Millionar av tonn med stein frå Rogfast endrar noregskartet

1 week ago 5



Midt i havgapet ved innløpet til Boknafjorden i Rogaland ligg den vesle øykommunen Kvitsøy.

Med sine 167 øyer og i underkant av 600 innbyggjarar er dette Noregs minste kommune målt i areal.

En gruppe hus ved vannet (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Når Kvitsøy utvidar landarealet sitt med 130.000 kvadratmeter, kan det bety at kommunen veks seg forbi Utsira på statistikken.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Her har grensene mot havet lenge vore faste, men no er geografien i endring.

For verdas lengste undersjøiske vegtunnel blir no bygd under Boknafjorden, og millionar med kubikk stein må hentast opp frå djupet.

Det meste hamnar i sjøen, som her utanfor Kvitsøy.

En steinhaug ved siden av en vannmasse

Her blir massane tippa i sjøen utanfor Kvitsøy. Kvart lass med stein frå tunneldjupet er med på å flytte kystlinja og gjere kommunen litt større.

Foto: Øystein Otterdal

Og det er ikkje berre på Kvitsøy at grensene no er i endring.

I heile Rogaland blir steinen frå tunnelen brukt til å gjere fylket større.

27 kilometer lang

Nokre veker før NRK er på besøk nede i tunnelen har tv-kanalen CNN vore her. Veka etter skal ein delegasjon frå det amerikanske eliteuniversitetet MIT på studiebesøk.

Det er stor interesse for prosjektet.

Tunnelen, som vil bli verdas lengste og djupaste undersjøiske vegtunnel, er no halvvegs ferdig.

Inne i Rogfast-tunellen. En lastebil står ved tunell-veggen.

Tunnelen under Boknafjorden er no halvvegs ferdig og skal etter planen opne i 2033.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Den 27 kilometer lange, og 392 meter djupe passasjen under Boknafjorden skal etter planen stå ferdig i 2033. Han er venta å korte ned reisetida mellom Stavanger og Bergen med 40 minutt.

Kvitsøy-kontrakten på Rogfast er den mest kompliserte etappen, og skal binde heile prosjektet saman.

Kart over første store byggekontrakt i Rogfast, frå Mekjarvik og ni kilometer nordover i retning av Kvitsøy

Den 27 kilometer lange traseen for Rogfast under Boknafjorden. Innan 2033 skal denne passasjen erstatte ferjesambanda og gjere Kvitsøy landfast.

Foto: Statens vegvesen

– I vekedagane jobbar vi døgnet rundt. I helga er det berre eitt skift på jobb, men det er drift både laurdag og søndag, fortel byggeleiar Robert Lysne Elgåen.

Ein mann i refleksklær står nede i en tunell.

Byggeleiar Robert Lysne Elgåen fortel at det krevst rundt ni lastebilar for å fylle éin lekter med stein.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Det er store tal når Rogfast blir bygd.

Fleire millionar kubikk stein skal sprengast og fraktast ut. Berre her på Kvitsøy er det venta at over 100.000 lastebillass med stein skal køyrast ut av tunnelen.

– Akkurat no er vi tre mann som er her, seier Atle Øen.

En mann i gulgrønne arbeidsklær inne i en diger anleggsmaskin.

Frå førarplassen i ein diger anleggsmaskin gjer bas Atle Øen klart til boring og sprenging ved den inste tunnelveggen.

Foto: Øystein Otterdal

Han er arbeidsleiar, eller såkalla bas, og jobbar med å bore, lade og sprenge ved den inste tunnelveggen på Kvitsøy.

En diger anleggsmaskin med flere lange armer, borer hull i fjellet og gjør klart til sprenging.

Arbeidet i Rogfast-tunnelen går føre seg døgnet rundt i vekedagane.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Steinen blir frakta ut med hjullastar til eit mellomlager, og så blir dei køyrd vidare med semitrailer ut, og tippa i sjøen.

Han anslår at éi sprenging her utgjer rundt 40 lastebillass med stein.

En lastebil blir lassa med stein nede i en tunell

Over 100 000 lastebillass med stein skal køyrast ut av tunnelen berre på Kvitsøy.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Kvar lastebil tar rundt 50 tonn, utdjupar byggeleiar Elgåen.

– Og lekteren som droppar stein, tar rundt 450 tonn. Det vil seie at du må ha rundt ni lastebilar for å fylle éin lekter. Det er slik vi etablerer nytt land.

Kan vere meir spontane

I sentrum av Kvitsøy er det lite som vitnar om det store prosjektet som skjer eit par kilometer unna.

Rose Marie Lilledal, Judith Widding og Ket Pallesen er alle oppvaksne på Kvitsøy. Dei er svært begeistra for prosjektet.

Kvitsøy

Rose Marie Lilledal, Judith Widding og Ket Pallesen ser fram til ein meir spontan kvardag utan ferjetabellar.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Eg trur at det beste blir å sleppe å planleggje så mykje rundt når ein skal reise eller køyre heim. No må vi rette oss etter ferja. Vi kan vere litt meir spontane, og ta ting meir på sparket, seier Lilledal.

– Det kjem to ganske store utfyllingar på øya no. Er de uroa for inngrepa i naturen?

– Vi var litt redde då vi høyrde at dette skulle bli ein realitet. Men ikkje no lenger. Dei har forklart oss så godt, og vist oss korleis det blir, seier Pallesen.

Hvite hus og sjøhus lags en brygge der det ligger fiskebåter.

