Minst 29 omkomne etter brann i nattklubb

1 month ago 15



Nattklubben er for tida stengt på grunn av ramadan, og var under oppussing då det tok til å brenne, skriv nyheitsbyrået AFP.

Klubben ligg i kjellaren i ei 16 etasjar høg bustadblokk.

I tillegg til dei nesten 30 omkomne, er også ein person send til sjukehus med alvorlege skadar, seier guvernør Davut Gül, ifølge BBC.

Guvernøren seier alle ofra er arbeidarar.

Skader på boligblokk etter brann i Istanbul

Brannen har gjort store skader på bustadblokka som ligg over nattklubben.

Foto: Murad Sezer / Reuters

Talet på omkomne har stige gjennom dagen etter kvart som fleire døydde av skadane dei fekk i samband med brannen.

Skal etterforske

Bilete viser at brannen har gjort store skader på bygget. Ifølge kontoret til guvernøren starta brannen i forbindelse med oppussingsarbeidet.

Det er ikkje klart kva som gjorde at det byrja å brenne, men innanriksminister Ali Yerlikaya skriv på sosiale medium at brannen blir etterforska.

Politi ankommer nattklubben der det brant i Istanbul tirsdag

Politiet gjekk tysdag ettermiddag inn i nattklubben for å undersøke brannårsaka.

Foto: Murad Sezer / Reuters

BBC skriv også at Yerlikaya har informert Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan om hendinga.

Fem personar er arresterte på staden i forbindelse hendinga, melder nyheitskanalen NTV, ifølge AFP.

Istanbuls attvalde ordførar Ekrem Imamoglu var tysdag ettermiddag til stades på åstaden for å sjå på skadane og sende kondolansar til dei etterlatne. Etter besøket sa han at det var kontroll på brannen, og at han håpte det ikkje ville bli fleire offer.

Publisert 02.04.2024, kl. 16.43

Read Entire Article