Militærkjelder: Israel snart klar til å godta destruksjonsplan

11 hours ago 5



Israel jobbar med ein plan om å sende titusenvis av troppar for a rydde og okkupere store deler av Gazastripa.

Formålet skal vere å legge press på Hamas til å sette fleire fangar fri utan å forhandle fram ein ende på krigen.

En gruppe barn som leker i snøen

Foto: BASHAR TALEB / AFP / NTB

Det kjem fram i ein lekkasje som fleire medium har skrive om, mellom anna CNN og Financial Times. Informasjonen skal ha kome frå ein israelsk tenestemann og éi anna kjelde. Opplysningane er ikkje stadfesta gjennom offisielle kanalar.

Forslaget skal vere utarbeidd av den nye stabssjefen for Israels forsvarsstyrkar, Eyal Zamir, med uoffisiell støtte frå høgreekstreme ministrar.

Men forslaget er enno ikkje godkjent av Israel sitt tryggingskabinett.

en gruppe menn i uniform

Den nye stabssjefen for Israels forsvarsstyrkar blei innsett 5. mars i år. Han er hovudet bak den nye planen.

Foto: MENAHEM KAHANA / AFP

Då Zamir blei innsett for tre veker sidan, sa han at Israel sin misjon om å utrydde Hamas «enno ikkje var ferdig».

Ifølgje fleire personar som blei orienterte om forslaget, har han lenge kravd meir inngripande taktikkar for å kjempe mot Hamas.

Dette er planen

IDF vil dele Gaza inn i kampdivisjonar for å reinvadere og undertrykke Hamas. Det skriv Financial Times.

Dei vil ta kontroll over mesteparten av Gaza og tvinge 2,2 millionar innbyggjarar inn i eit avgrensa området. Dette skal bli kalla ei «humanitære sone» og skal ligge langs kysten mot Middelhavet.

I denne humanitære sona vil Israel vere den einaste som har kontroll på humanitær hjelp som kjem inn og ut, utan at Hamas involverer seg.

Planen går lenger enn å okkupere Gaza. Dei ynskjer å ta kontroll og regjere der, noko som vil minne om den makta Israel hadde på Gazastripa frå 1967 til 2005.

Har brote våpenkvila

Lekkasjen om forslaget kjem etter at Israel allereie har utvida bakkeinvasjonen i Gaza den siste veka.

Dei siste åtte dagane skal 700 palestinarar blitt drepne i israelske luftangrep. Dette skjer etter at det har vore relativt roleg på Gazastripa i to månadar.

en gruppe barn som får mat

Israel si krigføring på Gaza har ført til ei humanitær krise. Her får born mat frå ein hjelpeorganisasjon.

Foto: BASHAR TALEB / AFP / NTB

Israel har stansa all humanitær hjelp til Gaza, som har forverra den humanitære krisa.

Takkar Trump

Samstundes som forslaget om opptrapping på Gaza blei lagt fram, skal kjeldene ha takka den amerikanske presidenten, Donald Trump, for at ei slik opptrapping er mogeleg.

– Den førre administrasjonen ville vi skulle avslutte krigen. Trump vil at vi skal vinne krigen, seier éi av kjeldene.

Den same kjelda skal ha sagt at USA har stor interesse av å slå ned på Hamas også.

Sidan Trump blei innsett som president har han engasjert seg i Gaza-spørsmålet. Han har mellom anna uttrykt ynskje om å fjerne palestinarar frå Gaza og byggje det han kallar «Midtaustens riviera».

Publisert 25.03.2025, kl. 17.49

Read Entire Article