I dag tidleg har ei stor gruppe palestinarar samla seg nærme ein av plassane der det blir delt ut naudhjelp heilt sør på Gazastripa.
Ifølge sivilforsvaret er 24 personar drepne og fleire titals såra.
Det er den omstridde organisasjonen Gaza Humanitarian Foundation (GFH) som stod for utdelinga ved Al-Alam-distriktet i Rafah.
I ei melding på Telegram skriv det israelske forsvaret (IDF) at dei losna skot mot folkemassen etter det dei meinte var mistenkelege bevegelsar.
Dei skriv vidare at dei er klar over rapportane om at personar er såra, og at dei ser nærare på det.
NAUD: Dette bildet er frå 29. mai då palestinarar fekk utdelt naudhjelp frå Gaza Humanitarian Foundation (GHF).
Foto: EYAD BABA / AFP / NTBDet same skjedde søndag
På søndag skaut også IDF mot folkemassane som venta på naudhjelp på Gazastripa.
31 personar blei drepne og 176 personar såra i det same området.
IDF hevda då dei ikkje skaut mot sivile.
FN har bedt om ei uavhengig gransking av hendinga.
Omstridd organisasjon
Det er Gaza Humanitarian Foundation (GHF) som deler ut naudhjelp på Gazastripa. FN og andre organisasjonar er sett på sidelinja.
GHF er støtta av Israel og USA, men fleire hjelpeorganisasjonar meiner organisasjonen arbeider i strid med humanitære prinsipp.
– Dette er den dårlegaste og verste måten å gjere det på. No må vi få lov til å drive normalt profesjonelt hjelpearbeid, også i Gaza, seier generalsekretær i Flyktninghjelpen, Jan Egeland, til NRK.
GHF består nemleg av ei gruppe amerikanske leigesoldatar, også kjent som tryggleikskontraktørar, eksmilitære og hjelpearbeidarar.
Publisert 03.06.2025, kl. 09.05 Oppdatert 03.06.2025, kl. 09.29