Ouaida, eit vitne som hjelpte til med å hente ut kroppar, i ein video delt på sosiale medier.

Det israelske forsvaret undersøkjer åtaket ifølgje AFP.

Ifølgje WHO-talsmann Tarik Jasarevic i Genève er det for få helsepersonell på eit stort tal skadde.

– Dette viser kor vanskeleg det er å gi nokon form for hjelp i nordlege Gaza, sa Jasarevic.

Read Entire Article