Idyll langs brygga i Ydstebøhavn på Kvitsøy.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Denne tittelen, Noregs minste kommune, er den av betydning for dykk?

– Ja, det har jo vore litt stas det, då, seier Widding.

– Men det har jo ikkje nokon sånn veldig betyding, held ho fram.

Rogaland veks i havet

Fire kommunar i Rogaland tar no imot stein som er henta opp frå tunneldjupet.

Steinmassane frå Rogfast skal òg brukast til ny hamn på Karmøy, ei ny øy i Bokn og næringsområde på Randaberg.

I Karmsund hamn på Karmøy skal steinmassane brukast til å bygge ei ny hamn med eit areal på 100.000 kvadratmeter. Dette inkluderer mellom anna ei 350 meter lang kai.

Litt lenger sør, i Bokn, er det planlagt ei splitter ny øy utanfor kommunesenteret Føresvik. På øya, som skal vere på rundt 30.000 kvadratmeter, skal det komme nærings- og bustadområde.

  • Det nærmar seg slutten på utfylling av 30 mål nytt nærings- og bustadområde i Føresvik.

    Bokn: 30.000 m²

    Foto: Statens Vegvesen
  • I Mekjarvik har lekteren med tunnel masse starta opp igjen. De bruker båt og lekter opp til kote 10, og om nokon veker kan de starte å fylle frå land mellom de to moloane.

    Mekjarvik: 90.000 m²

    Foto: Statens Vegvesen
  • I Karmsund hamn på Karmøy skal steinmassane brukast til å bygge ei ny hamn med eit areal på 100.000 kvadratmeter.

    Karmsund hamn: 100.000 m²

    Foto: Karmsund Havn

I Mekjarvik på Randaberg er det planlagt næringsområde på 90.000 kvadratmeter. Her har det mellom anna blitt fremma planar om å etablere ei cruisehamn.

En båt i vannet

Steinmassane blir tippa i sjøen med lekter for å skape nye næringsområde.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

På Kvitsøy er det planlagt to utfyllingar, der den eine skal bli til kollektivterminal. Den andre er sett av til næring.

Til saman utgjer dei to fyllingane på Kvitsøy 130.000 kvadratmeter med nytt land.

Samla sett vil desse prosjekta utvide Rogaland med eit areal som svarar til drygt 50 fotballbanar.

En steinete masse med et vann i bakgrunnen. To personer går på massen

– Når entreprenør er ferdig, så vil dei måle inn det nye landet, og det vil jo då bli oversendt i Kartverket. Då vil vi få det offisielle talet, seier byggeleiar Elgåen om utfyllinga.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Er det ein grunn til at all denne steinen som de hentar opp frå tunnelen, ikkje blir brukt til andre formål?

– Delar av steinen, når vi kjem inn i ein betre bergart mot sør, kan brukast til vegbygging. Det vil han nok kanskje bli, seier byggeleiar Elgåen.

Vil sakne ferja

Til alle tider er det rundt 350 arbeidarar i sving her på øya. Det er over halvparten av det totale innbyggjartalet.

– Vi merkar jo at det er fleire kundar, og det er fleire ukjende fjes, seier Camilla Lange, som jobbar ved den lokale Coop-butikken på Kvitsøy.

Kvitsøy

Camilla Lange ved den lokale Coop-butikken merkar at det er fleire kundar på

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Men trass auken i kundar, er ikkje Lange utelukkande positiv til endringa som vil skje når øysamfunnet blir landfast.

– Ein går jo glipp av mykje av det sosiale, seier Lange.

Ferja er på veg inn i hamna på Kvitsøy

Kvitsøy har no bilferjesamband til Mekjarvik, nord for Stavanger.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Sjølv om vi bur på ei lita øy, så opplever vi jo tidsklemma her òg. Men når du kjem på ferja, så treffer du dei du ikkje ville treft i kvardagen. Du kan sette deg ned, og ta ein kopp kaffi. Ungane kan leike saman.

Fryktar ikkje å bli større

Ordførar på Kvitsøy, Kjell Andre Nordbø frå Bygdelista, legg ikkje skjul på at det kjem til å bli ein liten omvelting når øysamfunnet blir landfast.

En liten strand, fiskebåter som ligger fortøyd langs brygger og hvite trehus.

Brorparten av innbyggjarane bur på hovudøya Kvitsøy, dei fleste i kommunesenteret Ydstebøhavn og her i Leiasundet.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Vi må tilpasse oss det på ein eller annan måte. Kanskje er det nokon som opprettar ein «ferjekafé» for dei som vil det. Men møteplassar, det har vi og det vil vi ha framover.

Fryktar du dei store inngrepa i naturen som skjer i samband med bygginga?

– Det går på kostnad av naturen, og dei største inngrepa for naturen vil jo vere sjøfyllingane, som blir næringsareal.

En mann som står foran en båt.

Ordførar Kjell Andre Nordbø meiner sjøfyllingane og dei nye næringsareala er ein nødvendig kompensasjon for dei store naturinngrepa tunnelbygginga fører med seg.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Når ein først har bygd ein tunnel, så skal det komme lokalsamfunnet til gode. Eg hadde vore heilt imot å sende all massen vekk frå Kvitsøy. Når ein held på med eit så stort naturinngrep som ein gjer, så skal vi som kommune òg kunne hauste av det, og vi får eit næringsareal.

Å vere Noregs minste kommune. Er det ein tittel som er viktig for deg?

– Nei.

Publisert 20.05.2026, kl. 09.25

Read Entire Article