I år blir 1,4 milliardar kroner blir utbetalt frå Havbruksfondet til kommunar og fylkeskommunar som driv med oppdrett.
Pengane kjem via det statlege fondet Havbruksfondet, som fordelar kommunane og fylkeskommunane sin del av inntektene frå oppdrettsnæringa.
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss, skriv i ei pressemelding at fondet sikrar at lokalsamfunn som stiller sjøareal til disposisjon for oppdrett får ta del i verdiskaping.
– Pengane gir kommunane større handlingsrom til å investere i velferdstenester og lokal utvikling for innbyggarane.
Kommunane kan velje sjølv korleis dei vil bruke pengane.
Rekordhøg utbetaling i fjor
143 kommunar og 8 fylkeskommunar mottar sin del av utbetalinga innan kort tid.
Til saman har det blitt utbetalt over 6,1 milliardar kroner i 2024 og 2025.
– Eg tenker at det er eit godt prinsipp at dei som stiller areala sine disposisjon også får noko av den verdiskapinga, seier ministeren.
I fjor var det rekordhøg utbetaling frå fondet, med ei utbetaling på 3,7 milliardar kroner.
I år er derimot utbetalinga meir enn halvert.
Årsaka er at utbetalinga i 2025 i hovudsak kjem frå produksjonsavgifta på laks og regnbogeaure. I 2024 fekk i tillegg kommunane ein andel av sal frå nye tillatelser, noko som berre skjer annakvart år.
Villaksen, sjøfuglane og livet i havdjupet lever farleg i lakselandet. Veit vi eigentleg kva som står på spill?
Publisert 10.11.2025, kl. 13.00 Oppdatert 10.11.2025, kl. 13.58













English (US)