Direktøren for byens største sjukehus seier at minst 30 blei drepne då Israel angreip ein strandkafé nær hamna i Gaza by måndag ettermiddag.
70 skal vere skadde, ifølge Mohammad Abu Silmiya.
– Vi behandlar dei på sjukehusgolvet, vi har ingen ledige rom eller senger, seier sjukehusdirektøren til CNN.
Angrepet var retta mot kafeen Al-Baqa, ein kafé ved sjøkanten som har internettilgang, og difor er ein populær møteplass for studentar, journalistar og fleire som jobbar frå heimekontor.
Eit krater ved strandkafeen Al-Baqa.
Foto: OMAR AL-QATTAA / AFP / NTBFoto: Mahmoud Issa / Reuters / NTB
Foto: OMAR AL-QATTAA / AFP / NTB
Al-Baqa er ein populær internettkafé på stranda i Gaza by.
Foto: OMAR AL-QATTAA / AFP / NTB
Mellom anna skal journalisten Bayan Abu Sultan ha blitt skadd i angrepet. Fotojournalisten Ismail Abu Hatab skal ha blitt drepen, skriv CNN.
NRK har vore i kontakt med den israelske hæren, IDF, men ikkje fått svar på spørsmål om angrepet ennå.
Skal diskutere våpenkvile
Angrepet er eitt av fleire mot Gaza det siste døgnet, samstundes som israelske myndigheiter er i samtalar om våpenkvile med Hamas.
Ron Dermer, som leiar forhandlingane med Hamas, skal etter planen møte Trump-administrasjonen i Washington D.C. tysdag morgon.
Søndag gjekk nemleg USAs president ut med krav om ein avtale.
Ein ung mann sørger over to av dei drepne i angrepet mot al-Baqa.
Foto: Mahmoud Issa / Reuters / NTBDagen før skreiv han på sitt eige sosiale medium at Israels statsminister Benjamin Netanyahu jobbar med å forhandle fram ein avtale med Hamas «akkurat no».
– Kjendest som jordskjelv
Samstundes har IDF sendt ut evakueringsordrar for store delar av det nordlege Gaza.
Natt til måndag måtte hundrevis av palestinske familiar flykte frå angrep mot fleire nabolag.
Israelske stridsvogner tok seg inn aust i Gaza by, medan minst fire skular som husa fordrivne palestinarar blei bomba frå lufta, skriv Reuters.
Skulen Yaffa i Tuffah-nabolaget i Gaza by var blant dei som blei angripne natt til måndag.
Foto: OMAR AL-QATTAA / AFP / NTBPalestinske helsemyndigheiter melder om mellom 48 og 60 drepne i Gaza løpet av måndag.
– Eksplosjonane slutta aldri. Det kjendest som jordskjelv, sa eit vitne, 60 år gamle Salah, til Reuters.
– Vi les nyheiter om at våpenkvila nærmar seg, men på bakken ser vi død og høyrer bombing.
Publisert 30.06.2025, kl. 20.05 Oppdatert 30.06.2025, kl. 20.20